I løpet av dei tre første månadene sine som president har Trumps tryggingspolitikk skilt seg mykje frå valkampløfta til presidenten.
NUPI har gleda av å invitere til seminar der Ukrainas visestatsminister skal snakke om situasjonen i landet.
USA og Nord-Korea står på kanten av konflikt. Men kva er eigentleg Nord-Koreas mål? Ønskjer dei ein ny avtale med verdssamfunnet? Vi får besøk av ambassadør Christopher R. Hill, som var ansvarleg for framforhandlinga av den førre atomavtalen med Nord-Korea.
Ekspertar frå fleire leiande forskingsinstitusjonar gjestar NUPI for å diskutere forholdet mellom Kina og Norden i lys av dagens utfordringar.
Nord-Koreas hurtige framgang i utviklinga av atom- og missilprogram har blitt ein alvorleg tryggingstrussel mot det internasjonale samfunnet. Junya Nishino gjester NUPI for å fortelje om trusselen frå ein japansk ståstad.
Estland speler ei viktig rolle i Europas forhold til Russland. Estlands president besøkjer NUPI for å gi eit innblikk i tryggingsutfordringane i området.
Fabio Scarpello gjestar NUPI for å presetere boka "International Interventions and Local Politics: Fragmented States and the Politics of Scale".
Professor Susan L. Woodward gjestar NUPI for å snakke om boka si om mislykka statar.
Hacking, falske nyheiter og propaganda har blitt eit stadig vanlegare syn i verdspolitikken. Ofte blir Russland utpeika som hovudmistenkt. Men er det eigentleg rett?
Dette seminaret markerer avslutninga av prosjektet "Systems of Tax Evasion and Laundering: Locating Global Wealth Chains in the International Political Economy (STEAL)”. Hovudfunnet for prosjektet vil bli presentert og diskutert.