
Hvor hender det?
nr. 20 2017
Utfordringar etter krig
14 november 2017Å hindre krig, skape fred og å handtere etterdønningane etter krig og valdeleg konflikt er nokre av dei mest sentrale utfordringane i vår tid. Historia viser at måten vi avsluttar ein krig på, har stor innverknad på om krigen blir følgd av berekraftig fred eller av ny krig. Forsking har vist at omkring 50 prosent av alle konfliktar blussar opp att innan 10 år etter at ei fredsavtale er signert. Sjølv om ein internasjonal intervensjon kan gi midlertidig stabilitet, så spelar internasjonale aktørar likevel ei avgrensa rolle – freden må støttas lokalt for å bli berekraftig.