Hopp til innhold

Asymmetrisk krig - konflikt

name

Asymmetrisk krig - konflikt

description

Krigar viser i dag ein aukande tendens til asymmetri i forholdet mellom konfliktaktørar. Aktørane er ulike og langt frå jamsterke, særleg om ein av partane heiter USA. Partane er ikkje jambyrdige statsmotstandarar; dei har særs ulik stridskraft, og ofra er i hovudsak sivile mens dei tidlegare var militære. I dei fleste konfliktane utgjør slagmarksofra bare ein mindre del av konfliktofra; dei fleste er indirekte offer. Dei døyr av krigens verknader – sjukdommar, mangel på medisin, under- og feilernæring.

Ikkje-statlege grupper rår stort sett ikkje over like store ressursar som statar og går derfor knapt ut i opent lende mot statlege soldatar med tyngre utstyr (sjølv i mange u-land). Dei tar derfor gjerne i bruk andre middel som terror mm. Mange meiner å kunne sjå større innslag av irregulære soldatar og fleire private aktørar i såkalla asymmetriske konfliktar. Andre meiner dette slett ikkje er nytt og seier at i førmoderne tid var slike konfliktar vanlege.