Hopp til innhold
Bilde av fiskarar som gjer seg klar til å dra ut på Victoriasjøen

Fiskarar gjer seg klar til å dra ut på Victoriasjøen.

Foto: Creative commons

Fisken i sør – mat for kven?

Småskalafiske spelar ei viktig rolle for mange millionar fattige menneske i sør. Likevel har det lenge fått lite merksemd korkje av nasjonale styresmakter i sør eller det internasjonale givarsamfunnet. Det er det moderne storskala industrifisket  som har vore i fokus for fiskeriutviklinga i sør. Dette bildet er i ferd med å endre seg.

Personer

Eirik G. Jansen
er sosialantropolog og seniorrådgiver i Norad.
  • Kva aktørar er knytte til småskalafisket i sør?
  • Kva rolle spelar småskalafisket for lokalsamfunna i sør?
  • Kva for nasjonale og internasjonale aktørar påverkar småskalafisket i sør?
  • Kva for interesser har dei ulike aktørane i fiskeria i sør?

Nokre gonger kjem det utviklingspolitiske rapportar som utfordrar rådande syn og praksis i utviklingssamarbeidet. Ein slik rapport er nyleg levert til FNs landbruksorganisasjon (FAO) av ei ekspertgruppe på matvaretryggleik og ernæring.

Ein rapport teiknar eit nytt bilde

Rapporten omhandlar småskalafiske i utviklingsland i sør. Småskalafisket har lenge blitt oversett av nasjonale styresmakter og internasjonale givarorganisasjonar.  Rapporten held fram den viktige rolla småskalafiske spelar for sysselsetjing, matvaretryggleik og ernæring i utviklingsland. Ifølge rapporten er 660–820 millionar menneske heilt eller delvis avhengig av inntekter frå fisket. 90 prosent av denne befolkninga består av fiskarar, fiskerkvinner og familiemedlem som er knytte til småskalasektoren.

40 millionar tonn av den årlege globale fangsten på 90 millionar tonn villfisk, blir fanga av småskalafiskarar i sør. Det er hovudsakleg kvinner som sel fisken til fattige forbrukarar og bidreg til at fattige menneske får auka matvaretryggleik og betre ernæring. I mange småskalafiske i sør er det fleire kvinner sysselsette innan handel og tilverking av fisk enn det er mannlege fiskarar. Vilkåra til småskalafisket er derfor avgjørande for  sult- og fattigdomssituasjonen for fleire hundre millionar menneske i sør.

Rapporten hevdar at fokus i fiskeriforvalting og fiskeriforsking i mange tiår var knytt til det å skape ei berekraftig forvalting av fiskeressursane i sør, bl.a. hindre overfiske og bruk av ulovlege fiskemetodar. Dette er utan tvil eit viktig mål. Men merksemda har vore på fiskeressursane og  Berekraftig utvikling av dei, og ikkje på menneska som får inntektene sine og maten sin frå fiskeria. Det har vore lite merksemd om kven som har rettigheiter til fiskeressursane og korleis desse kan bli handsama. Sosiale verknader er med andre ord tatt mindre omsyn til.  Vidare seier rapporten at vi veit for lite om kven som er involvert i ulike arbeidsoppgåver knytte til fiske: fangst, foredling og handel med fisk, og kven som er forbrukarar. Ekspertgruppa spør om korleis interessene til dei millionane av fattige kvinner og menn som er avhengige av fisket i sør, best kan bli tatt vare på.

Trålarar frå nord

Oversikt som viser det globale fiskeproduksjonen fordelt på villfisk og havbruk

Global fiskeproduksjon 1950-2013

Kjelde: Vital signs frå Worldwatch institute og fao.org

Spørsmål rundt fiskeressursar i sør har blitt aktualiserte i seinare tiår fordi fisket på den nordlege halvkule lenge har vore prega av overfiske og reduserte fangstar.  Samtidig har etterspurnaden etter fisk auka i nord, og dermed har trålarar frå nord vende seg mot fiskeressursane i sør. Mye av fisken som blir fanga i sør av utanlandske trålarar, går til eksport til kjøpesterke marknader i nord. Trålarar frå nord kjem ofte i konkurranse og konflikt med fattige fiskarar ute på fiskefelta. Det blir eit «rått parti» når fattige fiskarar i småbåtar må fiske i dei same områda som trålarar. Sjølv om kystnære område ofte er reservert for (på papiret) småskalafiskarane, tar trålarane seg til rette. Den lokale kystvakta lèt seg ofte lett bestikke til å sjå ein annan veg når trålarane øydelegg reiskapar til fattige fiskarar. Dette får store konsekvensar for livsgrunnlaget til mange som arbeider i småskalasektoren.

Utvikling av fiskeria i sør

Nasjonale styresmakter i sør ser ofte negativt på småskalafiske i eige land. Mange meiner at små båtar som blir drive fram av segl og årer, ikkje er moderne nok – at dei tilhøyrer ei «primitiv» fortid som ein må kvitte seg med fortast råd er. Fiskeristyresmaktene i sør vil ha moderne fiskeriteknologi og helst «the best from the west».  Bistandsorganisjonar frå nord har ofte stimulert til nettopp dette. «Fiske er noko vi kan» er ei utbreidd haldning blant desse givarane.

Ofte blir utstyr, produsert i givarlandet, gitt til land i sør som har korkje teknologiske eller andre naudsynte føresetnader som kompetanse og pengar for å vedlikehalde utstyret. Dèt kan vere små trålarar, fiskeriforskingsbåtar, moderne fiskeutstyr eller laboratorium til fiskeriforskingsinstitutt. Langs Afrikas strender ligg det mange rustne fiskebåtar frå nord som ikkje har eigna seg for fisket i sør.

Fiskeria på Victoriasjøen

Rapporten held fleire gonger fram Victoriasjøen i Aust-Afrika for å eksemplifisere problemstillingane som er drøfta over.  Utviklinga av fiskeria på Victoriasjøen illustrerer tenking og praksis som lenge har prega fiskeriutviklinga i sør.

På 1970-talet var det rike førekomster av dagaa, ein liten stimfisk, i midtre delar av Victoriasjøen, ein sjø som blir delt av Tanzania, Kenya og Uganda. Nasjonale fiskeristyresmakter og det internasjonale givarsamfunnet meinte at denne fisken kunne eigne seg til produksjon av fiskemel til dyrefôr. Dyrefôret kunne bl.a. brukast til industriell produksjon av broilarar i nord. Men for å kunne fange fisken trengde ein trålarar. Norge planla lenge å sende norskbygde trålarar til Victoriasjøen, men skrinla planen etter ei tid.

Kart som viser at tre land deler på Victoriasjøen

Andre land støtta derimot utviklinga av trålarar og trålfiske. Det viste seg snart at det var meir lønsamt for trålarane å fange den gode matfisken som gjekk nær land, enn å fange den lille stimfisken. Nær land fiska lokalfiskarane frå småbåtar. Dermed oppsto konkurranse og konflikt om ressursar mellom trålarane og småbåtane. Fiskereiskapane til tusenvis av fattige fiskarar blei ødelagde og livsgrunnlaget deira truga. Fleire fiskarar blei drepne i valdelege konfrontasjonar med folk frå trålarane. Tragedien som råka mange tusen menneske, fekk lite nasjonal og internasjonal merksemd, bortsett frå nokre små notisar i avisene i Aust-Afrika.

Skiljelinjene i Victoriasjøen

I motsetnad til mange stader langs Afrika-kysten går skiljet i Victoriasjøen ikkje så mye mellom store trålarar og mindre båtar. Heller går det mellom småbåtar drivne av segl og årer og andre litt større og raskare båtar med påhengsmotor og som kan vere eigde eller leigde ut av eksportverksemder. Ofte øydelegg også mekaniserte båtar garn for dei andre fiskarane.
Det store spørsmålet er derfor om fisken frå Victoriasjøen skal gå til eksport eller ikkje.

Fiske for eksport

På 1980- og 1990-talet dukka det opp nye problemstillingar rundt fisket på Victoriasjøen som illustrerer konfliktane mellom fiske for lokalmarknaden og fiske for den globale marknaden. På 1950-talet hadde Storbritannia, som var kolonimakt i landa rundt Victoriasjøen,  sett ut nilabbor i sjøen. Nilabboren forsynte seg godt av stimfisken i Victoriasjøen, og fangsten av nilabbor eksploderte frå eit par tusen tonn i året på slutten av 1970-talet til 325 000 tonn i 1989.

Fiskeristyresmaktene i landa rundt sjøen fann ut at det var ein stor marknad for denne matfisken i Europa. Innan kort tid blei det etablert 35 eksportverksemder rundt Victoriasjøen. Mange av verksemdene var eigd av utlendingar, blant anna eit norsk selskap. Land i EU var dei største importørane av nilabbor. Det var derfor naturleg for EU å starte eit fiskeriprosjekt ved Victoriasjøen. Eit viktig mål med prosjektet var at fisken som blei eksportert, skulle tilfredsstille EUs hygienekrav til importert fisk. Det blei bygd opp laboratorium som skulle sjekke kvaliteten på fisken.

Forskjellen mellom storskala- og småskalafiske

Det er store skilnader mellom storskala- og småskalafiske.

EU-inspektørar kontrollerte regelmessig eksportverksemdene for å sjå til at dei retta seg etter internasjonale hygienestandarder. Det blei eksportert fisk både frå Kenya, Tanzania og Uganda. Eksporten kom opp i fleire hundre millionar dollar årleg. EU var også oppteken av å fremje eit berekraftig fiske, men hadde meir fokus på fisk og fiskereiskapar enn på behova til lokalbefolkninga rundt sjøen.

Lokal matvaretryggleik

Lokal sysselsetjing og lokal matvaretryggleik hadde knapt nokon plass i fiskeriutviklinga ved Victoriasjøen. Mange tusen fiskarar kom fort i lommene på eksportverksemdene. Ikkje minst blei kvinnene, som utgjorde halvdelen av dei sysselsette i den lokale fiskerinæringa, oversett. Tusenvis av kvinner rundt Victoriasjøen hadde i alle år kjøpt fisk, ofte berre for 20 til 100 kroner kvar, frå lokale fiskarar. Fisken selde dei vidare til lokale forbrukarar.

Mye av fisken blei foredla av kvinner og seld i område langt unna Victoriasjøen. Ingen var flinkare enn desse kvinnene til å forklare og overtale lokalbefolkninga til å forstå at fisk er viktig for helsa, ikkje minst barnas helse. Med eksportfisket forsvann dei fleste kvinnene. På landingsplassane for fisk kor det tidlegare hadde myldra med kvinner som kjøpte fisk, kom det store lastebilar med kjølevognar som frakta det meste av fisken rett til vidareforedling i eksportverksemdene.

Det finst korkje statistikk eller årsrapportar som dokumenterer den viktige rolla kvinnene spelte i fiskerisektoren. Kvinners rolle i fiskerinæringa var ofte usynleg, men mange tusen av dei mista altså arbeidet på grunn av eksportfisket. Også lokale forbrukarar blei taparar i fiskeriutviklinga. Det skuldast at store delar av fangsten av fisk blei eksport til land i nord. Undersøkingar gjort i Kenya på 1990-talet viste at kring halvdelen av barna som budde langs Kenyas del av Victoriasjøen, var feil- eller underernærte. Då resultata frå desse undersøkingane kom, blei helsestyresmaktene i Kenya så uroa at dei ba UNICEF (FNs barnefond) skaffe vitaminA-piller og proteinpiller som dei kunne dele ut til barna langs sjøen.

Bilde av kvinnelige fiskehandlarar ved Victoriasjøen

Kvinnelege fiskehandlarar ved Victoriasjøen

Foto: Bodil Maal

Det rike fisket i Victoriasjøen skapte rikdom for eigarane av eksportverksemdene. Lokale kvinnelege fiskehandlarar, fiskarar og forbrukarar som var avhengige av fisket, blei taparane.  Det var ikkje berre EUs fiskeriprosjekt, men også Verdsbankens store program «Lake Victoria Environment Management Programme» som la liten vekt på småskalafiskets betydning for fleire titusen arbeidsplassar og millionar av lokale fiskeforbrukarar. «Moderne teknologi», «eksport» og «utanlandsk valuta» var omgrep som blei retningsvisarar for nasjonale styresmakter og internasjonale bistandsgivarar i utviklinga av fiskeria på Victoriasjøen.

Både nasjonale styresmakter og internasjonale bistandsgivarar argumenterte med at eksportnæringa ville skaffe verdfull utanlandsk valuta til dei austafrikanske landa. Undersøkingar viste imidlertid at lite av denne valutaen ville komme dei lokale fiskarane og lokalsamfunna til gode og at mye av valutaen dessutan blei tilbake i utlandet.  Dei europeiske fabrikkeigarane ved Victoriasjøen har sine økonomiske interesser i utlandet og ville reinvestere lite av overskotet sitt under usikre forhold i Aust-Afrika.

Perspektiva som prega utviklinga av fiskeria på Victoriasjøen, er ikkje uvanlege. Konkurranse mellom småskalafisket og industrifisket om knappe ressursar, og spørsmålet om kven som skal få muligheit til å spise fisken, finn ein langs heile kysten av Afrika, særleg i Vest Afrika. Langs kysten i Vest-Afrika har det vore fleire valdelege konfrontasjonar mellom småskalafiskarar og trålarar frå ulike i EU-land. Også i Latin-Amerika og Asia er det konkurranse og konflikt mellom småskalafisket og industrifisket.

Mange kjenner omgrepet «land grabbing» kor utanlandske aktørar skaffar seg adgang til stor jordområde i sør på bekostning av lokalbefolkninga. Også «Ocean grabbing» og «lake grabbing» er relevante omgrep som også bør bli sentrale omgrep. Omgrepa kjenneteiknar den sterke konkurransen ein har om knappe fiskeressursar mellom rike aktørar frå nord (ofte allierte med nasjonale styresmakter og elitar i sør) og den fattige lokalbefolkninga i sør.

Nye retningslinjer for småskalafisket

Den nye rapporten til FAO tar eit oppgjør med den rådande fiskeriutviklinga som har prega sør i fleire tiår. Rapporten er drøfta i FAO og perspektiva som rapporten held fram, får no støtte. Der lagar ein no internasjonale retningslinjer for å verne interessene til lokale fiskarar, fiskarkvinner og forbrukarar. Fisk ser nå endeleg ut til å bli ein integrert del av omgrepet matvaretryggleik saman med produkt frå jordbruket.

Men, som mye utvikling i sør viser, er det langt mellom fine retningslinjer laga i nord og praksis. Sterke økonomiske interesser i nord i samarbeid med korrupte elitar og institusjonar i sør vil ha store interesser i at fiskeria held fram i same spor som før. Med nye reglar og retningslinjer på plass, blir det iallfall lettare å  vere merksam på omsyn ein må ivareta og rapportere om i den vidare utviklinga av fisket i sør.

Skiljelinjene i Victoriasjøen

I motsetnad til mange stader langs Afrika-kysten går skiljet i Victoriasjøen ikkje så mye mellom store trålarar og mindre båtar. Heller går det mellom småbåtar drivne av segl og årer og andre litt større og raskare båtar med påhengsmotor og som kan vere eigde eller leigde ut av eksportverksemder. Ofte øydelegg også mekaniserte båtar garn for dei andre fiskarane.
Det store spørsmålet er derfor om fisken frå Victoriasjøen skal gå til eksport eller ikkje.

Arbeidsoppgaver

Oppgaver

  1. Kva land Victoriasjøen delar mellom seg?
  2. Kva står FAO for?
  3. Korfor er FAO viktig i samband med denne artikkelen?
  4. Kva meiner ein med matvaretryggleik?
  5. Kva meiner ein med grabbing av land, ocean og lake ?
  6. Kor stor del av det globale fisket av villfisk står småskalafiskarar for?Kor mange menneske er heilt eller delvis avhengige av inntektene frå småskalafisket?
  7. Kva for eit skifte i FAOs syn på fiskeriutvikling blir signalisert i denne artikkelen?
  8. Kor viktig har det lokale fisket tradisjonelt vore for sysselsetjing og ernæringssituasjon i områda rundt Victoriasjøen?
  9. Gjør kort greie for forskjellen mellom småskalafiske og industrifiske (storskala).
  10. Kva har vore det vanlege synet på fiskeriutvikling i sør både blant fiskeristyresmakter der og blant givarorganisasjonar?
  11. Korleis har den globale fiskeproduksjonen utvikla seg i dei siste tiåra – både villfisk og fisk frå havbruk?
  12. Beskriv forholdet mellom småskalafiskarar og trålfiskarar i Victoriasjøen.
  13. Kor har inntektene frå storskalafisket i Victoriasjøen ofte tatt vegen?
  14. Kor mye gagn har landa rundt Victoriasjøen hatt av å eksportere mye av fisken frå sjøen?
  15. Kva perspektiv tapte utviklarar av syne i fiskeriutviklinga i Victoriasjøen dei siste tiåra? Kven blei taparane da det moderne storskalafisket vann fram i Victoriasjøen?
  16. Drøft påstanden «Det er avgjørande for fiskerike land i sør at dei eksporterter fisken sin».
  17. Diskuter kor viktig de synest det er at fisken frå Victoriasjøen tilfredsstiller EUs hygienekrav.
  18. Gruppearbeid: Året er 2000 og det er kalla saman til folkemøte i ei fiskarlandsby ved Victoriasjøen. Spørsmålet til diskusjon er: Kva gjør vi med fisken i Victoriasjøen? Arbeid først i smågrupper  der de skal formulere argument slik de trur lokalbefolkninga ville ordlagt seg, mellom anna kvinner, småskalafiskarar, helsearbeidarar m.fl.  Andre smågrupper skal formulere argumenta til nasjonale fiskeristyresmakter, internasjonale bistandsorganisasjonar og eksportverkemder.
  19. Diskuter til slutt i stor gruppe med same rollefordeling som i smågruppearbeidet.

Lenkeforslag til denne artikkelen

Relaterte kompetansemål

Temaer

Personer

Eirik G. Jansen
er sosialantropolog og seniorrådgiver i Norad.