Hopp til innhold
NUPI skole

Slik vil Ukraina-krigen påverke norsk energi

Noreg bør få på plass ein energipolitikk som gjer det grøne skiftet mindre smertefullt. Men samtidig som Ukraina-krigen har sett fart i EUs fornybarambisjonar, kan han også ha kjøpt Noreg meir tid til å tilpasse seg, ifølgje ny NUPI-rapport.

Energisektoren har dei siste åra bidrege med opptil 50 prosent av inntektene til den russiske staten. – Desse inntektene vart brukte mellom anna til å finansiere moderniseringa av Russlands væpna styrkar, som vart sendt over grensa til Ukraina 24. februar 2022, forklarer NUPI-forskar Jakub Godzimirski.

Foto: NTB

– Noregs rolle som energileverandør til den europeiske marknaden vart skikkeleg styrkt av krigen i Ukraina, men samtidig må ein rekne med at den grøne overgangen som Europa satsar så tungt på, på eit tidspunkt kan undergrave Noregs rolle som leverandør av fossile brensel.

Det seier forskar 1, Jakub Godzimirski, som står bak NUPI-rapporten The Ukraine War, the New Geopolitics of Energy, and Norway.

Her har han undersøkt korleis Russlands invasjon av Ukraina i 2022 har endra samspelet på energifeltet både regionalt og på verdsbasis. Han har også sett nærare på korleis desse endringane påverkar Noreg. I rapporten konkluderer han mellom anna med at sidan Ukraina-krigen har sett fortgang i Europas grøne energiambisjonar, bør Noreg førebu seg på dette ved å få på plass energipolitikk som gjer denne overgangen mindre smertefull.

Men samtidig som EU ivrar etter å få fortgang i overgangen til grøn energi, tyder enkelte ting på at det kan gå motsett veg. Sanksjonane mot olje og gass frå Russland har til dømes gjort at Storbritannia har bremsa overgangen, medan Tyskland har opna opp kolkraftverk.

Godzimirskis hovudkonklusjon er derfor at fornybarovergangen definitivt vil skje, men at han vil skje i eit saktare tempo enn det ein tidlegare har gått ut frå, og dermed gi Noreg meir tid til å tilpasse seg.

Dette gjer norsk gass så viktig no

Før krigen i Ukraina var Noreg, saman med Russland, blant dei viktigaste energileverandørane til Europa. 41,1 prosent av gassen og 26,6 prosent av olja som EU importerte, kom frå Russland. Tilsvarande stod norsk gass for 16,2 prosent, og norsk olje for 7 prosent.

Då krigen braut ut i februar 2022, satsa alle europeiske land på å gjere seg uavhengige av import av energi frå Russland. Russland innførte også tiltak som resulterte i avgrensa tilgang til russisk gass og olje i Europa. Då russiske energiforsyningar vart avgrensa, betydde det at andre aktørar, inkludert Noreg, måtte fylle dette energitomrommet.

Dette gjer at norsk energi no er svært viktig for resten av Europa.

– For det første treng Europa all gassen ein kan få – og Noreg har mykje av han, seier Godzimirski, og held fram:

–  For det andre ligg Noreg nær resten av Europa, noko som betyr at fraktrelaterte kostnader og risikoar er svært avgrensa. For det tredje er Noreg alliert med dei fleste energikundar i Europa gjennom NATO. Og for det fjerde er Noreg gjennom EØS-avtalen ein del av EUs regulatoriske regime, som definerer reglar for energisamarbeid. Men på grunn av avgrensingar relatert til ressursar og tilgjengeleg transportinfrastruktur har Noreg samtidig få høve til å auke produksjonen og eksporten sin av gass til Europa.     

Ei rekkje energikonsekvensar av Ukraina-krigen

Når det gjeld energi, er det ikkje berre på lommebøkene til europearane krigen i Ukraina blir merka. 

– Det har resultert i at Russland vart tvinga til å forlate den europeiske marknaden og måtte finne andre marknader for energileveransane sine. I tillegg har krigen fått EU til å satse endå meir på det grøne skiftet, både for å gjere seg mindre avhengig av eksterne energileverandørar og for å handtere klimautfordringa. Krigen har også avslørt betydninga av kritisk energiinfrastruktur og det auka behovet for å verne denne infrastrukturen både i fredstid og under ein mogleg konflikt, forklarer Godzimirski.

Sett i etterpåklokskapens lys, ville nok mange politikarar i Europa valt annleis då dei i si tid innleidde energisamarbeid med Russland. Så kvifor gjorde dei det i utgangspunktet ?

– Det var krefter i Europa, til dømes i Tyskland, som meinte at det å byggje sterke økonomiske samband med Russland ville skape ein situasjon av gjensidig avhengnad, seier NUPI-forskaren.

Målet var ein vinn-vinn-situasjon.

– Dette skulle gi Europa tilgang til relativt billig energi frå Russland og også ha ein positiv effekt på politiske relasjonar mellom EU og Russland, fordi ein trudde at det ville gjere Russland mindre interessert i å skape problem for den viktigaste økonomiske samarbeidspartnaren deira og undergrave Russlands evne til å tene mange pengar.

Slik gjekk det altså ikkje.

Energiinntektene vart brukte til å modernisere militæret

–  Russland valde å gå til krig mot naboen sin og var tilsynelatande villig til å ta det økonomiske og politiske tapet dette måtte medføre.

Energisektoren har dei siste åra bidrege med opptil 50 prosent av inntektene til den russiske staten.

–Desse inntektene vart brukte mellom anna til å finansiere moderniseringa av Russlands væpna styrkar, som vart sendt over grensa til Ukraina 24. februar 2022, forklarer Godzimirski, og konstaterer:

– Då krigen vart eit faktum i 2022, forstod mange i Europa at det å gjere seg avhengig av Russland når det gjeld energiforsyning, ikkje var så veldig klokt.

 

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Norden
  • Konflikt
  • Klima
  • Energi
  • EU