
Hvor hender det?
nr. 1 2011
Vatn – livsviktig og strategisk ressurs (1 av 2)
08 januar 2011Frå mange kantar lyder det: Kampen om stadig knappare ressursar vil spisse seg til. Energi, mat og vatn står i fremste rekke mellom desse ressursane – ofte også omtalt som strategiske ressursar. Av dei tre ressursane er vatn den vi minst kan klare oss utan. Eit menneske kan ikkje leve utan vatn i meir enn noen få dagar. I delar av verda blir skorten på vatn tydelegare og tydelegare. Og betre synest det ikkje å kunne bli i næraste framtid: Ein forventa befolkningsauke på meir enn 1 milliard innan 2025, globale klimaendringar, industrialisering, urbanisering og meir vasskrevjande livsstil i fleire delar av verda står sentralt i framtidsbildet.