Hopp til innhold

Pride-markeringen henger tett sammen med politikk, og ulike internasjonale hendelser har påvirket homofiles rettigheter over store deler av verden. Her fra en markering i Berlin i 2021. 

Foto: F. Boillot/Shutterstock/NTB

Pride og politikk

Personer

Birger Berge
Seniorkonsulent, Holbergprisen. Mastergrad i historie med fokus på skeiv tematikk.
  • Kva er Pride og kvifor feirast det?
  • Kvifor er Stonewall-opprøret så viktig?
  • Korleis er skeives rettigheiter i Norge?
  • Og kva med internasjonalt?

I juni kvart år kan ein oppleve ein stor folkefest i byar over store delar av verda. Ein fargerik parade med glade menneske som dansar seg gjennom bygatene.

Ein vil lett få auge på mange ulike regnbogeflagg som kan signalisere noko om beraren si seksuelle orientering eller kjønnsidentitet. Ofte vil ein også sjå ulike organisasjonar og institusjonar med parolar og flagg, og andre som går med for å syne si støtte.

Det skeive miljøet

Både estetikken og politikken – og ikkje minst festen – vil vere lett attkjenneleg over store delar av verda.

Ifølge den internasjonale organisasjonen Interpride kan ei Pride-markering for eksempel bestå av ein parade, demonstrasjonar, vere festivalprega, osv. Andre viktige kjenneteikn er at den er arrangert for å fremje synlegheit, samt for å minnast viktige historiske hendingar. Arrangørane og deltakarane er ofte, men ikkje alltid, folk som identifiserer seg som lesbiske, homofile, bifile, trans, intersex og andre seksuelle identitetar. Denne gruppa blir ofte referert til som LHBTQI+ og liknande forkortingar, eller som skeive eller det skeive miljøet.

Ofte blir synlegheitsaspektet trekt fram som det viktigaste. Skeive bryt med nokre grunnleggande forventningar i samfunnet, då heterofili blir sett på som det naturlege og vanlege. Dette kallar vi heteronormativitet.

Filosofen og kjønnsteoretikaren Judith Butler har vore viktig i denne analysen av samfunnet, og har peika på at heteronormativitet påverkar korleis vi forheld oss til kjønn og seksuell orientering.

For eksempel kan ein då seie at det at ein mann forelskar seg i – og har sex med ei kvinne – blir sett på som det normale, naturlege og vanlege. Dette har sterk påverknad på kulturen og skikkane våre, noko som har medført at menneske som bryt med desse mønstra har måtte kjempa for å bli anerkjent på like vilkår.

For eksempel er det ikkje lenge sida norske menn ble fødd kriminelle, noko statsministar Jonas Gahr Støre nyleg beklaga på vegne av sine politiske forgjengarar.

Difor brukast Pride som ei kraftfull påminning til styresmakter og institusjonar om at mange lev liva sine annleis enn det majoriteten – eller «folk flest» – gjer. 

Skeiv historie

Politisk organisering for skeive fann først stad for alvor i etterkrigstida, sjølv om det også fantes rørsler og nettverk før andre verdskrigen.

I Noreg blei Det norske forbundet av 1948 (DNF-48) oppretta i 1950, først som ei undergruppe av ein tilsvarande organisasjon i Danmark. Denne organisasjonen var ein av forløparane for FRI – Foreningen for kjønns og seksualitetsmangfald, som er den største skeive organisasjonen i Noreg i dag og som også står bak mange av Pride-markeringane rundt omkring i landet.

Ein svært viktig forskjell er at den tidlege organiseringa med DNF-48 og tilsvarande organisasjonar i andre lang skjedde under sterk diskresjon og hemmeleghald. I Noreg har fleire av medlemmane i ettertid karakterisert seg sjølve og rørsla som “den hemmelige klubben”. Dei viktigaste kampane i dei tidlege åra var ofte å få fjerna lovforbod.

I Noreg hadde vi som nemnt eit lovforbod mot sex mellom menn fram til 1972. Etter at denne var avskaffa, kunne den skeive rørsla opptre langt meir offensivt og ope enn tidlegare. Den nye openheita kan også sjåast i samanheng med hendingar internasjonalt. 

Stonewall-opprøret

Den 28. juni 1969 var det opprør i baren Stonewall Inn og i gatene rundt i New York. Skeivt arkiv har peikt på at opprøret ofte skildrast som startskotet for den moderne skeive bevegelsen.

Sidan politisk organisering for skeive skjedde mange stader i etterkrigstida kan ein seie at kampen allereie var i gang, men at Stonewall blei ståande som eit symbol på eit skifte i rettigheitskampen, der ei ny og offensiv linje blei dominerande.

Stonewall var ein bar i New York der politiet ofte gjorde raid og arresterte eller trakasserte gjestane på baren. Jamfør Skeivt arkiv var ikkje dette den einaste baren for skeive i New York på denne tida, men at den var den største og også hadde eit mangfaldig klientell.

I USA hadde ein enda strengare lover som regulerte kjønn og seksualitet enn i Noreg,  slik at transpersonar for eksempel kunne bli utsatt for «kjønnssjekkar» dersom politiet var i tvil om kjønnsidentiteten deira ut frå kleda dei hadde på seg.

Politiet hadde rutinemessige raid til baren, og utsette klientellet for denne typen audmjukande opplevingar, samt arrestasjonar og andre tiltak mot det dei refererte til som «disorderly conduct».

Foto: Photographing Travis/CC BY 2.0

The Stonewall Inn er ikonisk i det skeive miljøet. Her startet opptøyer som har ført til mye av rettighetene skeive har i dag.  

Opprøret i seg sjølv blei utløyst av ein razzia frå politiet, og natt til 28. juni gjorde klientellet eit opprør som varte til neste dag. Det finnast mange ulike historiar om kva som faktisk skjedde og kven som var mest aktive i opprøret.

Det kanskje viktigaste er uansett at Stonewall blitt ståande som eit symbol på openheit og livskraft, og for retten til å stå opp mot eit samfunn som ikkje er anerkjennande og inkluderande. Det har også blitt eit viktig symbol for å syne fram breidda i den skeive rørsla, og for å gje minoritetane i minoriteten, som for eksempel transpersonar – som ofte har fått mindre plass og synlegheit – ein rettmessig plass i kampen.

Årsdagen for opptøyane blei valt som ein dag for å minnast, markere og protestere, og difor blir i dag ofte juni omtalt som «pride-månaden». Denne markeringa finnes i dag dei fleste verdenshjørnar.

 

Den rosa grensa

Mark Gevisser har omtalt skeive rettigheiter som «the pink line», ei rosa grense eller linje som deler verda i to.

På den eine sida står den delen av verda som i varierande grad aksepterer og inkluderer skeive, for eksempel gjennom lover som hindrar diskriminering på bakgrunn av kjønnsidentitet eller seksualitet, varierande former for å anerkjenne samliv mellom to av same kjønn, og ulik grad av helsehjelp til transpersonar. På den andre sida står den delen av verda som framleis avviser og straffar.

Dette kan kome til uttrykk for eksempel med lover straffar sex mellom to av same kjønn, og lover som nektar helsehjelp til transpersonar. Denne rosa linja kan også gå internt i eit land, for eksempel mellom inkluderande storbyar og strengare landsbygder. Dette betyr for eksempel at mange skeive ser moglegheita – og rom til – å kome ut i større byar, men ikkje naudsynt på heimplassen sin om dei er frå mindre stader.

I Noreg i dag er store delar av det skeive miljøet nærast likestilte med heterofile par gjennom rett til å inngå ekteskap, og rett til adopsjon og inseminasjon.

Samstundes ser ein ut frå levekårsundersøkingar at til dømes transpersonar opplev lite anerkjenning i lovverket og i helsevesenet, og har generelt dårlegare helse og større levekårsutfordringar. Med dette ser vi at ulike grupper skeive har ein svært ulik rettigheitssituasjon, og Pride-måneden blir ofte brukt som ei høve til å løfte denne problematikken.

Rettigheitssituasjonen internasjonalt

Pride er ein arena for både fest og protest, men vil også sjå ulikt ut frå stad til stad.

Sosialantropolog Elisabeth Engebretsen har for eksempel sett nærare på situasjonen i Kina der staten verken formelt anerkjenner eller kriminaliserer homofili, men kor streng sensur og kulturelle føringar likevel gjer openheit etter «vestleg» mønster vanskeleg. Lokal grasrotaktivisme, etablering av barar for skeive, Pride-feiringar og parader ser difor annleis ut her enn i vesten. Men likevel får kinesiske aktivistar utfordre dominante strukturar i sitt eige samfunn.

Til dømes har aktivistar i Kina hatt parade på ein Universitetscampus, noko som i liten grad blei møtt med sanksjonar. Dersom den hadde blitt haldt midt i eit bysentrum kunne utfallet vore annleis.

Andre stader i verda er det heilt utenkeleg at ein slik parade kan og vil finne stad. Mange stader feirar ein Pride med stor risiko og med vakthald frå politi eller militæret då motdemonstrantar og truslar gjer det farleg for deltakarane å vere med.

Ulike land og regionar har og har hatt ulike lover, skikkar og praksisar kva gjeld sex og kjærleik mellom personar av same kjønn og andre normbrytande uttrykk for kjønn og seksualitet.

I mange land blei for eksempel lover mot homoseksualitet innført av kolonimaktene sjølv om dei sjølve hadde ein aksepterande tradisjon heime. Dette gjeld for eksempel i Uganda, der lovene ved fleire tilfelle er forsøkt gjort enda strengare, blant annet dødsstraff for «homofile handlinger», til tross for sterkt internasjonalt press for å betre situasjonen.

Frå land til land ser vi at skeive møter ulik grad av motstand i form av biologiske, religiøse og politiske argument som i varierande grad ofte har basert seg på kva som oppfattast som det “normale”.

The International Lesbian, Gay, Bisexual, Trans and Intersex Association (ILGA) rapporterar at 67 medlemsland i FN framleis har lover som forbyr sex mellom to av same kjønn.

Jamfør ILGA går rettigheitskampen framover i dei aller fleste land, men i ulikt tempo, noko som gjer svært ulike livsvilkår for skeive rundt omkring i verda. 

Ei viktig utfordring dei seinare åra har vore at motreaksjonar mot skeive rørsler og aktivistar har vekst, også i land som USA som over mange år har hatt stor framgang knytt til skeive sine rettar. Til dømes ved at alle femti delstatane no gir rett til par av same kjønn til å gifte seg, men delstaten Florida har no innført lover som gjer at det ikkje er lov å diskutere skeiv tematikk i skulen før etter tredje klasse.

Pride og samfunnet

Dersom ein ser til historia og til Pride, kan ein sjå at openheit har skapt store positive endringar, men at det også kan føre til motreaksjonar og ein ideologisk kamp mellom ulike samfunnsgrupper. Dersom vi igjen tenker tilbake på det heteronormative, ser vi då at denne kampen handlar om kva som skal bli sett på som normalt, naturleg og vanleg, og kven som blir inkludert og kven som blir ekskludert.

Som nemnt blei det etablert rettigheitsbevegelsar i mange land i etterkrigstida, og etter Stonewall-opprøret i 1969 har det også festa seg ein kultur med openheit og synleg kamp.

I dag er skeive i svært mange land i dag på mange måtar likestilt med heterofile, men over store deler av verda er det likevel ei lang veg å gå før det ikkje speler noko rolle om du bryt med normene for kjønn eller kva for seksuell orientering du er fødd med.