Hopp til innhold

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 16 2012

title

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 16 2012

short_description

related_quiz

questions

tasks

  1. På kva måte kan vi i forskjellige regionale organ sjå at samanhengen mellom klima og miljø har fått meir merksemd dei siste åra?
  2. Gjør greie for tre koplingar mellom menneskerettar og miljø.
  3. Gjør kort greie for kva den grøne utviklingsmekanismen går ut på.
  4. Kva vil det seie at u-land og i-land i klimasamanheng har felles, men ikkje like store forpliktingar?
  5. Gjør greie for kva forfattaren meiner med denne utsegna: «Å realisere menneskerettane til folk handlar ikkje bare om resultatet, men også om prosessen.»
  6. Korleis skal ein forstå at det innanfor klimaregimet heiter at landa har plikt til å samarbeide med kvarandre?
  7. Gjør greie for kven som er mest sårbar for klimaendringar.
  8. Diskuter korfor det er omstridd å ha reint miljø som del av menneskerettane.
  9. Diskuter kor godt denne setninga i menneskerettane står seg i møtet med verkelegheita: «Ikkje i noko tilfelle må eit folk bli frårøva eksistensgrunnlaget sitt.»
  10. Diskuter påstanden: Den grøne utviklingsmekanismen er i hovudsak eit verktøy for dei rike landa til å kjøpe seg fri frå harde klimatiltak i eigne land.
  11. Diskuter påstanden «Det er bare ein floskel når det i den norske grunnlova heiter at Enhver har Ret til et Mileu som sikrer Sundhed.»
  12. Diskuter om det stemmer at alle statar kjenner seg bundne av ei plikt til å samarbeide om å handsame klimaendringane.
  13. Diskuter påstanden«Alle statar har plikt til å treffe målretta tiltak for å trygge menneskerettane».
  14. Diskuter påstanden «Ein stat kan ikkje haldast ansvarleg for at utslepp av klimagassar der går ut over menneska i andre land».

tags

tags_migration