Foto: Tom Brenner/The New York Times/NTB Scanpix

Presidenten i USA, Donald Trump, brukar stempelet "Fake news" på etablerte pålitelege media. 

Fake news!

Publisert: 20. Apr 2018

Det siste året har omgrepet falske nyheiter eller «Fake news» blitt meir og meir vanleg å lese i båe norske og internasjonale media. For berre eit par år sidan var dette eit omgrep som knapt blei nytta, medan i 2017 blei det av Noregs språkråd kåra til «årets nyord». Omgrepet blir brukt til å forklare sentrale utviklingar i det moderne digitale samfunnet, men korleis bør me forstå falske nyheiter?

  • Kva er falske nyheiter eigentleg?
  • Utfordrar dei demokratiet?
  • Kvifor brukar Trump "fake news" som stempel på medier han ikkje er einig med?
  • Og korleis skal me forhalde oss til alt dette?

I utgangspunktet kan ein tenke at tydinga til  falske nyheiter ganske openberr: Ei falsk nyheit er ei sak som ikkje er sann. Til dømes at nokon presenterer ei hending som faktisk ikkje har funne stad som ei nyheit. Den såkalla #pizzagate-skandalen er til ein slik type situasjon. I denne amerikanske skandalen blei det spreidd ei rekke falske nyheiter om at ein amerikansk pizzakjede og det demokratiske partiet dreiv ein pedofiliring. Mange trudde på dette, og dei tilsette i pizzakjeda opplevde mykje nettrakassering. Ein mann tok det heile bort frå den virtuelle verda då han tok med seg eit gevær og avfyrte skot inni ein av restaurantane til kjeda. I røynda var det heile ein konspirasjonsteori og usant.


via GIPHY


Sjølv om det har blitt mykje snakk om falske nyheiter det siste året, er fenomenet i seg sjølv ikkje nytt. Ofte seier ein nemleg at falske nyheiter nesten er det same som rykte. Men i staden for å bli kviskra frå ein person til ein annan, blir falske nyheiter spreidd gjennom til dømes ei internettavis eller TV-sending. Ei falsk nyheit kan vere heilt falsk, slik som skildra over, men det vanlegaste er likevel situasjonar der det er meir vanskeleg å avgjere om informasjonen er usann eller ikkje. Dette gjeld til dømes i situasjonar der nyheita presenterer ei hending som faktisk har funne stad, men kor fortolkinga av kva hendinga betyr i ein større samanheng openbart er urimeleg. 

2: Kan påvirke den politiske debatten

Dei typane falske nyheiter me er bekymra for, og som er årsaka til at omgrepet har fått så mykje merksemd, er dei som tilsikta eller utilsikta har påverknad på den politiske debatten i samfunnet vårt. Dette vil som oftast vere falske nyheiter som handlar om makt, politikk, utsette grupper og kjente personar med stor påverknadskraft. Om ei falsk nyheit seier at ein får langt og flott hår av å ete mango, er det ikkje så farleg. Om ei falsk nyheit derimot seier at ein sentral politikar til dømes er del av eit hemmeleg nettverk, men dette altså ikkje stemmer, er det mykje farlegare. På denne måten kan dei falske nyheitene opp med å påverke politikken i eit land, til dømes ved at nokre innbyggjarar kanskje vel, på falskt grunnlag, ikkje å røyste på partiet til denne personen ved neste val. 

Viss me tenker på falske nyheiter som ei form for ryktespreiing, skjønar me at fenomenet, kor enn skadelege verknader det kan få, ikkje eigentleg er veldig nytt. Rykter har antakeleg blitt spreidd så lenge menneske har levd i samfunn. Årsaka til at falske nyheiter likevel er interessante å diskutere som noko nytt er at debatten om dei tar opp i seg mange sentrale utviklingstrekk i vårt moderne samfunn.

3: Viktig for demokratiet

Foto: Public domain

For å forstå kvifor, kan ein starte med å sjå litt på rolla til media og pressa i samfunnet vårt dei siste hundreåra. Media er ein sentral del av demokratiske samfunn. Det er særleg to funksjoner som er sentrale for å bidra til eit velfungerande demokrati: Media spreier for det fyrste informasjon om kva som skjer i samfunnet til store delar av befolkninga. Slik er det ikkje berre dei som bur i dei store byane eller dei som personleg kjenner politikarar som veit kva som blir diskutert og vedteke på Stortinget, men òg dei som bur langt unna og som ikkje har noko personleg kontakt med politikarar og andre menneske med makt og innverknad. I samband med dette kan media òg vere ei kritisk vaktbikkje som ser maktmenneske i korta og deler informasjon med lesarane dersom dei finn ut at makta har blitt misbrukt.

For det andre tillèt media at innbyggjarane i eit land sjølv kan diskutere den politiske og kulturelle utviklinga i landet. Om eit kontroversielt val skal bli teke på Stortinget, kan enkelte borgarar uttrykke misnøya si med dette valet. Slik veit dei som tar politiske avgjerder at det eksisterer misnøye i samfunnet, og slik kan òg innbyggjarane prøve å påverke dei politiske diskusjonane.

Dei som arbeider i media skaper journalistikk, men for at denne skal kunne bli distribuert til store grupper av befolkninga er ein heilt avhengig av kommunikasjonsteknologi. Den fyrste viktige utviklinga her var sjølvsagt trykkpressa. Med den kunne ein for fyrste gong effektivt trykke og dele informasjon som kunne bli spreidd til store mengder menneske. Særleg i Noreg har avisa vore det viktigaste mediet for offentleg debatt og informasjonsdeling. Seinare kom radio og TV til som sentrale former for media.

Falske nyheiter har blitt delt i aviser, radio og TV før. Likevel er framveksten og spreiing av internett sentralt for å forstå rolla som falske nyheiter spelar i dag. Med internett har det blitt mykje enklare både å produsere og spreie falske nyheiter. Å etablere ein nettstad og lagre data er svært billeg, og for å produsere falske nyheiter treng ein i prinsippet berre pc, internettilgang og ein person til å skrive sakene.  

I tidsalderen til internettet har omgrepet falske nyheiter blitt nytta til minst tre forskjellige fenomen som ein kan gjere lurt i å skilje mellom.

 


4: Økonomiske motiver

Den fyrste bruken er knytt til internett og økonomi. Dette heng saman med poenget over om kor billeg det er å produsere falske nyheiter. I tillegg til at kostnadane er låge, er det mykje pengar å tene på internettannonser. For ein nettstad er det ofte slik at dess fleire som klikkar på ei sak, dess meir annonsepengar får dei. Dette er det nokre som har utnytta. Dei produserer då masse løgnaktige nyheitsartiklar med klikkvennlege og usanne overskrifter. I slutten av 2016 fann ein ut at mange av dei falske nyheitene som blei spreidd i amerikanske nettverk i sosiale media kom frå fattige folk frå Makedonia. Desse hadde ikkje blitt produsert med tanke på å fremje den eine eller andre kandidaten i det amerikanske valet, men enkelt og greitt å generere klikk for igjen å få annonseinntekter.

Sjølv om desse formene for falske nyheitene ikkje har som føremål å skape nokon politisk påverknad, kan dei likevel vere problematiske. For å skape mange klikk må dei skrive om ting som engasjerer lesarar. Dei makedonske ungdommane som stod bak skjønte etter kvart at falske nyheiter som handla om den amerikanske valkampen skapte stort engasjement, klikk og pengar i kassa. Desse spreidde seg ein del i sosiale media. Ein amerikansk mann som produserte falske nyheiter av slike økonomiske årsaker har sjølv uttalt at han trur han er årsaka til at Donald Trump no er i Det kvite hus. Dette er nok overdrive, men peiker likevel på at falske nyheiter kan ha politiske konsekvensar sjølv om forfattarane ikkje bryr seg om politikk sjølve. Me kan ikkje vite med sikkerheit om dette påverka eller endra synet til veljarar, men straumen av falske nyheiter på nett påverka utan tvil den amerikanske offentlege debatten rundt valet.

5: Utanlandsk påverknad

Dei som har blitt skulda for å ha politiske føremål med si falske nyheitsproduksjon er russisk-finansierte grupper. I samband med det amerikanske presidentvalet i 2016 har russiske myndigheiter blitt skulda for å ha prøvd å påverke valutfallet gjennom mellom anna å sponse falske nyheiter på Facebook. Facebook sjølv seier at om lag 10 millionar amerikanarar såg russisk-sponsa annonsar i perioden rundt det amerikanske presidentvalet.

Viss ein ser på dei ulike postane som har blitt betalt eller delt av russisk-styrde sider oppdagar ein raskt at det er vanskeleg å seie nøyaktig kva slags utfall desse falske nyheitene eventuelt skulle støtte opp om. Ifølgje Facebook handla dei russisk-sponsa annonsane om ei lang rekke politiske (og ikkje-politiske) tema, og det var ikkje, slik som ein av og til høyrer, at dei alle støtta Trump sitt presidentkandidatur.

Det kan i utgangspunktet vere ein god ting at utanlandske grupper har anledning til å delta i det offentlege ordskiftet i eit anna land, men når det skjer på ein fordekt måte og ved bruk av falske nyheiter er det svært kritikkverdig. Dette gjeld kanskje særleg når det er snakk om statlege eller statleg støtta grupper som mange vil meine har eit ekstra ansvar for å opptre retteleg.

6: Misbrukar "fake news"-stempel

Heilt i starten av 2018 annonserte president Trump at han ville dele ut ein «fake news»-pris til dei mest løgnaktige amerikanske media. Dei nyhendesakene som toppa lista kom frå anerkjende nyheitsorganisasjonar som New York Times, ABC News, CNN, The Washington Post med fleir. Desse er media som er kjende for å produsera høgkvalitets journalistikk, så kvifor seier Trump at dei spreier falske nyheiter?

Dette dømet viser til ein veldig viktig nyanse me må få med oss når me diskuterer falske nyheiter. Stort sett er det ikkje slik at ein er usamd om ei hending har funne stad eller ikkje, usemja ligg i korleis denne skal fortolkast. Alle er einige om at Svartehavs-halvøya Krim våren 2014 gjekk frå å bli styrt av Ukraina til å bli styrt av Russland, men var dette ulovleg og umoralsk maktutøving frå russisk side, eller var det ei rettferdig handling som oppfylte folket på Krim sitt ynskje om å bli russiske? Er Trump mannssjåvinistisk og nektar å sette seg inn i problemstillingane til kvinnekampen, eller har kvinnekampen gått for langt og Trump er blant dei få i den politiske eliten som torer å seie det høgt?



Veldig mykje av det som i sosiale media blir kalla for falske nyheiter er ikkje nødvendigvis løgnaktig i seg sjølve, men representerer synspunkt innanfor grupper med ulikt verdssyn. Dette gjeld truleg òg kåringa til Trump. Den politiske og sosiale verda er i prinsippet open for alle slags fortolkingar, og har ein grunnleggjande sett ulike verdssyn er det vanskeleg å einast om «riktige» fortolkingar. Det er vanskeleg å kategorisere den ideologiske ståstaden til Trump og hans folk, men det er i alle fall betydelege innslag av populisme og høgreorienterte standpunkt. Ideologien er i alle fall mykje mindre liberal enn kva dei media han ramser opp i kåringa si er rekna for å vere. Når Trump peiker på ein CNN-reportar på pressekonferanse, seier «you are fake news!» og nektar å svare på spørsmålet hans, er den beste fortolkinga kanskje ikkje at CNN produserer regelrett falske nyheiter, men at CNN og president Trump kjem frå ulike ideologiske ståstader.

7: Ha tunga rett i munnen

Når ein diskuterer falske nyheiter er det viktig å ha tunga rett i munnen for å forstå kva slags fenomen folk eigentleg snakkar om. I tillegg bør ein vurdere om ein sjølv er einig i at det gitte tilfellet bør kallast ei falsk nyheit eller ikkje. Det kan tenkjast situasjonar der falske nyheiter kan bli eit stort demokratisk problem, og #pizzagate-skandalen er eit tilfelle som viser at rykte på nett kan få farlege konsekvensar i den verkelege verda. 

Oftast er likevel falske nyheiter og bruken av omgrepet eit symptom på eit problem, heller enn problemet i seg sjølve. Det kan vere lurt å prøve å reservere omgrepet «fake news» til dei sakene som er reint faktisk falske. Det kan verke som at samfunna våre opplever aukande ulikskap i verdssyn og ideologi – eller i det minste at internett gjer slik ulikskap meir synleg. Eit splitta samfunn er det få som ynskjer, og truleg vil ei slik splitting berre bli større ved at dei ulike gruppene kallar den andre sitt verdssyn for «falskt». Kanskje er det ei betre løysing å ta seg tida til å argumentere kvifor ein er ueinig i fortolkinga det byggjer på.

Foto: Wikimedia commons/ CC BY-SA 4.0

#Pizzagate er eit døme på ei falsk nyheit som spreidde seg og hadde farlege konsekvensar.