Hopp til innhold
NUPI skole

Høyr NUPI på NRK P2!

Måndag - fredag i veke 50 erstatta NUPI «Ekko» i NRK P2. Få med deg ti timar med utanrikspolitiske tema i NRK-appen eller som podkast.
Foto: Kollasj av bilder fra NTB Scanpix
Foto: Kollasj av bilder fra NTB Scanpix

P2-programmet «Ekko» har sendepause, og i det høvet har NUPI invitert med gjester for å dykke ned i EU, FN, klima, verdsøkonomien, Russland, Kina, cyber, populisme og polarisering, Midtøsten og terrorisme og ekstremisme. Straum programma når det passar deg her, eller høyr enkeltepisodar som podkast her.

Måndag 23.11 time 1

Høyr sendinga frå måndag her.

EIT NYTT EUROPA: BLIR NOREG STÅANDE UTANFOR?

Europa er truga frå fleire kantar, og ei fornying for å overleve i ei kaotisk verd trengjer seg fram. Men kva er Noregs rolle i det nye Europa? Vi kan bli ståande utanfor det sterke fellesskapet med skjegget i postkassa. I fyrste timen i denne sendinga ser vi nærmare på ein ny europeisk solidaritet og suverenitet, og vi skal diskutere kva ein ny president i USA kan ha å seie for transatlantiske relasjonar. Vil Joe Biden kunne få det skrantne forholdet mellom Europa og Nord-Amerika på rett kjøl? Vi får også svar på kvifor vi skil innanriks- og utanrikspolitikk. 
Ekspertpanelet denne timen består av seniorforskar i NUPI, Halvard Leira, NUPI-direktør Ulf Sverdrup, journalist og forfattar Tove Gravdal og professor og forskar Marianne Riddervold frå Høgskolen Innlandet og NUPI

Høyr denne timen som podkast-episode her:

Programleiar: Therese Leine, kommunikasjonsrådgivar i NUPI

Deltakarar: Halvard Leira, seniorforskar, NUPI; Ulf Sverdrup, direktør, NUPI; Tove Gravdal, journalist og forfattar; Marianne Riddervold, professor og forskar, Høgskolen Innlandet og NUPI

Måndag 23.11 time 2

NOREG I TRYGGINGSRÅDET: EIN CATWALK I INTERNASJONAL POLITIKK?

Mange jubla då den norske valkampanjen i FN gav Noreg ein plass i Tryggingsrådet. I januar er det turen vår - for femte gong - til å ta plass rundt hesteskobordet i FN-bygningen. Men kva er eigentleg poenget? Kvifor ville regjeringa og kronprinsen så gjerne at vi skulle få den plassen? Skal vi berre flotte oss på den internasjonalen scena eller får vi faktisk gjort noko? Vi skal også gjennomføre eit tankeeksprement: Kva skjer om vetomaktene i Tryggingsrådet blir fråtekne vetoretten? Alle desse svara får du frå NUPI-forskarane Kari Osland, Niels Nagelhus Schia og journalist og forfattar Tove Gravdal. Ann-Kristin Kvilekval frå Politihøgskolen kjem også for å fortelje om då ho blei send på FN-oppdrag aleine i jungelen til eit land ho ikkje visste kvar låg på kartet. Ho skal også forklare kvifor det er så viktig at kvinner er ein del av FN sine fredsoperasjonar.

Høyr denne timen som podkast-episode her:

Programleiar: Therese Leine, kommunikasjonsrådgivar i NUPI

Deltakarar: Kari Osland, seniorforskar, NUPI, Niels Nagelhus Schia, seniorforskar, NUPI; politioverbetjent Ann-Kristin Kvilekval, fagleg ansvarleg for internasjonal krisehandtering, Politihøgskolen, Tove Gravdal, journalist og forfattar.

Tysdag 24.11 time 1

Høyr sendinga frå tysdag her.

VERDA MOT KLIMAENDRINGANE: KVA NO?

Kvifor er klimapolitikk så sårbart for politiske endringar? Kor ambisiøs er eigentleg USA sin nye president, Joe Bidens, grøne plan? Og kva må til for at han skal lukkast? I denne sendinga dykkar vi fyrst ned i klimapolitikk og USA med NUPI-forskar Guri Bang. Vi snakkar også med NORCAP-direktør Benedicte Giæver, som fortel om kva konkrete tiltak som er heilt nødvendige for at bønder og andre som lever i det utsette Sahel-beltet i Afrika skal kunne møte klimaendringane sine konsekvensar. Leiar for dei norske klimaforhandlingane, Henrik Hallgrim Eriksen, fortel kva dei største utfordringane er rundt forhandlingsbordet. Og vi spør NUPI-forskar Hans Jørgen Gåsemyr: Er Kina eigentleg ei klimastjerne, eller verst i klassa?

Høyr denne timen som podkast-episode her:

Programleiar: Ane Teksum Isbrekken, kommunikasjonsrådgivar, NUPI

Deltakarar: Guri Bang, forskar 1, NUPI; Benedicte Giæver, direktør, NORCAP; Hans Jørgen Gåsemyr, seniorforskar, NUPI; Henrik Hallgrim Eriksen, Forhandlingsleder for dei internasjonale klimaforhandlingane

Tysdag 24.11 time 2

STATUS PÅ VERDSØKONOMIEN OG HANDEL SOM POLITISK VÅPEN

Andre del av sendinga tek tempen på verdsøkonomien. Kor mykje skade har Trump eigentleg gjort? Kva vil Biden måtte rydje opp i? NUPI-forskarane Arne Melchior og Hege Medin hjelper oss med å forstå hovudutfordringane internasjonal økonomi står overfor i dag, og UIO-professor Bård Harstad teiknar opp dei problematiske sidene ved MERCOSUR-avtalen for oss, når vi spør: Kan og bør handel brukast som politisk våpen?

Høyr denne timen som podkast-episode her:

Programleiar: Ane Teksum Isbrekken, kommunikasjonsrådgivar, NUPI

Deltakarar: Arne Melchior, seniorforskar, NUPI; Hege Medin, seniorforskar, NUPI; Bård Harstad, professor, UIO

Onsdag 25.11 time 1

Høyr sendinga frå onsdag her

STORMAKTENE I AUST, DEL 1 - RUSSLAND

Korleis ser nasjonalisme ut på russisk? Kva er det Russland speler på, når dei speler på at dei er annleis enn Vesten? Kva er det som driv russisk utanrikspolitikk? Korleis forhold dei tidlegare sovjetrepublikkane seg til Russland i dag? Og korleis forhold vi i Noreg oss til Russland, og omvendt - og i kva grad er haldningane problematiske? I den fyrste delen av denne sendinga tek vi temperaturen på russisk innanriks- og utanrikspolitikk med NUPI-forskarane Helge Blakkisrud og Julie Wilhelmsen, og sveiper innom nokre av dei tidlegare sovjetrepublikkane saman med forfattar Erika Fatland.

Høyr denne timen som podkast-episode her:

Programleiar: Ane Teksum Isbrekken, kommunikasjonsrådgivar, NUPI

Deltakarar: Helge Blakkisrud, seniorforskar, NUPI; Julie Wilhelmsen, seniorforskar, NUPI; Erika Fatland, forfattar

Onsdag 25.11 time 2

STORMAKTENE I AUST, DEL 2 - KINA

Har vi eigentleg noko å frykte frå Kina? Kven er eigentleg landets president, Xi Jinping? Og er det, slik somme forfattarar har hevda, ein reell fare for krig når ei stormakt veks og pressar ein annan - i dette tilfellet USA? I denne sendinga møter du NUPI-forskarane Henrik Stålhane Hiim og Morten Skumsrud Andersen, og forfattar og Morgenbladet-redaktør Sun Heidi Sæbø, som gav ut bok om Kina og president Xi Jinping i fjor.

Høyr denne timen som podkast-episode her:

Programleiar: Ane Teksum Isbrekken, kommunikasjonsrådgivar, NUPI

Deltakarar: Henrik Stålhane Hiim, seniorforskar, NUPI; Morten Skumsrud Andersen, seniorforskar, NUPI; Sun Heidi Sæbø, forfattar og Morgenbladet-redaktør.

Torsdag 26.11 time 1

Høyr heile sendinga frå torsdag her.

TRUSSELEN FRÅ TEKNOLOGIEN - KORLEIS VERE TRYGG I CYBERSPACE?

Når tusenvis av tjuvar kjenner på dørhandtaket din kvar dag: Korleis passe på at dei ikkje går inn? Firma baserte i demokratiske land sel overvakingsteknologi til autoritære regime - bør vi gjere noko med det? Og kva var eigentleg grunnen til at utanriksminister Ine Eriksen Søreide hausten 2020 valde å peike ein svært offentleg finger mot Russland etter datainnbrotet på Stortinget? I den fyrste timen av denne sendinga ser vi nærmare på desse spørsmåla saman med NUPI-forskarane Karsten Friis og Lars Gjesvik, Håkon Bergsjø frå Nasjonal Skkerhetsmyndighet (NSM) og Dan Vigeland frå KnowIt.

Høyr denne timen som podkast-episode her:

Programleiar: Ane Teksum Isbrekken, kommunikasjonsrådgivar, NUPI

Deltakarar: Karsten Friis, seniorforskar, NUPI; Lars Gjesvik, doktorgradsstipendiat og forskar, NUPI; Håkon Bergsjø, NSM; Dan Vigeland, direktør for innovasjon og strategi i KnowIt

Torsdag 26.11 time 2

POPULISME OG POLARISERING: KVEN, KVA, KVIFOR?

Er polarisering og populisme alltid eit problem? Kva driv populisme og polarisering fram? Og kvifor ser vi så mykje av det no om dagen? Det er blant spørsmåla vi stiller til ekspertpanelet i denne delen av sendinga, som består av NUPI-forskar Stein Sundstøl Eriksen, forskingssjef på NUPI Ole Jacob Sending og forskar Cathrine Thorleifsson frå UiOs Senter for ekstremismeforsking.
Programleiar: Ane Teksum Isbrekken, kommunikasjonsrådgivar, NUPI.

Høyr denne timen som podkast-episode her:

Proglemleiar: Ane Teksum Isbrekken

Deltakarar: Stein Sundstøl Eriksen, seniorforskar, NUPI; Ole Jacob Sending, forskingssjef, NUPI; Cathrine Thorleifsson, forskar, Senter for ekstremismeforsking, UIO

Fredag 27.11 time 1

Høyr heile sendinga frå fredag her.

MIDTØSTEN OG DEN ARABISKE VÅREN

Det er no ti år sidan den tunisiske grønsakshandlaren Mohammed Bouazizi tente på seg sjølv og døde i protest mot styresmaktene. Mange kjende seg igjen i Bouazizis livssituasjon, og etter kvart spreidde opprøret seg over landegrensene og velta ut i Midtøsten. Men ti år etter den arabiske våren, er det klart at langt frå alle drømane som dreiv den, har blitt oppfylt. Vi snakkar med ein som voks opp og kjende på kroppen, kva krefter som låg bak demonstrasjonane i Syria, med Sidsel Wold som stod midt i dei håpefulle og blodige protestane, og to av Noregs fremste Midtøsten-forskarar. Dei teiknar eit bilete av kva Midtøsten var før og korleis det ser ut i dag, før dei freistar å sjå litt inn i framtida: Vil det kome ein ny vår i Midtøsten.

Høyr denne timen som podkastepisode her:


Programleiar: Rikke Agerup, kommunikasjonsrådgivar, NUPI

Deltakarar: Sverre Lodgaard, seniorforskar og tidlegare direktør i NUPI, Kjetil Selvik, seniorforskar, NUPI, Zeina Bali, dagleg leiar, SPACE og frå Syria, Sidsel Wold, journalist, NRK.

Fredag 27.11 time 2

KVIFOR TERROR OG EKSTREMISME?
Kva gjer at somme blir terroristar og andre ikkje? Korleis starta Al-Qaida, og korleis klarte IS å etablere eit kalifat med ein million innbyggjarar? På europeisk jord, er det særleg Frankrike som igjen og igjen blir utsett for bestialske angrep - kvifor? Vi snakkar med ein journalist og forskarar på ekstremisme og terror, som forklarer og analyserer terrorbiletet i vår tid, og freistar å sjå inn i krystallkula: Blir det meir eller mindre terror framover?

Programleiar: Rikke Agerup, kommunikasjonsrådgivar, NUPI

Høyr denne timen som podkastepisode her:


Deltakarar: Morten Bøås, seniorforskar, NUPI, Anne Likuski, historikar og terrorforskar, FFI, Elin Sørsdahl, journalist, TV 2, Pernille Rieker, Forsker, NUPI, Petter Nesser, seniorforskar, FFI.

Alle programma vart produsert av Millimedia for NRK P2.

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Cyber
  • Etterretning
  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Handel
  • Internasjonale investeringer
  • Globalisering
  • Regional integrasjon
  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Afrika
  • Asia
  • Nord-Amerika
  • Sør- og Mellom-Amerika
  • Fredsoperasjoner
  • Humanitære spørsmål
  • Konflikt
  • Sårbare stater
  • Migrasjon
  • Nasjonalisme
  • Opprørsgrupper
  • Pandemier
  • Klima
  • Energi
  • Hav
  • Styring
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
  • FN