Hopp til innhold

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag til HHD nr. 14 2013

title

Arbeidsoppgaver og lenkeforslag til HHD nr. 14 2013

short_description

related_quiz

questions

tasks

  1. Kva meiner vi med eit polarisert samfunn?
  2. Kva meiner vi med ein islamist?
  3. Kva var Tamarrod-rørsla; kven deltok i den?
  4. Kva meiner vi med sekulær?
  5. Alle islamistar er islamske, men er alle islamske islamistar?
  6. Kven er hovudaktørane i det egyptiske dramaet? Kva står dei for?
  7. Korleis skiljer Brorskapet seg frå salafistane?
  8. Kor stor oppslutning fekk Brorskapet og salafistane til saman ved parlamentsvalet i 2012?
  9. Gjer greie for korleis det egyptiske samfunnet i dei siste to åra er blitt meir og meir polarisert.
  10. Drøft påstanden: President Mursi hadde ingen sjanse til å endre det egyptiske samfunnet på mindre enn eitt år.
  11. Diskuter kva for grunnar de ser som dei viktigaste til at Mursi blei kuppa ut av presidentsetet.
  12. Forfattaren legg stor vekt på at folk følte at dei under Mursi fekk det verre i dagleglivet snarare enn betre. Diskuter dette forholdet som forklaring på den andre revolusjonen – dei store demonstrasjonane i juni 2013.
  13. Ut frå ei tenkt lærebok i demokrati: Diskuter eventuelle feil de meiner Mursi og Brorskapet gjorde dei månadene dei satt ved makta.
  14. Diskuter kor klokt det var av liberale krefter i Egypt å ønske seg dei militære til makta.
  15. Diskuter kva vestlege land kunne ha gjort meir av eller annleis for å støtte opp om den arabiske våren. Bruk medier.
  16. Det har vore stor usemje om det er rett å kalle avsettinga av Mursi for eit «kupp». Diskuter kva de meiner.
  17. Diskuter kva som må til for å oppnå forsoning og nedtrapping av konflikten i Egypt.
  18. Diskuter kor klok det vil vere av dei nye styresmaktene i Egypt å forby Det muslimske brorskapet.
  19. Diskuter korleis det siste årets hendingar i Egypt illustrerer problem ved demokratisering av eit land.

Lenkeforslag til denne artikkelen

tags

definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet, finne fram til kjennetegn på demokrati og forklare hvordan demokratiske institusjoner fungerer, drøfte betingelser for medborgerskap og demokratiske styreformer, beskrive og vurdere internasjonale konflikt- og problemområder, drøfte problemstillinger om fred og sikkerhet, økonomi, miljø, utvikling og bistand i tilknytning til internasjonalt samarbeid, gi eksempler på brudd på sivile og politiske rettigheter og på sosiale, økonomiske og kulturelle rettigheter i forskjellige deler av verden, og analysere årsaker til bruddene

tags_migration