Hopp til innhold

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 8 2010

title

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 8 2010

short_description

related_quiz

questions

tasks

  1. Kva står åra 1918, 1962, 1967, 1990 og 1994 for i Jemens historie?
  2. Kva meiner ein med eit imamat?
  3. Hva land har vore kolonimakt i respektive Nord- og Sør-Jemen?
  4. Kva meiner ein med separatist?
  5. Gjør greie for sentrale konfliktar i Jemen. Korleis blir desse konfliktane forsterka av andre forhold i landet?
  6. Gjør greie for skilnader mellom Nord- og Sør-Jemen i åra 1970–1990.
  7. Gjør greie for politiske og religiøse kjenneteikn ved houtistane?
  8. Korleis er houtistane og al-Qaida ideologisk forskjellige? Korfor er det vanskeleg å sjå for seg ein allianse mellom houtistane og al-Qaida?
  9. Gjør greie for korleis konflikten i Jemen er påverka av konfliktar i landa rundt.
  10. Gjør greie for korleis gamle motsetnader blir forsterka av nyare utfordringar som Jemen står overfor.
  11. Kor lenge har president Saleh leia ein stat?
  12. Drøft korleis Jemens fortid som koloni har verknader også i dag.
  13. Drøft kor sterkt al-Qaida står i Jemen.
  14. Diskuter påstanden: «Det kan komme til å verke mot sin hensikt dersom USA og Vesten går sterkt inn med militær støtte til regimet til president Saleh.»
  15. Diskuter påstanden: «For å nedkjempe terrorisme er det viktig at Vesten gir Saleh-regimet all den militære støtten det treng.»
  16. Diskuter påstanden: «Utan al-Qaida ville det ikkje ha vore noe væpna opprør i Jemen.»
  17. Forholdet mellom Norge og Jemen har vore “ein varm potet” for dei to landa dei siste par åra. Korfor er det blitt slik?

tags

tags_migration