Hopp til innhold

Arbeidsoppgåver og lenkeforslag til HHD nr. 14 2015

title

Arbeidsoppgåver og lenkeforslag til HHD nr. 14 2015

short_description

related_quiz

questions

  1. Plasser i riktig tidsrekkefølge: Sovjetunionens fall, den første væpna FN-operasjonen, den første uvæpna, FN-operasjonane i Bosnia, Kosovo og Mali.
  2. Kva vil det seie å operere med FN-mandat?
  3. Kva er ein viktig forskjell mellom ein fredsbevarande og ein fredsskapande FN-styrke?
  4. I artikkelen heiter det at «FN er trua av ei legitimitetskrise». Kva vil det seie?
  5. Gjer greie for korleis talet på og samansetjinga av FN-soldatar har utvikla seg på 2000-talet.
  6. Kva meiner ein med å integrere militære og sivile oppgåver for FN-styrkane?
  7. Kva meiner HIPPO-rapporten med at «heile spekteret av FNs verkemiddel må nyttast for å møte utfordringane på bakken.»
  8. Gjer greie for korleis konfliktlandskapet har endra seg i dei siste tiåra.
  9. Kva for utfordringar møter FN mellom anna i MONUSCO-operasjonen i Kongo?
  10. Diskuter korleis FN-landa kan følge opp rådet i HIPPO-rapporten om å trygge freden etter at krigshandlingane i ein væpna konflikt har stilna.
  11. Gi eksempel på regionale partnarskap etter at Tryggingsrådet har bestemt at ein konflikt skal møtast med ein FN-styrke.
  12. Diskuter grunnar til at FN-styrkar ikkje alltid klarer å leve opp til prinsippet om å vere upartisk.
  13. Gjer greie for mulige grunnar til at Norge på 2000-talet har deltatt langt meir i NATO-operasjonar enn i FN-operasjonar.
  14. Bruk internett til å konkretisere denne setninga i artikkelen: «Erfaringa frå FN-operasjonane i Mosambik, Liberia og Sierra Leone syner at FNs fredsoperasjonar likevel kan gjere ein stor forskjell.»
  15. Diskuter kva som skal til for at FN-operasjonar skal få eit meir realpolitisk preg.

Lenkeforslag til denne artikkelen

tasks

tags

Samfunnsfag (fellesfag), finne døme på ulike typar konfliktar og menneskerettsbrot og drøfte kva FN og andre internasjonale aktørar kan gjere, Politikk og menneskerettigheter (programfag), beskrive og vurdere internasjonale konflikt- og problemområder, gjøre rede for regionale og globale samarbeidsformer

tags_migration

Samfunnskunnskap (fellesfag), Politikk og menneskerettigheter (programfag)