Hopp til innhold

Konflikt eller samarbeid om vatn? (2 av 2)

Kva er skort på vatn for den enkelte − kor få liter må til for at ein kan tale om skort på vatn? Ein som bur i eit område rikt på nedbør, vil truleg ha heilt andre oppfatningar om kva skort på vatn er, enn ein som bur i eit område med lite nedbør. På samme måte vil folk i i-land ha andre førestillingar om skort enn folk i u-land, og ein som bur i by eit anna syn enn ein som bur på landsbygda.

Personer

Ivar Windheim
Tidligere ansatt
  • Kva forstår vi med skort på vatn?
  • Kva har det å seie at vatn er ein ressurs som kryssar landegrenser?
  • Kva kan bli gjort for å motverke skorten på vatn?
  • Kva er meint med meir effektiv bruk av vatn?

Kva er skort på vatn?

I FN-samanheng er det vanleg å tale om vasstress når den årlege tilgangen på vatn fell under 1700 m3 per person. Skort på vatn vil det vere når den årlege tilgangen fell under 1000 m3 per person. FN-tal tilseier at i 2025 vil i beste fall om lag 50 land oppleve vasstress og skort – om lag 3 milliardar menneske. Talet kan også bli mye høgare. Eit menneske manglar tilgang på reint vatn når det (innanfor ein radius på ein kilometer) ikkje kan hente seg minst 20 liter reint vatn.

Tilgang på vatn blir også påverka av andre klimatiske forhold enn nedbørmengde. I varme, tørre område drikk atmosfæren meir vatn (større fordamping) enn i kalde, fuktige område. Tilgangen på vatn varierer med år og årstider: Noen år og månader er det godt med nedbør og overskot på vatn, i andre er det skort.

Vassituasjonen (mengde og kvalitet på vatn) representerer ein materiell barriere eller ei fysisk grense for lands utvikling, fordi utvikling og økonomisk vekst krev auka forbruk av vatn. Ein kan spørre om for eksempel Kina noen gong kan nå Canadas utviklingsnivå. Canada og Kina er om lag jamstore i flateinnhald og har nær same mengd nedbør, både totalt og per arealeining. Den kinesiske befolkninga er imidlertid 40 gonger større. Ein kinesar disponerer dermed bare ein brøkdel av det vatnet ein kanadiar kan bruke. Den store forskjellen gir sjølvsagt bare ein peikepinn – ulik avstand mellom bosetting og vasskjelde vil minske forskjellen. Kor godt eller dårleg rusta er vassfattige Jordan til å bli eit i-land?

Vatn - rikeleg og flyktig

Kart over Nilvassdraget

Kjelde: Human Development Report 2006

Tilgang på vatn er eit fysisk spørsmål, men også eit teknologisk, økonomisk og politisk spørsmål. For statar er det vanleg å tale om to typar vassressursar:

  • Eksterne: vatn som kjem inn i eit land via elver og grunnvassreservoar frå andre land. 39 land får meir enn halvdelen av vatnet sitt utanfrå; 15 av dei meir enn 75 prosent.
  • Interne: vatn som kjem frå den nedbøren som fell innanfor eit lands grenser, eller grunnvatn som ligg heilt innanfor eit land.

Når det gjeld elver, taler vi også om oppstraums- og nedstraumsstatar. Ein stat oppe i eit elveløp kan sitte med mye makt over ein (eller fleire) stat nedanfor. Eit oppstraumsland er med på å bestemme kor mye og kor godt vatn eit nedstraumsland vil ha tilgjengeleg – og når det er tilgjengeleg. Dessutan kan ein stat vere både oppstraums- og nedstraumsstat − Sudan er til dømes oppstraums i forhold til Egypt, men nedstraums sett i forhold til Etiopia.

Både av politiske, geologiske og hydrologiske årsaker kan menneska i eit land som regel bare utnytte ein liten del av dei vassressursane som til eikvar tid er å finne innanfor  grensene til dette landet. Det avgjørande er ikkje mengda ferskvatn på jorda, men tempoet som ferskvatn blir fornya med i det hydrologiske kretsløpet – vatnets kretsløp.

På lang sikt er vatn ein fornybar ressurs. Nedbøren søkk ned i jorda eller blir samla opp i elver, bekkar og innsjøar og returnerer til havet igjen eller til atmosfæren. Vatnet kan ikkje over lengre tid forbrukast meir eller raskare enn kretsløpet produserer det. Grunnvatn tar det særleg lang tid å fornye.

Noen ekspertar hevdar at den øvre grensa for verdas tilgjengelege vassressursar i praksis ligg mellom 9 000 og 14 000 km3 per år. Og sjølv dette talet må reduserast fordi ein stor del av vatnet går med til å oppretthalde naturlege økosystem i kystsoner, sumplandskap, våtmarker osv.

Om prosenten ferskvatn er beskjeden, er det viktig å understreke at mengda vatn likevel er stor nok til både 8 og 10 milliardar menneske. Problemet er at vatnet ikkje er likt fordelt og at befolknings- og nedbørkonsentrasjonar ikkje fell saman. Totaltala har derfor lita praktisk betydning. Det er tilgangen på vatn lokalt som tel. Og der speler ikkje bare teknisk-naturvitskaplege forhold inn. Det gjør også maktforhold og sosial fordeling.

Nær halvdelen av alt ferskvatnet i verda ligg i internasjonale elvebasseng (vassdrag). Ca 40 prosent av befolkninga i verda lever ved vassdrag som er felles for to eller fleire statar. Og 261 elver blir rekna som internasjonale, 60 av dei i Afrika. I Europa bidreg nedbør over 17 land til vatnet i elva Donau! 5 elvebasseng – Kongo, Niger, Nilen (blir Sudan delt?), Rhinen og Zambezi – blir delte av 9–11 land. Avtalane for å forvalte dei på ein god måte er færrast og minst robuste i u-land. Desse landa er dermed meir utsette for strid om vatn.

Ein av dei eldste mellomstatlege avtalane om vatn gjeld fordelinga av nilvatn; men den  omfattar for eksempel bare to av ti land i elvevassdraget; Egypt og Sudan. Samtidig skjer det i mange område storstilt vasskraftutbygging utan tilstrekkeleg tanke på behovet for planar og avtalar som omfattar heile vassdrag.

Det finst mange eksempel på at eit land har fått sine eksterne vassressursar dramatisk reduserte – at vasskrana så å seie blir skrudd til utanfrå. Eit oppstraumsland kan ha bygd ei demning i ei elv eller pumpa opp vatn frå felles grunnvassreservoar, innsjøar osv. Det same skillet mellom eksterne og interne ressursar kan trekkast regionalt og lokalt i samme land.

Ulike brukarinteresser påverkar også tilgangen på vatn i kvart enkelt land. Vasskraftanlegg står mot anlegg for vatn til irrigasjon; vatn til byane må konkurrere med vatn til jordbruket; rafting står mot produksjon av elektrisk kraft; utslepp mot drikkevatn  osv. På den eine sida kan det samme vatnet bli brukt til mange ulike og innimellom motstridande føremål. På den andre sida vil dei mange brukarinteressene motverke ein mest mulig fornuftig utnytting av vatnet frå eit fysisk synspunkt. Å finne ein god balanse mellom effektivitet og rettferd er derfor viktig i forvaltninga av vatn.

Presset på vatnet aukar. Fordelinga og forvaltninga av eksisterande vassressursar har derfor komme i sentrum på ein annan og meir dramatisk måte enn tidlegare og for første gong på globalt nivå.

Kamp om vatn - det blå gullet

Historia om vatn har lenge inneheldt både konflikt og samarbeid. At det er knapt med vatn i delar av verda, bidreg til konkurranse og strid om vatn. Slik strid finn vi både

  • mellom statar og
  • mellom samfunns- og brukargrupper innanfor statar – mest det siste. Og som vi veit: Dei aller fleste krigar i dag er borgarkrigar.

Konkurranse om vatnet ber i seg eit potensial for konflikt, men også for samarbeid om å gjøre det beste ut av ein situasjon der ein livsviktig ressurs blir knappare og knappare. FN reknar i dag med 300 potensielle konfliktar om vatn verda over.  I område med stor spenning frå før kan konflikt om stadig knappare vassressursar bli dråpen som får begeret til å renne over – og ende i open konflikt. Mellom 1965 og 2005 blei det rapportert om 37 tilfelle av maktbruk mellom statar pga. vatn – oftast mindre episodar. Samtidig blei meir enn 200 avtalar om vatn underteikna.

Ein del krigar og konfliktar har hatt strid om vatn som eit – av fleire – element. Vatn er knapt einaste årsak til ein konflikt. Konflikten mellom India og Pakistan har vore nær knytt til fordelinga av Indus-vatnet, særleg til sideelver. Det omstridde området Kashmir er vasstårn for mye av vatnet i området. Eit til no godt samarbeid om vatnet synest å vere under press med Indias planar om å bygge eit kraftverk på vassressursane. Krigen mellom Iran og Irak (1980–1988) starta om usemje om bruken av Shatt al-Arab – det felles utløpet for elvene Eufrat og Tigris.

Konfliktane mellom Syria, Jordan, Libanon og Israel har strid om Jordan- og Litani-vatnet som eit viktig element. Kva betyr det for desse konfliktane at grunnvatnet Israel er så avhengig av, for ein stor del kjem frå regn som fell over område utanfor Israel?

Kart over Midtøsten med områder og vannkilder

Oppstraumslandet Tyrkia har gjennom meir enn 20 år bygd det store anatoliske prosjektet sitt på elvene Eufrat og Tigris, som Tyrkia no sit med vasskrana til. Målet har vore å gjøre Tyrkia til korn- og grønnsakkammer for Midtausten og skaffe seg meir elektrisk kraft. Tross avtalar om fordelinga av vatnet har bygginga av dei mange dammane ført til mye mindre vatn for nedstraumsstatane Syria og Irak. Det har skapt store problem for jordbruket der, og ikkje minst: stor spenning mellom desse landa. Har eit oppstraumsland rett til heilt etter eige hovud å forvalte delte ressursar som det vil?

I Jemen har det fleire gonger komme til våpenbruk mellom ulike stammer og landsbyar om bruken av vatn. Storstilt produksjon av khat (plante som blir brukt som rusmiddel) bidreg sterkt til skorten på vatn, ein skort som blir meir og meir trugande. Så mye som 90 prosent av ferskvatnet går til jordbruk, og av dette nær halvdelen til å produsere khat. Hovudstaden og storbyen Sanaa står faktisk i fare for å gå tom for vatn før 2020. Langt dei fleste konfliktane i landet er knytte til vatn. Mellom anna i India og i Pakistan har det komme til indre strid mellom grupper om vatn – og titals drepte.

Kva kan bli gjort?

Historisk har lokal og regional skort på vatn gitt støtet til utrulege byggverk og storslåtte visjonar både for å utnytte vatnet og til å temme det (flaumregulere). I det vestlege USA og i Kina har ein makta å overføre vatn over store avstandar frå eitt vassdrag til eit anna. I Sør-Kina fell det 2–4 gonger meir nedbør enn i nord. I Libya fører the Great Manmade River grunnvatn frå langt sør i landet til dei folkerike områda i nord, ved Middelhavet.

Å auke uttaket av grunnvatn har vore ein annan måte å møte vassproblem på. Dette er kjent alt frå dei første byane oppsto. Tappinga av grunnvassressursar har imidlertid skote eksplosiv fart dei siste tiåra. Grunnvassnivået søkk derfor faretrugande sterkt i mange land – altså langt meir enn tilsiget. Dermed må folk bore stadig djupare etter vatnet. Likeeins: I fleire elver når elvevatnet i lange periodar aldri utløpet fordi vatnet er brukt opp lenger oppe. Coloradoelva som renn frå USA, gjennom Mexico og ut i Mexicogolfen er eitt døme. Amu Daria og Syr Daria i Sentral-Asia er andre.

Mange leiter etter nye vassressursar. Ny teknologi har gjort det enklare å bore djupare og pumpe opp vatn frå grunnvassreservoar. I delar av det vestlege USA har grunnvatnet sokke med fleire titals meter på noen tiår. Beijings framtid blir truga av at grunnvassnivået i området søkk faretrugande fort – 10 meter bare dei siste 10 åra. Byar vil visseleg miste eksistensgrunnlaget om bare noen tiår fordi dei ikkje har vatn nok til befolkninga og eit fungerande bysamfunn. Ja, byar sjølve søkk for kvart år.

Søylediagram som viser at de som bor sør for Sahara, har mer tilgang til vann jo rikere de er

Kjelde: who.org

Avsalting av havvatn. Mange planar er laga, men fortsatt er kostnadene høge. Metoden framskaffar 3–4 prosent av det drikkevatnet som blir brukt i verda, eller 0,34 prosent av all bruk av vatn. Stort sett er denne teknologien avgrensa til dei kapital- og oljerike statane i Midtausten, Australia og Japan.
Kjøpe. Ei anna form for jakt på nye vassressursar ser vi når noen land med lite vatn – som Kina og Saudi-Arabia – kjøper seg rett til å produsere matvarer i Afrika og dermed også rett til vatnet deira. Dei bringar altså produksjonen dit det finst rikeleg med vatn. Om Saudi-Arabia skulle halde fram med å overforbruke dei store grunnvassreservane sine på same måte som i dag (85 prosent av forbruket av vatn går til irrigasjon), vil landet gå tomt for vatn innan 30 år. Derfor vel dei å lokalisere produksjonen til land med meir vatn.

Vi ser også storstilte planar om gå andre vegen – å transportere ferskvatn frå vassrike til vassfattige land – til dømes frå Alaska til Midtausten. Men kor mange land har pengar til å kjøpe seg slikt vatn? Dessutan: Er dette økonomisk og økologisk berekraftig?

Dempe etterspurnaden - forvalte vatnet betre

Meir effektiv teknologi. Mengda vatn i verda er gitt, og menneska i delar av verda overforbruker allereie vatnet sitt. Løysinga på vassproblema er derfor ikkje så mye eit spørsmål om å auke tilgangen som å gjøre noe med måten vi bruker vatnet på. Eit teknologisk framsteg kan stå bak det å bruke vatnet meir effektivt – produsere meir med mindre bruk av vatn.

Eitt delsvar kan ligge i den sektoren som bruker mest vatn, nemleg jordbruket. Med drypp- eller dråpeteknologi i irrigasjonsjordbruket blir plantar tilført akkurat den mengda vatn dei kan gjøre seg nytte av, og lite går til spille. Med terrassedyrking av ris kan ein også få mye meir ris igjen for ei gitt mengd vatn. Betre rør for transport av vatn og avløp og utskifting av gamle rør er andre måtar å avhjelpe skorten på vatn.

Mange vil seie at den enkelte må endre haldning og bli meir bevisst på vassforbruket sitt, særleg gjeld det folk i tørre område. Dusje kortare tid (og dermed også spare energi), bruke mindre vatn til vasking og ikkje la vatnet renne unødig er mellom slike tiltak.

Noen land importerer vatn ved at dei bruker opp fellesressursar utan at nabolanda har politisk eller militær tyngde til å stoppe dei. Egypt er for eksempel heilt avhengig av ein ressurs som renn gjennom ni oppstraumsstatar (snart 10). Som tidlegare utanriksminister i Egypt og generalsekretær i FN, Boutros-Ghali, sa i 1989: «Egypts nasjonale tryggleik ligg i hendene til dei ni andre afrikanske statane i Nilvassdraget».

Prising av vatn. Ein strategi som har vore mye i vinden ei tid, ikkje minst etter påtrykk frå Verdsbanken, er at leverandørar – offentlege eller private – skal ta seg betalt for vatn i større omfang enn før. Tanken er at folk vil vere meir varsame med bruken når vatn kostar pengar. Sidan alle må ha ei viss mengd vatn for å overleve, er det likevel vanskeleg å prise vatn på linje med andre varer. Korleis skal ein da prise vatnet slik at alle kan få til sine grunnleggande behov utan å måtte betale store delar av inntekta si på vatn? Kan ein nytte eit toprissystem der eit mindre basisforbruk blir levert til ein overkommeleg pris? I Bolivia og ei rad andre land har folk gjort opprør mot det dei ser som urettferdige prisar på vatn. Er det rimeleg at ein slumbuar utan tilgang til rørvatn skal betale 5–10 gonger meir per liter vatn enn ein som har slik tilgang?

Overgang til mindre vasskrevjande produksjon i tørre område. Vi har foran omtalt virtuelt vatn. Ein strategi for å komme ut av ein situasjon med skort på vatn kan vere å legge om til meir bruk av virtuelt vatn i eit tørt land. Det vil seie å legge produksjonen i landet om til mindre vasskrevjande produksjon og heller importere dei mest vasskrevjande produkta.  Men da vil spørsmålet melde seg: Er det mulig å produsere bomull andre stader enn i tørre område? Bør Israel produsere mindre av appelsinar som krev mye vatn, og heller bruke sine knappe vassressursar til andre produkt?

Sider som gjelder når man skal forvalte vann

Rapportar og  prognosar syner at verda treng ei betre forvaltning av det blå gullet – av vassressursane. Her kjem arbeid for å få i stand og overhalde internasjonale avtalar om felles vassressursar inn. Det samme gjør arbeid innanfor land med å omfordele vatn mellom brukarar og sektorar. Ofte kan det bety å måtte utfordre rådande maktforhold.

Dei to artiklane om vatn, HHD 13 og 14, har henta noen tekstbrokkar frå to tidlegare utgåver om vatn (1997), begge skrivne av Terje Tvedt (professor ved Universitetet i Bergen) og med tillating frå han til å bruke stoffet på denne måten.

Temaer

  • Humanitære spørsmål

Personer

Ivar Windheim
Tidligere ansatt