Arbeidsoppgåver og lenkeforslag til HHD nr. 24 2015
title
Arbeidsoppgåver og lenkeforslag til HHD nr. 24 2015
short_description
related_quiz
questions
tasks
- Kva meiner vi med eit pluralistisk samfunn?
- Kva meiner vi med eit autoritært samfunn?
- Kva forstår vi med «ikkje-reversible reformer»?
- Kva meiner ein med uttrykket plattismen i amerikansk utanrikspolitikk?
- Korfor kom det til eit slags samanbrot i den kubanske økonomien tidleg på 1990-talet?
- Kva var «Berlinmuren» mellom Florida og Cuba?
- Kva har styresmaktene på Cuba sagt når det gjeld politiske reformer? Kva skjer i praksis på det politiske feltet?
- Korleis har dei økonomiske reformene påverka kvardagen til kubanarar flest?
- På kva måte har privat sektor fått større plass i den kubanske økonomien i dei siste åra?
- Diskuter kva for hinder ei normalisering av forholdet mellom Cuba og USA står overfor.
- Diskuter kva for eit av dei tre scenarioa de trur vil vinne fram på Cuba. Stikkord: Kina, Mini-Florida og Skandinavia.
- Skriv ned kva for tankar du ville ha gjort deg om dei nye tonane i forholdet mellom Cuba og USA om du er ein typisk
- eksilkubanar i femtiåra i Florida
- kubanar i tjueåra på Cuba
- kubanar i femtiåra på Cuba
- menneskerettsaktivist på Cuba
- eldre pensjonist på Cuba
- vanleg amerikanar busett i New York
Lenkeforslag til denne artikkelen
tags
Politikk og menneskerettigheter (programfag),
gjøre rede for regionale og globale samarbeidsformer,
drøfte betingelser for medborgerskap og demokratiske styreformer
tags_migration
Politikk og menneskerettigheter (programfag)