Kvifor forhandle fred? Ein analyse av forhandlingsstart i den væpna konflikten i Colombia
Konflikten i Colombia har i mange tiår vore tilsynelatande uløyseleg. Trass i mange fredsforsøk har den alltid blussa opp att. I denne artikkelen forsøker eg å forklare starten på forhandlingane i 2012 mellom den colombianske staten og FARC, den største geriljagruppa i landet. Drange hevdar den fundamentale forklaringa på at dei nådde forhandlingsbordet, ligg i den militære svekkinga av FARC på 2000-talet, som gjorde at geriljagruppa gradvis såg det naudsynt, for i det minste å nå nokre av måla sine, å slutte konflikten gjennom forhandlingar. Den nest viktigaste faktoren er endringa i leiarskapet i Colombia, der den nyvalde presidenten Juan Manuel Santos i 2010 såg ei politisk løysing som mogleg og meir attraktiv enn forgjengaren og tok pragmatiske grep for å skape ein levedyktig prosess. Også tredjepartar bidrog til sjølve gjennomføringa av ein trygg og hemmeleg prosess samt til tillit til prosessen. Forhandlingsstart i 2012 vert – ved bruk av structured focused comparison – samanlikna med fredsdialogen i Caguán (1999–2002) mellom dei same partane, der partane ikkje byrja forhandlingar. Case-studiar som denne kan hjelpe oss å forstå dynamikkar bak kvifor væpna aktørar vel ei politisk løysing på ein væpna konflikt. Forhandlingsstart, som Drange analyserer, må ikkje likestillast med fredsavtale eller slutten på konflikten, men kan gje oss viktige svar på kor væpna aktørar sin motivasjon til å forhandle kjem frå, og under kva tilhøve denne motivasjonen kan bringe partane til forhandlingsbordet.
Ole Martin Stormoen
Ole Martin Stormoen er stipendiat tilknyttet NUPIs forskningsgruppe for sikkerhet og forsvar, og har tidligere vært forskningsassistent og koordin...
Militærmaktseminaret 2018: Ny verda – nytt NATO?
Korleis kan vi sikre eit truverdig kollektivt forsvar av Europa i desse Trump-tider? Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen opnar det 20. Militærmaktseminaret der vi inviterer til politisk og fagleg debatt.
EU, Kina og handelskrigen
Dette seminaret ser nærare på EUs politikk på handel, investering og patentvern overfor Kina.
Balancing between integration and autonomy. Understanding the drivers and mechanisms of EU's foreign, security and defense policy (EUFLEX)
EUFLEX studerer både hvordan EU, medlemsstatene og assosierte stater, som Norge, balanserer mellom hensynet til å ivareta nasjonal selvbestemmelse (autonomi) på den ene siden, og lojal...