Hopp til innhold

Små våpen – store verknader

Meir enn 200 000 menneske blir kvart år drepne med småvåpen og lette våpen (heretter: handvåpen). Ein reknar med at det finst ca. 875 millionar handvåpen i heile verda - 650 millionar av dei er på sivile hender. Kontroll og regulering eksisterer på handel med våpen, men inneheld mange svakheiter og smutthol.

Personer

Nicholas Marsh
er forskar ved Institutt for fredsforskning (PRIO).
  • Kva meiner ein med handvåpen?
  • Kor dødelege er handvåpna?
  • Kven er dei drepte?
  • Kordan prøver det internasjonale samfunnet å takle problemet handvåpen?

Våpen, vald og verknader

Om lag 200 000 menneske blir kvart år drepne med handvåpen, ca. 42 prosent av alle drap. 4 av 5 offera er menn; også 4 av 5 av mordarane er menn. Dei fleste av offera og gjerningsmennene er mellom 15 og 30 år. I Nord- og Sør-Amerika blir om lag 70 prosent av alle drap utført med skytevåpen. I Aust-Asia med ein mykje lågare drapsrate er andelen som blir drepen med skytevåpen, under 10 prosent. I Brasil og Mexico overgår tala for valdeleg død mang ein krig (i 2011 var dei samla drapstala 42 785 and 27 199).

Det er vanskelegare å talfeste kor mange menneske som blir drepne i krig. Tala på døde varierer frå ein krig til ein annan. Men det er trygt å anta at i eit «normalår» blir menneske i titusental direkte offer for bruk av handvåpen.  Ein rapport (2011) opererte med – etter alle drapsreiskaper og -metodar – 55 000 direkte drepne i konflikt og 471000 drap. Til saman vil det seie 526 000 drepne.

Våpenstraumar intensiverer kamphandlingar i krigar og kan også forlenge dei. Samanhengen mellom drap og tilgjenge på våpen er meir kompleks. Eit eksempel: Norge er eit av dei mest våpentette landa i verda – relativt mange her til lands eig eit skytevåpen (hovudsakleg for bruk i jakt), men samstundes har vi også låge drapstal. Lett tilgjenge på handvåpen synest å vere årsak til meir vald når våpna blir kombinert med høge tal for anna kriminalitet utført av gjengar eller andre organiserte grupper (som grupper som driv  narkohandel) og lite effektivt politi. Våpen er reiskap, og skapar ikkje vald av seg sjølv. Men dei aukar på dramatisk vis dødelegheita i valdelege situasjonar.

I tillegg til dei drepte finn vi eit breitt spekter av andre verknader. Skadar etter bruk av slike våpen er vanlegvis alvorlege, ofte med langvarig funksjonshemming (især ryggproblem). I alle land blir kvinner og barn både truga og skotne av mannlege personar dei har nære relasjonar til.

HHD14_10Drapsrate

Drapsrate i verdas land

Nokre krigar er prega av massevaldtekt, ofte på slagmarken og med våpen i hand. Seksualisert valdsbruk er då blitt ein reiskap i krig. Især i utviklingsland kan ein skade få dramatiske økonomiske verknader – langvarig behandling på sjukehus er særs dyrt. Langvarige skadar set dessutan enkelte ute av stand til å tene pengar. Manglande tryggleik som følge av fare for valdsbruk hindrar folk i å gå til marknader, til skole eller til lege. På mange måtar kan ein seie at menneska då får liva sine kraftig reduserte. I arbeidet med å nå tusenårsmåla til FN har valdsbruk verka hemmande.

Spreiing av våpen

Den samla verdien av den lovlege handelen med handvåpen samt tilhørande delar og ammunisjon er anslått til ca. 8,5 milliardar dollar (om lag 50 mrd. kroner). I tillegg kjem alle dei handvåpna som blir selde ulovleg på svartmarknaden. Dei fem landa som produserer og eksporterer mest handvåpen, er USA, Tyskland, Italia, Austerrike og Brasil. Dei sto for om lag halvparten  av all kjent eksport i verda. Truleg høyrer Kina til mellom dei fem store, men data er vanskeleg å framskaffe. Også dei viktigaste importlanda er rike industriland. Slik liknar produksjonen av handvåpen andre ferdigvarer som bilar. Dei sentrale områda for produksjon, eksport og import er Europa, Nord-Amerika, Kina og Japan (Japan: mest rifler til bruk i jakt).

I borgarkrigar i Afrika blir det oftast nytta våpen som blei produsert under den kalde krigen i Sentral- og Aust-Europa. Mange av desse våpna blei gitt bort i 1970- og 1980-åra som del av den globale striden mellom supermaktene USA og Sovjetunionen. På 1990- og 2000-talet kom betydelege mengder til Afrika frå Kina – direkte eller indirekte – og frå overskottslager etter den kalde krigen eksportert dit frå tidlegare medlemmar i Warszawapakten.

HHD14_10Saves

En FN-kampanje for avvæpning

I borgarkrigar aukar etterspurnaden sterkt etter våpen – frå opprørarar og andre ikkje-statlege grupper. Våpen sirkulerer og skiftar eigarar for å møte denne etterspurnaden. Den vanlegaste kjelda til våpen for opprørarar er å stele eller erobre frå regjeringsstyrkar dei kjempar mot. Grensekryssande, ulovleg våpenhandel er ei anna viktig kjelde. Ofte er statar innblanda – som direkte givarar av våpen, pengestøtte til våpenkjøp eller ved å «snu seg bort»  når våpen passerer gjennom deira land. Etter at krigen tar slutt, flyt mange våpen gjerne vidare til neste konflikt. Men ein heil del blir igjen i konfliktområdet og gjør ofte arbeidet med å få eit land på fote igjen vanskelegare (jf. ofte eit problem å avvæpne og demobilisere soldatar).

Utanfor konfliktområda eksisterer det ulovlege nettverk for våpenhandel over store delar av verda, men med varierande kraft. Eit av dei mest slagkraftige kan vi sjå når folk trekk fordel av liberale reglar i USA og kjøper våpen i våpenbutikkar sør i USA for så å smugle våpna over grensa og inn i Mexico. I Vest-Europa er etterspurnaden etter ulovlege våpen derimot svært låg.

Kontroll av våpenhandel

Våpenhandel er regulert på fleire måtar.  Resten av denne artikkelen handlar om lover og reglar for handel med alle former for konvensjonelle våpen; stort sett finst det ikkje eigne kontrollar av handvåpen.  Dei fleste land har ei lov om eksportkontroll som krev at våpeneksport ikkje kan gjennomførast før eksporten er lisensiert. Kven som er akseptable mottakarar av våpen, avheng av politikken hos dei ulike eksportlanda. Den varierer.

Det er  Sikkerhetsrådet i FN i FN som vedtar våpenboikott mot særskilte statar eller ikkje-statlege grupper.  Til hjelp i prosessen har det plukka ut eit panel av ekspertar.  Desse ser til at eksportforbod blir handheva. Dei rapporterer ofte om våpenhandlarar som bryt eksportforbodet (ofte med hjelp frå naboland). Eksportforbod kan forhindre tilgjenge på våpen. Men for å sikre dette, må ein setje i gang aktive tiltak som til dømes kontrollar ved grensene til land som er omfatta av eksportforbod og etterforsking av ulovleg våpenhandel. Mange land set dessverre ikkje nok ressursar inn for å handheve eit eksportforbod.

FN er ein aktiv koordinator (samordnar) for statar  som prøver å hindre ulovleg handel med handvåpen. Særs viktig var ein FN-konferanse i 2001 der det blei vedtatt eit handlingsprogram (Programme of Action – PoA) mot ulovleg handel med handvåpen.  Handlingsprogrammet skisserer praktiske måtar (til dømes å innføre restriksjonar på verksemda til våpenhandlarar) som statar kan nytte for å forhindre ulovleg våpenhandel. Men det er heilt frivillig å setje handlingsprogrammet ut i livet.

Ei avtale om våpenhandel (the Arms Trade Treaty – ATT) blei framforhandla i FN i 2013. Ho inneheld 28 artiklar som blant anna krev at statar (dei som har signert og ratifisert (endeleg godkjent) avtala) skal ha reglar for og kontroll med eksport av våpen. Det er då forbode å eksportere våpen til partar som er involverte i alvorlege handlingar som krigsbrotsverk. Vidare skal ein eksportør vurdere faren ved å eksportere til område der det til dømes er konflikt eller indre undertrykking. Statar er forplikta til å melde frå om eigen import og eksport, samt om kva for lover og reglar dei har.

HHD14Drapsvapen

Det varierer hvilke handvapen som blir brukt.

Det var ein lang veg å gå fram til avtala om våpenhandel blei endeleg signert. I 1997 leia Oscar Arias (Costa Rica) ei gruppe av nobelprisvinnarar som foreslo juridisk bindande, internasjonale etiske reglar om våpenoverføringar. I 2003 lanserte tre frivillige organisasjonar – Amnesty International, Oxfam og  Action Network on Small Arms (IANSA) – ein kampanje for å få i stand ei avtale om våpenhandel. Kampanjen fekk vind i segla i 2004 då 10 land, blant desse store eksportland som Brasil og Storbritannia, ga kampanjen støtte. Offisielt kom saka på programmet i FN i 2007, og med rapportar frå ekspertar og arbeidsgrupper, kom forhandlingar i gang i 2012 og blei sluttført 2. april 2013.  Då vedtok Generalforsamlinga i FN avtala om våpenhandel.

Avtala blei vedtatt i Generalforsamlinga med 154 for, 3 mot og 23 som lot vere å stemme. Stemmene for kom frå ei rekke statar, mellom anna globale våpeneksportland som USA, Storbritannia, Frankrike og Tyskland, men også frå leiande utviklingsland som Brasil, Sør-Afrika og Tyrkia.

Iran, Syria og Nord-Korea stemde mot. Dei som avheldt seg frå å stemme, var viktige eksportland som Russland og Kina, og viktige utviklingsland som India, Saudi-Arabia og Indonesia. India var uroa for at avtala om våpenhandel (ATT) kunne bli brukt til å hindre landets import av militært utstyr. På grunn av alle landa som avsto frå å stemme, får ATT-avtala mindre moralsk kraft; det er dessutan lite truleg at desse landa vil underteikne og ratifisere avtala i overskueleg framtid.  Verknaden av at viktige land står utanfor avtala gjenstår å sjå, men den vil truleg  vere  betydeleg.

Medlemmar av  Ikke-statlige organisasjoner (ikkje-statlege organisasjonar) har kritisert avtala om våpenhandel. Til dømes er dei bekymra for at ved å forby berre dei verste våpenoverføringane, så  er det underforstått at avtala tillèt all annan våpenhandel. Det som er sikkert, er at våpenhandelsavtala (ATT) aldri var tenkt å redusere den totale våpenhandelen, heller ikkje å redusere forbruket eller tilgjenget av våpen i dei ulike landa.  Andre har uttalt at avtaleteksten er altfor svak: Den manglar gjennomslagskraft, er utilgjengeleg for folk flest (lite transparent)  og språkleg altfor vag og svak. Samla sett kan ein seie at avtala (ATT) er eit viktig grunnlag for kontroll med våpenhandelen. Men langt meir må gjerast for å hindre spreiing og oppsamling av våpen.

Fleire regionale organisasjonar har eigne reglar og retningslinjer for våpeneksport. Den viktigaste er EU som har ein felles posisjon med åtte punkt som styrer våpeneksporten frå medlemslanda. EU-medlemmar bør såleis nekte ein søknad om eksportlisens «dersom det er ein klar fare for at den militære teknologien eller utstyret som skal eksporterast, kan bli brukt til intern undertrykking». Å handheve EU-reglar er eit ansvar for dei nasjonale regjeringane, og det er fleire tilfelle der regjeringar har lisensiert eksport til særs tvilsame styresmakter. Til dømes blei det eksportert våpen frå EU-land til Libya til ein verdi av fleire milliardar euro i perioden 2006 til 2011, til eit diktatur som brukte militærstyrker mot naboane sine; mange av dei eksporterte våpna blei også brukt i borgarkrigen i Libya i 2011.

Kan ein fredsnasjon eksportere våpen?

I tusenårstala si understreka dåverande statsminister Bondevik at Norge skal vere ein «fredsnasjon».  I åra etter denne tala auka norsk våpeneksport raskt frå 1 milliard kroner  i 2000 til over 4 milliardar kroner i 2012. Kontrollen med  våpeneksport frå Norge er basert på eit stortingsvedtak frå 1959. Det fastslår at Norge «vil ikkje gje løyve til sal av våpen eller bomber til land som er i krig eller er trua av krig, heller ikkje til land der det er borgarkrig». Eit seinare vedtak inkluderer også at ein skal vurdere demokratiske og grunnleggande menneskerettar i mottakarlandet. Elles følger Norge EU-kommisjonen si felles posisjon (jf 8 pkt. over) til våpeneksport.

Storparten av eksporten av militært utstyr frå Norge består av komponentar og ammunisjon som blir eksportert til medlemslanda i NATO og til andre «vestlege» land (som t.d. Sverige, Australia eller Japan). Det norske systemet har fått kritikk for ikkje å leve opp til det å vere ein «fredsnasjon». Til vanleg vil ikkje Norge krevje garantiar frå NATO-land om kva som skjer med dei ulike komponentane når dei inngår i produksjonen av ferdige våpen. Men vi veit at leiande NATO-medlemmar som USA og Frankrike eksporterer våpen til heile verda, også til statar i krig. Norge har eksportert utstyr til autoritære statar (t.d.  Saudi-Arabia) og norskprodusert utstyr blei brukt av USA, Storbritannia og Australia under invasjonen av Irak (utan FN-mandat). I dei to mest framståande norske våpenproduserande selskapa, Nammo og Kongsberg, er den norske staten deleigar. 

HHD14_10USA-Mexico

Kor mye klarer slike skilt å stanse ulovleg våpensmugling?

Foto:shutterstock.com

Det norske engasjementet for fred blir reflektert i at Norge har ein strengare politikk for eksportkontroll enn andre eksportland i Vest-Europa og Nord-Amerika. Men Norge har ikkje gått like langt som Japan, som i 1976 vedtok at all eksport av militærutstyr var uforeinleg med «stillinga som ein fredselskande nasjon» (trass i dette, har Japan nyleg uttalt at dei vil slakke på forbodet mot våpeneksport). Den norske politikken er eit kompromiss mellom det å forplikte seg til å arbeide for fred, oppfylle forpliktingane overfor sine allierte og eit ønske om industriell utvikling innanlands.

Dei har overlevd skyting, men ...

Ung kvinne frå Uganda

«Ein dag då foreldra mine og eg hadde gått for å finne trekol, møtte vi ei gruppe krigarar. Dei kravde å få vite kor dyra var. Vi fortalte at dei ikkje var med sidan vi var ute etter trekol. Då ville dei ha trekolet vårt; vi ga det til dei og dei gjekk. Men etter nokre få minuttt kom to av krigarane tilbake og sende eit kuleregn mot oss. Foreldra mine døydde med ein gong. Eg blei skoten i ei arm, skulderen og hofta. Eg blei brakt til Matany-sjukehuset der nokre naboar betalte for behandlinga. No klarer eg ikkje å kutte tre til trekol lenger som følge av store smerter i skuldrene.

I den tida det var litt fred og avvæpning, blei mannen min tatt til fange og torturert av regjeringsstyrkane.No klarer han ikkje å gjøre noko som helst; han har smerter heile tida. Eg sel brensle og arbeider litt av og til for folk i byen for å få halde liv i familien. Framleis græt eg meg i søvn kvar kveld når eg tenker på foreldra mine og det triste livet familien min lever i dag.»
Kjelde: Som over

Nokre handvåpenskjebnar

Økonomisk (Afrika):«Etter at eg blei funksjonshemma, har familien min blitt trukke ned i dyp fattigdom og lokalsamfunnet ser meg som ubrukeleg.
(mann, 30, med amputert bein)»
Sosialt (Afrika):
 Eg skammar meg over å hinke rundt mellom andre folk. (mann, 27, med amputert bein)
Økonomisk (Sør-Amerika):
Eg lever i uslaste fattigdom. Barna mine måtte slutte på skolen. Eg klarar ikkje å handtere denne situasjonen.
Survey Respondent (mann, 35, med amputert bein)
Jorge (Sør-Amerika)
«Som tenåring arbeidde eg hardt - starta som medhjelpar på buss og lærte snart å køyre bussar sjølv, allereie som 15-åring.

Ein dag då eg var 17, køyrde eg minibuss og kolliderte med eit anna køyretøy. I vår kultur trur folk at den som brølar høgast også har retten på si side. Den andre føraren og eg kom oss ut etter kollisjonen og begynte å kjefte på kvarandre. Den andre mannen gjekk tilbake til bilen sin og henta fram ein pistol. Då eg såg kva som var i ferd med å skje, snudde eg meg å begynte å løpe. Så blei eg treft av to kular.»
(i rullestol i dag)

Sentralt i artikkelen:

  • Kva meiner ein med handvåpen?
  • „„Kor dødelege er handvåpna?
  • „„Kven er dei drepte?
  • „„Kordan prøver det internasjonale samfunnet å takle problemet handvåpen?

Arbeidsoppgaver

Oppgaver

  1. Kva meiner vi med handvåpen?
  2. Kva er forskjellen mellom små skytevåpen og lette håndvåpen?
  3. Kor mange menneske blir kvart år – i heile verda – drepe med handvåpen?
  4. Kva meiner vi med ein eksportlisens?
  5. Kva for statar eksporterer og importerer mest handvåpen?
  6. Norge er eit våpentett land – eit land med mange handvåpen. Kordan kan ein forklare at det likevel er få drap i Norge?
  7. Gjør greie for samanhengen mellom drap og tilgjenge på handvåpen.
  8. Gjør greie for kven som er det typiske offeret for bruk av handvåpen.
  9. Kordan varierer bruken av handvåpen mellom regionar?
  10. Kva for andre verknader kan handvåpna ha enn drap?
  11. Gjør greie for kva EUs «Felles posisjon» går ut på.
  12. Drøft påstanden: «Norge er ein fredsnasjon».
  13. Kva slags forhold har Norge til EUs Felles posisjon?
  14. Gjør greie for kva for ei rolle FN og ikkje-stat-lege organisasjonar har hatt i arbeidet med å få i stand ATT-avtala.
  15. Diskuter kor riktig det er av Norge å kompromisse «mellom det å forplikte seg til å arbeide for fred, oppfylle forpliktingane overfor sine allierte og ønsket om industriell utvikling innanlands».
  16. Diskuter kor verdifull ATT-avtala frå 2013 har for å redusere tala på folk som blir drepe med handvåpen.
  17. Gå til ssb.no. Kordan har norsk våpeneksport utvikla seg dei seinare åra?
  18. Du arbeider i Utanriksdepartementet og har fått ei sak på bordet der ein av dei to store i norsk våpenproduksjon søker om å få eksportere ammunisjon til handvåpen. Mottakarland er Ukraina. Kva for vurderingar må du gjøre før du kan konkludere i saka?
  19. Drøft kordan problema med handvåpen også er eit menneskerettsproblem.

Lenker til denne artikkelen

Relaterte kompetansemål

Temaer

  • Forsvar
  • Handel
  • Humanitære spørsmål

Personer

Nicholas Marsh
er forskar ved Institutt for fredsforskning (PRIO).

Fakta

Kva er handvåpen?

Den første delen av artikkelen fokuserer på bruk, regulering og spreiing av to like typar av våpen:

  • „„ Småvåpen: skytevåpen som pistolar, shotguns, rifler, maskingevær
  • „„ Lette våpen: granatkastarar, mortar (opp til 120mm), anti-luftskytskanonar, berbare antitank-og anti-luftskytsrakettar.

Andre former for konvensjonelle våpen er tanks,andre væpna køyretøy, skip og militære fly. Alle desse våpna inkluderer spesialdesigna komponentar og ammunisjon. Begge delar blir klassifisert som militært utstyr. Handvåpen er dessutanbillige, lette å bruke, lette å bere med seg og lette å gøyme.

Mange skadde etter bruk av handvåpen

«Totalt i verda lever meir enn to millionar menneske med skadar etter skyting. Dette er skadar dei har fått i løpet av det siste tiåret utanfor konfliktområde. I tillegg kjem alle dei utan fysiske skadar, dei med psykiske problem eller anna funksjonshemming etter skyting.»
Kjelde: Armed violence and disability: The untold story