Hopp til innhold
NUPI skole

– Det viktigaste USA-valet på ein generasjon

Mange europearar fryktar eit attval av Trump. Men også Harris' prioriteringar kan vise seg å bli krevjande for Europa, ifølgje ein ny NUPI-rapport.
Karsten-cropped-169-med-rapportforside_small.jpg

EUROPA MÅ TA STØRRE DEL: – USA sitt fokus på Asia-Stillehavet er veksande, og dei militære og politiske ressursane avgrensa. Europa må nok belage seg på å ta ein endå større del av den tryggingspolitiske byrda i åra framover, seier NUPI-forsker Karsten Friis.

Foto: Mats Bakken/NUPI

–  Det amerikanske valet i 2024 er utan tvil det viktigaste for europeisk tryggleik på ein generasjon, seier forskar 1 Karsten Friis ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).

Han er ein av forfattarane bak NUPI-rapporten US and UK Elections: Implications for NATO and Northern European Security, som vart publisert denne veka. Medforfattarar er Ed Arnold (Seniorforskar, RUSI) og Max Bergman (Direktør for Program for Europa, Asia og Eurasia, CSIS).

– USA sitt fokus på Asia-Stillehavet er veksande, og dei militære og politiske ressursane avgrensa. Europa må nok belage seg på å ta ein endå større del av den tryggingspolitiske byrda i åra framover, samanfattar Friis.

Viktige poeng i rapporten:

  • Det amerikanske presidentvalet vil få store konsekvensar for framtida til NATO og europeisk tryggleik, med potensial for store forskjellar avhengig av resultatet.
  • Harris vil sannsynlegvis tilby meir kontinuitet med politikken til den noverande Biden-administrasjonen overfor NATO og Ukraina. Europeiske allierte bør likevel vere førebudde på at USA kan komme til å flytte meir ressursar og merksemd til Asia-Stillehavsregionen, gitt Kinas ambisjonar og innverknad.
  • Ein andre periode med Trump vil gi større uvisse og potensielt eit dramatisk skifte i USAs NATO-politikk. Trumps langvarige skepsis til alliansen, og dessutan innverknad frå rådgivarar som deler dette synet, kan føre til at USAs rolle i europeisk tryggleik blir monaleg svekt.
  • Harris har forsikra Europa om sin og USAs forpliktingar overfor europeisk tryggleik. Derfor vil europeiske statar ha få incentiv til å ta dei nødvendige grepa som trengst for å tilpasse seg ein stadig meir usikker tryggingssituasjon.
  • Med Trump i presidentstolen kan europearar oppleve at tryggingsalliansen med USA blir kasta ut i kaos, og dermed bli tvinga til å vurdere vanskelege og ubehagelege steg for å styrkje sin eigen tryggleik.
  • Storbritannias nye Labour-regjering, under statsminister Keir Starmer, har uttrykt ei tilnærming som set "NATO først" og ønskjer å "tilbakestille" forholdet til Europa. Dei gjennomfører ein strategisk forsvarsgjennomgang for å vurdere framtidige tryggingsbehov i lys av det skiftande geopolitiske landskapet. I dette er det amerikanske valresultatet ein avgjerande faktor.
  • Noreg og andre nordiske land må førebu seg på mindre amerikansk militært nærvær i Europa uavhengig av kven som vinn valet. Dette gjer det nødvendig med meir europeisk ansvar for forsvar og tettare samarbeid mellom allierte, inkludert auka forsvarsbudsjett og integrering av militære styrkar.

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Nord-Amerika
  • Konflikt
Relevant innhold
Forskningsprosjekt