Hopp til innhold

Kva er ein militsgruppe og kva for rolle har dei i Irak?

Foto: Oliver Weiken/DPA/NTB scanpix

Dei mektige militsane i Irak

Tenk viss Arbeiderpartiet i Noreg hadde si eiga væpna gruppe, som ikkje lystra staten, men Jonas Gahr Støre? Dette er situasjonen i Irak 15 år etter den kontroversielle invasjonen som kasta landet ut i langvarig krig og konflikt.

Personer

Henriette Ullavik Erstad
Tidligere ansatt
  • Kva er eigentleg ein milits?
  • Kvifor veks militsar fram i svake og konfliktramma statar som Irak?
  • Korleis kan regionale stormakter som Iran bruke militsar til å oppnå eigne politiske mål?
  • Kva slags implikasjonar har militsane for Iraks framtid?

Den 20. mars 2003 gjekk USA-leidde styrker inn i Irak. På kort tid var landet  Okkupasjon , og Saddam Husseins  Regime  vart historie. Den kontroversielle  Invasjon  og den følgande okkupasjonen etterlet seg djupe spor – ikkje berre i Irak, men i store delar av Midtausten. Sjølv om Hussein sitt regime i aller største grad var eit terrorvelde, og svært mange irakarar drøymde om eit Irak utan han, var det nok få som var førebudde på det dei hadde i vente.

I 2006 utvikla konflikta seg også til å bli ein  Sekterisk   Borgerkrig  mellom landets  Sjiaislam - og  Sunniislam folkegrupper. Og som om ikkje landets sivilbefolkning hadde vore gjennom nok, erklærte Den islamske staten (IS) sitt såkalla  Kalifat på irakisk og syrisk territorium i juni 2014. Sjølv om statsminister Haider al-Abadi erklærte siger mot IS i fjor, har dei framleis aktive celler og utfører stadig terroråtak ulike stadar i Irak.

Ifølge Iraq Body Count har krigen ført til at mellom 180 og 200.000 sivile har mista livet i konflikta sidan 2003, og det å gjenoppbygge og stabilisere landet etter krigens øydeleggingar kjem til å vere ein lang og krevjande prosess. Det er difor mykje ein kan prate om når det gjeld arva invasjonen har etterlete seg. I denne artikkelen skal vi sjå nærmare på ei av dei mange konsekvensane etter 2003 – nemleg framveksten av militsar.

Kart: CIA

Kva er ein milits?

Når det kjem til pågåande konfliktar i Midtausten, uansett om det er snakk om Syria, Jemen, Afghanistan eller Irak, er det ikkje berre statlege aktørar som spelar ei sentral rolle. Den regionale ustabiliteten har fremma den militære, politiske og sosiale rolla til væpna grupper. Desse gruppene er ofte ikkje-statlege, men dei kan også vere i gråsona, altså delvis statlege. Blant desse har militsane blitt svært innverknadsrike. Om militsar hamnar innanfor kategorien ikkje-statleg eller delvis statleg er eit vanskeleg spørsmål, men dei kan vere begge deler. Begrepet milits er både vidt og vanskeleg å definere. Det eksisterer nemleg mange ulike typar militsar, som er svært forskjellige frå kvarandre på ein rekke områder. Laust definert kan ein likevel seie at militsane i Irak er væpna aktørar som opererer i gråsona av det statlege og ikkje-statlege domenet.

Militsar opererer som regel innanfor territoriet til ein svak og som regel konfliktramma stat, mens nokon også tek del i transnasjonale nettverk utanfor egne statlege landegrenser. Fleire av dei irakiske sjiamilitsane deltek også i operasjonar for president Bashar al-Assad i Syria saman med den libanesiske sjiamilitsen Hizbollah. Militsar kan også samarbeide med staten, slik irakiske militsar har gjort i kampen mot IS etter 2014. Dei kan også operere på vegne av ein ekstern stat sine interesser. Enkelte sjiamilitsar blir for eksempel ofte rekna som å handle på vegne av Iran, ikkje berre i Irak, men også i Syria, Jemen og Libanon. Militsar er difor ikkje nødvendigvis uavhengig frå staten, sjølv om sjølvsagt nokon er det.

Men militsar er ikkje berre væpna grupper som driv med militære aktivitetar. Militsar kan faktisk også vere sosiale eller politiske bevegelsar, som kan vere svært populære i enkelte lokalsamfunn der staten av ulike grunnar ikkje strekk til. Sjiamilitsane i Irak har for eksempel oppnådd legitimitet blant befolkninga gjennom å tilby tenester innan utdanning, helse, samt å beskytte viktige religiøse bygg. Libanesiske Hizbollah har også vore svært aktive på denne fronten og har spelt ei viktig rolle i å tilby sosiale tenester til fattige sjiamuslimar i sørlege Libanon. På denne måten er ikkje militsar berre væpna grupper som utfordrar eller trugar statens autoritet, dei blir også ofte ein sentral og nødvendig aktør i samfunn der dei utfyller visse behov. Men ikkje nok med det – militsar kan også danne politiske parti og gå over til å bli politiske aktørar.

I parlamentsvalet i Irak 12. mai konkurrerer den prominente Fatah-alliansen, som er ein koalisjon av sjiamilitsar, om makta. Desse militsane har vore svært effektive i kampen mot IS, og er samstundes religiøst, ideologisk, militært og økonomisk knytt til både Hizbollah-militsen i Libanon og den mektige nabostaten Iran.  

"Militsifiseringa" av Irak

Det var særleg den svekka sikkerheitssituasjonen etter invasjonen i 2003 som førte til at militsane veks fram til å bli sentrale aktørar i Irak. Før amerikanske soldatar i det heile tatt hadde nådd Bagdad hadde gjengar som var lojale til den sjiageistlege. Muqtada al-Sadr allereie tatt over politistasjonar, beslaglagt våpen og døypt dei sjiamuslimske distrikta i austlege Bagdad for Sadr City. Iraks grunnlov forbyr væpna grupper som opererer uavhengig av Iraks eigne styrker, og militsane utfordrar difor i stor grad statens monopol på vald- og maktutøving. Det at dei konkurrerer i årets parlamentsval er heller ikkje lovleg, men ingen har klart å hindre dei i å gjere det. Korleis har dei blitt så mektige?

Først og fremst er det feilaktig å tru at alle desse militsane oppstod etter 2003, sjølv om det var då dei fekk størst betydning. Sidan Baath-partiet kom til makta i 1968 har det nemleg vore ein aktiv opposisjon i landet, og særleg etter at Saddam Hussein vart president i 1979. Sidan politisk opposisjon vart slått hardt ned på, flykta fleire av desse gruppene til Iran, der dei utvikla eigne væpna styrker. Blant dei allereie eksisterande militsane som vart prominente etter 2003, fann ein for eksempel kurdiske militsar og sjiamilitsar som returnerte etter å ha organisert seg i eksil i Iran sidan byrjinga av 1980-tallet. Supreme Council for Islamic Revolution in Iraq (SCIRI) hadde blant anna sin eigen milits, Badr-brigadene, som fekk militær trening og finansiell støtte frå Irans revolusjonsgarde.

Invasjonen i 2003 førte til at sikkerheitssituasjonen i Irak vart betydeleg svekkja. Militsane har først og fremst oppstått som ein konsekvens av invasjonen, og statlege sikkerheitsstyrker si manglande evne til å beskytte eiga sivilbefolkning. Ei stor utfordring for den irakiske staten har nemleg vore å levere offentlege tenester som irakarar er avhengige av i sitt daglege liv, inkludert eit velfungerande politi og forsvar. Ein bidragsytande faktor til dette var den såkalla avbaathifiseringa av Irak. Det okkuperte Irak fekk amerikanske Paul Bremer som de facto statsoverhovud, som sendte ut to skjebnesvangre ordre som skulle definere den nye staten; CPA Order 1 oppløyste det styrande Baath-partiet og førte til at tusenvis med offentlege tenestemenn som var ansvarlege for å styre staten, mista jobben, og CPA Order 2 oppløyste det irakiske militæret og dei omfattande etterretningstenestene. Dette vart gjennomført blant anna fordi koalisjonen frykta at dei statlege tilsette frå Baath-tida ikkje var lojale, og i verste fall kunne organisere eit statskupp for å ta tilbake makta. Blant dei som mista jobben var det fleire som vart medlem av ulike motstandsbevegelsar og opprørsgrupper, som for eksempel  Al Qaida .

Da det nye statsapparatet i Irak skulle byggjast opp, mangla det altså både kapasitet og legitimitet til å tilby sikkerheit og å handheve loven i alle delar av landet. Dette gav militsane ei unik moglegheit til å konsolidere makt og auke sin legitimitet blant sivilbefolkninga. I første omgang beskytta dei heilage stadar som moskear og mausoleum, men etter kvart fekk dei langt meir omfattande kontroll. Blant desse militsane fant ein også dei kurdiske og  Islamister væpna opposisjonsgruppene som hadde returnert frå eksil, i tillegg til nye som hadde oppstått frå lokale aktivistgrupper, nabolagskomitear, samt nettverk av geistlege og lokale stammar. Både gamle og nye parti hadde ein viktig ting til felles: dei ynskja ei omfattande redistribuering av makt etter årevis med brutal undertrykking under Saddam Hussein. I tillegg var fleire svært aktive i å angripe USAs koalisjonsstyrker, noko som var den viktigaste kampsaka til fleirfaldige sjiamilitsar og sunniopprørarar. Etter borgarkrigen braut ut i 2006 byrja dei også å angripe kvarandre.

Valden, uroa og maktvakuumet som vart skapt etter 2003 er altså den viktigaste årsaka til at militsane fekk innflytelse, men mengda av militsar har også auka betrakteleg etter 2014. Den 15. juni 2014 erklærde Abu Bakr al-Baghdadi seg som kalif over det islamske kalifatet i Irak og Syria, nemleg IS. Gruppa var allereie farleg nær Iraks hovudstad Bagdad, og irakiske sikkerheitsstyrker var ikkje i stand til å hindre frammarsjen. Det som skjedde då var at Ayatollah Sistani, som er den mektigaste sjiageistlege i Irak, sendte ut ein religiøs fatwa. I fatwaen oppfordra han alle menn, uavhengig av etnisk eller religiøs tilhøyrsle, om å rekruttere seg til den irakiske hæren for å forsvaret landet mot IS. Det var likevel blant landets sjiamuslimar i at fatwaen hadde størst påverknadskraft, sidan mange av dei ser på Sistani som sin øvste åndelege leiar. Då titusenvis av menn faktisk gjorde dette, var ikkje militæret i stand til å ta i mot dei, og dei blei difor sendt vidare til velorganiserte militsar. Desse var nemleg betre skikka til å rekruttere nye soldatar som kunne bidra i kampen. Denne massive rekrutteringa førte til at militsane mobiliserte for å bli sterkare – noko dei gjorde under namnet Hashd al-Shaabi – eller «dei populære mobiliseringsstyrkene», som det blir oversett til på norsk. Blant dei ulike gruppene i Hashd al-Shaabi er det sjiamilitsane som har vore dei mektigaste – særleg dei med tilknyting til Iran. Dei viste seg å vere svært effektive i kampen mot IS, som også fekk hjelp frå ein internasjonal koalisjon, irakiske sikkerhetsstyrker, og den kurdiske peshmergaen.

Korleis er dette ein del av den regionale maktkampen?

Når det er snakk om sjiamilitsar i Irak, er det den islamske republikken Iran som er den regionale  Stormakt som har størst innflytelse. Iran er den største sjiamakta i regionen, og deira utanriks- og tryggingspolitikk er i stor grad påverka av dette. Det er faktisk slik at Iran støttar ei stor mengd av desse gruppene, både militært, økonomisk, ideologisk, og til og med religiøst. I dag kan ein grovt sett dele sjiamilitsane inn i to kategoriar: dei som følgjer tankegodset til Irans øvste leiar, Ayatollah Khamenei, og dei som følgjer tankegodset til Ayatollah Sistani, som har hovudsete i den irakiske byen Najaf. Hovudforskjellen mellom dei to leirane er synet dei har på forholdet mellom religion og politikk. For å forstå Irans forhold til militsar må vi reise tilbake til 1979, då den iranske revolusjonen førte til at landet vart ein islamsk republikk. Heilt sidan den tid har nemleg ein sentral del av Irans regionale strategi vore å støtte militsar og mobilisere dei rundt sin eigen agenda, ikkje berre i Irak, men også Libanon og no i seinare tid Syria og Jemen.

Irans øvste leiar, Ayatollah Khamenei. 

Foto: Bockopix/Creative Commons/CC BY-NC-SA 2.0

Men kvifor vel statar som Iran å støtte militsar? Det er ikkje berre eitt svar på dette spørsmålet, og det kan ofte vere vanskeleg å skilje mellom ulike motiv. Ein stat kan for eksempel velje å støtte ein milits dersom militsen kjempar mot ein fiende av staten. Eit døme på dette er at Iran i fleire tiår har støtta Hizbollah i Libanon, og saman har dei køyrd ei hard linje mot den felles fienden Israel. På same måte har Iran støtta militsar som kjempar for Assad-regimet i Syria. I Irak har også sjiamilitsane angrepet mot USAs koalisjonsstyrker etter 2003, noko Iran skal ha støtta. På denne måten kan Iran påverke utviklinga i ei konflikt eller skremme ein motpart utan å bruke si eiga statlege hær, noko som truleg ville fått langt større konsekvensar. Iran og Saudi-Arabia er kjente for å kjempe mot kvarandre på denne måten. Militsane blir difor ofte sett på som Irans forlenga arm i regionen, som kompenserer for at dei er militært underdanig regionale «fiendar» som USA. Dei siste åra har dei også auka støtta betrakteleg til grupper som kjempar mot terrorgruppa IS, som Iran ser på som ei stor trussel. Støtta kan også vere basert på kalkuleringar om å auke innflytelsen sin i eit anna land dersom militsen faktisk blir så politisk mektig at han påverkar avgjerdsprosessane i landet.

Implikasjonar for Iraks framtid

Militsar veks som regel fram i svake statar. Når statens kapasitet aukar og den forsøker å konsolidere makta på ny, er det å avvæpne, demobilisere og reintegrere militsane i eit statleg, lovleg rammeverk ei stor utfordring. Etter den militære sigeren mot IS, er Irak i ei slik fase, nemleg stabilisering og gjenoppbygging av eit svært krigsherja land. Irakiske sjiamilitsar har spelt ei viktig rolle i å sikre Iraks territoriale integritet, samt å beskytte sivile frå IS. På den andre sida har militsane også bidrege til å undergrave staten, i det dei utfordrar monopolet staten i prinsippet skal ha på både vald og maktutøving. Fleire av sjiamilitsane har signalisert at dei ikkje ynskjer å integrerast inn i dei statlege styrkene, mens andre til og med har sagt at dei lystrer Irans øvste leiar framføre Iraks statsminister. Når det skal leggast ein plan for Iraks framtid må ein difor også finne ut kva for ei rolle militsane skal ha i den. Militsane har nok kome for å bli, men om dei får styre landet eller ikkje avhenger av valet som skal haldast 12. mai.

Arbeidsoppgaver

Spørsmål til artikkelen

  1. Kva er ei militsgruppe?
  2. Kva for to land støtter kjente militsgrupper i Irak?
  3. Kvifor var invasjonen av Irak i 2003 kontroversiell?
  4. Var det invasjonen i 2003 som førte til at militsgrupper voks fram i Irak?
  5. Kva er dei største forskjellane på sunni- og sjiaislam?
  6. Drøft om militsgrupper kan bidra med noko positivt for befolkninga i eit land.
  7. Drøft korleis regionale stormakter som Iran og Saudi-Arabia kan bruke militsar til å oppnå eigne politiske mål.
  8. Til diskusjon: Er det brott på statleg suverenitet når ei stat støtter ei intern militsgruppe i eit anna land? 

Lenkeforslag til denne artikkelen:

For å få en inngående forklaring i forskjellen på sunni- og sjiaretningen innen Islam kan du lese denne artikkelen hos Aftenposten eller denne artikkelen og Store norske leksikon

Det er skrevet en rekke gode "Hvor hender det?" relatert til dette temaet: 

Relaterte kompetansemål