Arbeidsoppgaver og lenkeforslag til HHD nr. 5 2013

Les artikkelen

Dei tre store amerikanske ratingbyråa – Standard & Poor’s, Moody’s og Fitch – dukkar ofte opp i mediebiletet. Særleg ser vi dette når politikarane i ein stat er sinte etter å ha blitt nedgradert, det vere seg Hellas, Frankrike, Portugal eller andre. Det blir kviskra om konspirasjonar og amerikansk herredøme. Desse private føretaka gir karakter til ulike investeringar (føretaksgjeld og statsobligasjonar) etter kor risikable dei trur dei kan vere. Trass i denne heller nøkterne arbeidsoppgåva, har dei tre ratingbyråa opparbeidd seg ei rolle som dommarar over  Transnasjonalt selskap og nasjonalstatar verda over.

Oppgaver

  1. Bruk internett til å finne ut kor stor marknadsandel dei tre store ratingbyråa har kvar for seg?
  2. Kva forstår du med ein norsk terrakommune?
  3. Bruk internett til å finne ut kva finanskrisa har fått å seie for desse kommunane og folk der.
  4. Kva for ei hovudoppgåve har ratingbyråa?
  5. Korfor er så mange opptekne av ratingbyråa?
  6. Bruk internett til å finne ut kven dei store investeringsbankane er?
  7. Gjer greie for kva konsekvensar ein nedsett karakter kan få for ein stat?
  8. Korfor kunne såkalla strukturerte spareprodukt vere så vanskelege å vurdere risikoen ved?
  9. Diskuter korleis ratingbyråa har fått slik ein mektig posisjon i internasjonal politikk.
  10. Korfor er karaktersetting så greitt for mange investorar å forholde seg til?
  11. Om ein investor som ønsker å investere i andre land, ikkje hadde karakterar å forholde seg til, kva måtte ho då basere seg på?
  12. Diskuter grunnar til at mange europeiske statar er skeptiske til ratingbyråa.
  13. Drøft korfor det kan vere heller problematisk at kredittvurderinga til ratingbyråa blir betalt anten av dei som skal bli vurdert eller av dei som formidlar obligasjonar - lån,jf finansieringsmodellen?
  14. Korfor meiner mange at ratingbyråa er delansvarlege for finanskrisa?
  15. Det er reist tvil om ratingbyråa verkeleg har så stor makt som mange meiner der har. Kva baserer denne tvilen seg på?
  16. På kva måtar prøvar statar no å regulere verksemda til ratingbyråa sterkare enn før?
  17. Diskuter korleis ratingbyråa kunne «vere sjenerøse med toppkarakterar til lånepakkar som i røynda også besto av særs risikable bustadlån».

Lenkeforslag til denne artikkelen

Relaterte kompetansemål