Arbeidsoppgåver og lenkeforslag til HHD nr. 14 2015

Les artikkelen

Har du lest artikkelen godt nok?

Spørsmål til artikkelen

  1. Plasser i riktig tidsrekkefølge: Sovjetunionens fall, den første væpna FN-operasjonen, den første uvæpna, FN-operasjonane i Bosnia, Kosovo og Mali.
  2. Kva vil det seie å operere med FN-mandat?
  3. Kva er ein viktig forskjell mellom ein fredsbevarande og ein fredsskapande FN-styrke?
  4. I artikkelen heiter det at «FN er trua av ei legitimitetskrise». Kva vil det seie?
  5. Gjer greie for korleis talet på og samansetjinga av FN-soldatar har utvikla seg på 2000-talet.
  6. Kva meiner ein med å integrere militære og sivile oppgåver for FN-styrkane?
  7. Kva meiner HIPPO-rapporten med at «heile spekteret av FNs verkemiddel må nyttast for å møte utfordringane på bakken.»
  8. Gjer greie for korleis konfliktlandskapet har endra seg i dei siste tiåra.
  9. Kva for utfordringar møter FN mellom anna i MONUSCO-operasjonen i Kongo?
  10. Diskuter korleis FN-landa kan følge opp rådet i HIPPO-rapporten om å trygge freden etter at krigshandlingane i ein væpna konflikt har stilna.
  11. Gi eksempel på regionale partnarskap etter at Tryggingsrådet har bestemt at ein konflikt skal møtast med ein FN-styrke.
  12. Diskuter grunnar til at FN-styrkar ikkje alltid klarer å leve opp til prinsippet om å vere upartisk.
  13. Gjer greie for mulige grunnar til at Norge på 2000-talet har deltatt langt meir i NATO-operasjonar enn i FN-operasjonar.
  14. Bruk internett til å konkretisere denne setninga i artikkelen: «Erfaringa frå FN-operasjonane i Mosambik, Liberia og Sierra Leone syner at FNs fredsoperasjonar likevel kan gjere ein stor forskjell.»
  15. Diskuter kva som skal til for at FN-operasjonar skal få eit meir realpolitisk preg.

Lenkeforslag til denne artikkelen

Relaterte kompetansemål