Bildet viser en militærparade i Nord-Korea Foto: Wong Maye-e/AP/NTB Scanpix

VISER MUSKLAR: Soldatar i Nord-Korea marsjerer over Kim Il Sung-plassen i hovudstaden Pyongyang for å feire 105-årsdagen for Kim Il Sung, sitjande Kim Jong Uns bestefar.

På jakt etter ei fredeleg løysing

Publisert: 8. juni 2017

Kan Nord-Korea taklast på fredeleg vis?

Ved byrjinga av kvart år aukar spenningane på Koreahalvøya. Dette er tida for USA og Sør-Korea sine årlege militærøvingar, som Nord-Korea ser som angrepsførebuingar. Årets byrjing er også tida for feiring av Kim-familiens bursdagar, samt Hærens dag, som normalt blir markert med militær fjørbrusing - i form av oppskyting av missil eller satellittar, atomprøvesprengningar, ei stor militærøving eller i det minste ein militærparade.

Slik opna seniorforskar Sverre Lodgaard si Rotblat-forelesning i Storbritannia førre veke. Lodgaard har forska på nedrustingspolitikk i ei årrekkje, og sa i forelesninga si at 2017 har vore eit særleg illevarslande år med omsyn til Nord-Korea. Han kalla risikoen for væpna konflikt med landet som låg, men sa samtidig at innsatsen er heva, og at Nord-Korea ikkje viser teikn til å trekkje seg tilbake.

Heile forelesninga kan du lese her:

Rotblat lecture. final text docx.pdf (306,6 kB)