Foto: Ronan Shenhav/Creative Commons/CC BY-NC 2.0

Vender Russland ryggen til Vesten? Eller er dreiinga overdriven? 

NY BOK: Vender Russland ryggen til Vesten?

Publisert: 17. jan. 2018

Har Russland styrkt banda til Aust-Asia, og fører dette til at dei trekkjer seg unna Vesten?

«Saman har vi skånsamt teke hand om og pleidd russisk-kinesiske samband. No er tida inne til å hauste fruktene», sa Kinas president Xi Jinping etter eit møte med Vladimir Putin i Beijing i 2014. I kjølvatnet av annekteringa av Krim lata det til at Russland og Kina hadde funne tonen på fleire område.

NUPI-forskarane Helge Blakkisrud og Elana Wilson Rowe diskuterer i den nye boka si «Russia's Turn to the East» mellom anna Russlands mykje omtalte dreiing mot aust handlar om det problematiske forholdet til Vesten.

Sanksjonar og avtalar

Ukraina-krisa førte til at Russland blei råka av ei rekkje vestlege sanksjonar mot enkeltpersonar, banker og energiselskap. Kort tid etter kom vennskapet mellom Xi og Putin til uttrykk mellom anna gjennom inngåinga av ein gigantisk avtale om russiske gassleveransar til ein verdi av 400 milliardar dollar.

Rowe og Blakkisrud meiner likevel at det ikkje er ein direkte samanheng mellom det som verka som ei oppblomstring av varme kjensler til Austen og dei kjølige relasjonane til Vesten.  

-Vi ser at dreiinga mot aust har djupare røter enn Ukraina-krisa. Intensiteten i samarbeidet mellom Russland og Kina har ikkje endra seg vesentleg etter annekteringa av Krim, seier Rowe.

Det er heller merksemda rundt dei diplomatiske relasjonane og enkelte tilsynelatande økonomiske gjennombrot som har auka, både frå Russland, Kina og Vestens side, ifølgje forskarane.

Overdriven dreiing

-Aust-Asia er ein region i rask økonomisk vekst. Det er naturleg at russarane søkjer nye marknader i for eksempel Kina, Japan eller Sør-Korea. Samstundes blir truleg omfanget av orienteringa mot aust haussa noko opp i russisk samanheng. Det er difor viktig å få ei forståing av kva som berre er slagord og policyprogram, og kva som faktisk blir implementert, både innanrikspolitisk og i diplomatiske forhold, poengterer Blakkisrud.

I «Russia's Turn to East» kjem det fram at den påståtte vendinga mot aust i stor grad handlar om innanrikspolitiske forhold.

-Dette dreier seg meir om at russiske styresmakter ønskjer å utvikle den austlege delen av landet. Russlands fjerne Austen utgjer ein ekstrem periferi sett frå Moskva. Regionen er ressursrik, men den er underutvikla og har få innbyggarar. Ønsket har vore å stanse fråflyttinga og få oppsving i økonomien i regionen, og den beste løysinga har vore å opne opp forutanlandske investeringar og interaksjon med Aust-Asia, forklarer Blakkisrud.

Boka, som er skriven saman med norske, russiske, koreanske og britiske forskarar, er basert på forsking finansiert av Korea Foundation og det norske utanriksdepartementet.