Hopp til innhold

* Kjelde for valdeltaking: www.electproject.org/2016g. Tala er uoffisielle og førebels, og omfattar andel av alle med stemmerett. Om ein reknar alle over stemmerettsalder, er valdeltakinga ca 55 %.

Presidentvalet i 2016: Korleis kunne Donald Trump vinne?

Den 8. november overraska den republikanske presidentkandidaten Donald J. Trump både seg sjølv og andre då han vann over den politiske veteranen til Demokratane, presidentkandidat Hillary Clinton. I valet sto den første kvinnelege presidentkandidaten frå eit av dei to store partia mot ein motstandar som har blitt skulda for å vere kvinnefiendtleg – eit val som var prega av skittkasting, ukvemsord og skandalar.

Personer

Hilde Restad
er førsteamanuensis ved Oslo Nye Høyskole.
  • Korfor vann ikkje den kandidaten valet som hadde flest stemmer nasjonalt?
  • Korfor blei utfallet av valet eit anna enn dei fleste kommentatorane hadde varsla?
  • I kva for område og grupper var det Clinton tapte valet og Trump vann?
  • Kva var viktige suksessfaktorar bak valsigeren til Trump?

Den relativt sett låge valdeltakinga blant tradisjonelle demokratar i viktige delstatar som Michigan, Wisconsin og Pennsylvania tyder på at Clinton ikkje trefte  folk heime, mens Trump på si side vann med ein av dei lågaste prosentane i amerikansk historie (ca. 46 prosent av røystene).

Val-, partisystem og valatferd

Presidentval blir halde kvart fjerde år. I Kongressen (Representantanes hus og Senatet) sit senatorar i periodar på 6 år, kongressrepresentantane i bare 2 år. Altså stiller heile Representantanes hus (Huset) og ein tredel av Senatet til val annakvart år. Annakvart kongressval fell dermed saman med presidentvalet, og annakvart blir eit såkalla mellomval – midt i presidentperioden.

Mellomvala blir viktige også for presidenten; dei tener som ei meiningsmåling på kor nøgde veljarane er med det som er gjort så langt. Dessutan kan dei gi eller frata presidenten eit fleirtal i eitt eller begge kammera i Kongressen. Mellomval har gjerne lågare valdeltaking enn presidentval, og det er ofte ein meir republikansk innstilt veljarmasse (eldre og kvitare enn veljarane som vel i presidentval) som møter fram i desse vala.Når representantane i Huset sit i bare 2 år, inneber det at dei ofte driv valkamp nesten heile tida. Nokre meiner denne «permanente valkampen» har bidratt til mindre samarbeidsvilje og venskap på tvers av partia. Før var det meir vanleg å bli kjent på tvers av partigrensene.

Kvar delstat har to senatorar, mens  talet på representantar i Huset varierer etter folketalet i den enkelte delstaten: Dei mest folkerike er California, Texas, New York og Florida; dei minst folkerike er Wyoming, Vermont, Nord-Dakota og Alaska.

Som følge av demografisk forskyving innad i USA sender snøbeltet i nordaust færre representantar til Huset i dei siste åra; solbeltet i sørvest sender fleie. Latinoar i sør og sørvest har fått større betydning, mens kvite har fått mindre. Faktisk er amerikanarar med latinamerikansk bakgrunn blitt ei større folkegruppe enn den historisk største minoritetsgruppa i USA, nemleg afroamerikanarane: 17,6 prosent mot 13,3 prosent. Innen 2050 vil den befolkningsgruppa som identifiserer seg som «kvit», ikkje lenger vere i fleirtal i USA, rapporterer U.S. Census Bureau (tal frå 2010).

Veljarar med afroamerikansk bakgrunn stemmer gjerne på Det demokratiske partiet (bare 11 prosent stemte på republikaneren George W. Bush i 2000 og 2004, mens i 2008 stemte 95 prosent og i 2012 93 prosent på demokraten Barack Obama,).

Latinoar er gjerne katolikkar og ofte meir konservative i verdispørsmål enn andre demokratiske veljarar. Men når det gjeld innvandringspolitikk – eit saksfelt som ofte har personleg betydning for latinoer – er Republikanarane særs konservative og skyv derfor ofte frå seg latinoar i val.

Etter at Mitt Romney tapte for Obama i 2012, ønskte partiet å appellere meir til minoritetsveljarar (med det meiner ein hovudsakleg latinoar) og veljarar som er meir liberale i verdispørsmål (som homofilt ekteskap).

Grunnlova er ein grunnstein i det amerikanske politiske systemet. Den fastheld blant anna fire viktige prinsipp: USA skal vere ein

  • republikk (i motsetnad til konge og monarki)
  • Føderasjon  (maktdeling mellom sentralregjering og dei enkelte delstatane),
  • ha maktdeling mellom statsmaktene (president/regjering, Kongressen og rettssystemet)
  • ha eit system for «checks and balances» (balansere statsmaktene)

Presidentval i USA er eit resultat av denne styringsforma. Presidentvalet er nemleg eit indirekte val der utsend-ingar (valmenn) frå kvar av delstatane i  Føderasjon  stemmer på presidenten. Dette kompliserte systemet er eit resultat av eit kompromiss som grunnlovsfedrene inngjekk på 1700-talet. Kompromisset var at kvar delstat skulle få eit visst antal såkalla «valmenn» (meir under) varierande etter folketalet i dei enkelte delstatane.

Valsystemet i USA er eit system der «vinnaren-tar-alt» – system med fleirtalsval. Det betyr at den presidentkandidaten som oppnår flest stemmer i ein delstat, får alle valmennene derfrå. Desse utnemner (vel) presidenten etter  valet. På den måten forvissa grunnlovsfedrane seg om at ein hadde ein sikkerheitsventil på valet til (dei frykta og «uinformerte», slik dei så det) massane. I realiteten stemmer valmennene i dag i tråd med resultata i dei enkelte delstatane; dermed har dei heller inga sjølvstendig rolle som sikkerheitsventil. Opp gjennom historia har 99 prosent av valmennene følgt stemmegivinga til innbyggarane. Uansett: Den 19. desember kjem valmennene saman og avgir sine stemmer. Vinnaren i ein delstat har altså alle valmennene derfrå.

Til saman finst der 538 valmenn. Ein presidentkandidat treng då minst 270 valmenn for å oppnå fleirtal og dermed vinne valet. Dermed skulle vi tru at det gjeld å kurtisere veljarane i dei største delstatane – som California, den mest folkerike delstaten og med flest valmenn (55). Texas er nest størst, med 38. Men verken Clinton eller Trump var ofte i desse delstatane (anna enn for å samle inn pengar til valkampen). Korfor ikkje?

Grunnen er at veljarfleirtalet i California stabilt stemmer på Det demokratiske partiet, mens i Texas har fleirtalet stemt på Det republikanske partiet i alle åtte presidentval sidan 1980. Dermed blir den verkelege kampen om valet utkjempa i eit fåtal såkalla «vippestatar». Det vil seie delstatar som vippar fram og tilbake mellom dei to partia frå presidentval til presidentval.

I dei siste vala har dei viktigaste vippestatane vore Florida (med 29 valmenn) og Ohio (med 18). I tillegg var det i 2012 og 2016 kamp om Nord-Carolina (15), Virginia (13), Colorado (9), Nevada (6), Iowa (6) og New Hampshire (4). At latinoane utgjør ein stadig større del av befolkninga i mange av desse vippestatane, gjør denne gruppa endå meir attraktiv for dei to presidentkandidatane. I år vann Clinton Virginia, Nevada og Colorado, som ser ut til å bli faste delstatar for Demokratane, mens Trump vann Florida, Ohio, Iowa, Nord-Carolina og (overraskande) Wisconsin, Michigan og Pennsylvania – delstatar i Rustbeltet (mykje gammel og delvis nedlagt tungindustri) som ein slett ikkje trudde var vippestatar.

Valsystemet i USA er altså eit system der «vinnaren-tar-alt». Dermed trengde Trump bare 47,9 prosent av stemmene i Wisconsin for å få alle valmennene der (der var også andre parti på valseddelen, som gjorde at ingen av dei to store partia vann eit reint (også kalt absolutt) fleirtal, dvs. over 50 prosent).

I tillegg er USA eit topartisystem – opp gjennom historia har kampen for det meste stått mellom bare to politiske parti. Der har vore nokre unntak: I 2000 stilte Dei grønne med ein presidentkandidat, Ralph Nader, og han klarte å få ein del stemmer. Nokre hevdar dette fråtok den demokratiske kandidaten (Al Gore) valsigeren det året. Regelverket gjør det likevel vanskeleg for mindre parti å etablere seg, så dette er relativt uvanleg.

I år såg vi derimot igjen mykje aktivitet frå to mindre parti: Dei Grønne, leia av Jill Stein, og Det liberale partiet («Libertarian Party») leia av Gary Johnson. I viktige delstatar som Michigan, Wisconsin, Arizona, Nord-Carolina og Florida fekk småpartia mange fleire røyster enn Trumps vinnarmargin over Clinton. Dermed er det mulig at desse partia hadde ein «spoiler-effekt» – eit parti med null sjanser til å vinne splittar ein flokk med politisk relativt likesinna og forhindrar med det ein av dei to sentrale kandidatane frå å vinne.

Korleis nå fram i ulike veljargrupper?

Clinton gjekk til presidentvalet med mykje selvtillit. Obama-koalisjonen, styrkt av ei sterk mobilisering av unge veljarar og minoritetsgrupper, blei sett på som framtidas fleirtal etter sigrane i 2008 og 2012. Politiske kommentatorar spådde derfor at det ville bli vanskeleg for Republikanarane i nær framtid å vinne tilbake fleirtalet frå George W. Bushs glansdagar. Men etter bare to år hadde Republikanarane vunne tilbake fleirtalet i Representantanes hus og tatt igjen mykje av det tapte i Senatet. I 2012 blei Obama likevel klart gjenvald, og Demokratane fekk fleirtal i Senatet, men ikkje i Representantanes hus.

Clinton-valkampanjen antok at Obama-koalisjonen ville stille opp igjen i 2016. Dei kjørte derfor ein valkamp som fokuserte på det historiske ved å kunne stemme inn USAs første kvinnelege president (akkurat som det var historisk å kunne stemme inn USAs første svarte president i 2008). Men allereie i nominasjonskampen blei det klart at Clinton hadde problem i delar av koalisjonen, særleg yngre veljarar. Clintons utfordrar frå venstre, Bernie Sanders, tok yngre veljarar med storm og gjorde kampen om å bli nominert mykje meir spanande enn nokon hadde trudd. Sjølv om Sanders’ veljarar var skuffa etter at han tapte nominasjonen, antok ein at dei, som i tidlegare år, til slutt ville stille seg bak sitt partis kandidat. Men sjølv om yngre veljarar (18 til 29 år) står lenger til venstre politisk enn eldre så klarte ikkje Clinton å tiltrekke seg desse veljarane i same grad som Obama: 55 prosent av dei stemte for Clinton, ned frå 60 prosent som stemte på Obama i 2012. 37 prosent av yngre veljarar stemte på Trump.

Stemningsbilde frå Rustbeltet. Kva gjør det med folk når jobbane forsvinn og dei må ferdast i slike omgivnader?

Foto: Creative commons

Clinton fekk dessutan eit uventa problem blant kvinnelege veljarar. Mange trudde at Trumps mange nedlatande uttalingar om kvinner kom til å straffe ham blant kvinnelege veljarar – at fleire kvinner enn normalt ville stemme på Det demokratiske partiet. Dette viste seg å ikkje halde stikk. Sjølv om 70 prosent av veljarane (valdagsmålingar på valdagen) uttrykte at Trumps uttalingar om kvinner var problematiske, røysta fortsatt 30 prosent av dei på Trump.

«The gender gap» – forskjellen mellom stemmegivinga til menn og kvinner – var 11 prosentpoeng. 53 prosent av mannlege veljarar røysta på han versus 42 prosent av dei kvinnelege.  Dette er same andel mannlege og kvinnelege veljarar som røysta på Bill Clinton i 1996 og Barack Obama i 2012. Altså fekk ikkje Hillary Clinton ein høgare andel kvinner til å røyste på seg enn tidlegare demokratiske kandidatar. Dette tyder på at parti var viktigare enn kjønn for republikanske veljarar – kvinnelege veljarar som til vanleg stemmer republikansk, skifta ikkje til Clinton fordi ho var ein kvinneleg kandidat.

Det er uomtvisteleg at færre tradisjonelle demokratar i Midtvesten røysta. Vidare stemde kvinner på Trump i større grad enn antatt. Vi kan derfor slå fast at Clinton hadde eit visst «entusiasmeproblem» særleg blant yngre veljarar og blant veljarar i Midtvesten. Det blei klart allereie då Sanders kom inn frå sidelinja og begeistra langt fleire nominasjonsveljarar enn nokon ville ha trudd.

Utfordraren

Donald Trump, businessmann og realityTV-stjerne, gjekk inn i den republikanske nominasjonskampen i juni 2015 – til mykje latterleggjøring. I talen han heldt, omtalte han meksikanarar som narkolangarar, kriminelle og valdtektsmenn (men avslutta med å anta at nokre av dei var fine folk). Talen blei omtalt som usamanhengande og fordomsfull og var nok til at dei aller fleste politiske kommentatorar dømde han nord og ned allereie frå starten.

Dessutan undervurderte Trumps motstandarar han i nominasjonsvalkampen. Dei republikanske kandidatane besto av ei rekke etablerte og respekterte republikanarar. Det var for eksempel knytt mykje håp til den unge latinoen Marco Rubio, senator frå Florida med cubanske foreldre. Andre meinte at Jeb Bush, den tidlegare guvernøren i Florida, med sitt politiske nettverk og støtte frå rike donorar lett ville nedkjempe sine motstandarar. Mens dei «seriøse» kandidatane var opptatt med å bekjempe kvarandre, steig Trump sakte men sikkert i meningsmålingene.

Heller ikkje media tok Trump alvorleg;  dei antok at ei av hans mange diskriminerande uttalingar mot meksikanarar, muslimar eller kvinner til slutt ville tvinge han til å avslutte valkampen. Men dei ga han mykje merksemd. Fram til dette truleg hende (verkar det som om dei tenkte),  ville dei – stort sett reklamefinansierte media – gjerne nyte godt av dei høge sjåartala Trump fekk når dei viste han på nyheitskanalane sine. Dermed brukte kanalar som CNN og andre mykje tid på å overføre live frå valkampen til Trump. Det ga Trump mykje og «gratis»  mediemerksemd. Vanligvis er jo slik reklame på TV noko kandidatar betaler dyrt for. Som direktøren i TV-kanalen CBS sa: «Trump er kanskje ikkje bra for USA, men han er veldig bra for CBS».

Stikk i strid med førehandsanalysane vann Trump nominasjonsval etter nominasjonsval, som oftast godt foran dei mange konkurrentane. Ted Cruz var den kandidaten som vann nest flest delstatar. Cruz venta lenge med å stille seg bak Trump som partiets nominerte kandidat. Cruz heldt faktisk ein tale på landsmøtet til partiet i juli 2016 der han unnlot å støtte Trump og heller sa at han håpte republikanarar ville stemme på kandidatar lenger nede på valseddelen og som dei meinte var trufaste mot Grunnlova. Talen vakte mykje buing og kontrovers. Cruz støtta likevel Trump til slutt, men først så seint som i september.

Men til tross for nominasjonen klarte ikkje Trump å forene partiet bak seg. Mange utanrikspolitiske veteranar i Det republikanske partiet var særleg klare i si fordømming av Trump. I eit offentleg brev underskrive av 50 anerkjende utanriks- og tryggingsspolitiske ekspertar, blant dei tidlegare CIA-direktør Michael Hayden, meinte desse republikanske medlemma av «#NeverTrump»-rørsla at ein president Trump ville utgjøre ein fare for rikets tryggleik.

Presidentvalkampen

Trump overraska likevel alle ved å gjøre det rimeleg bra i meiningsmålingane sjølv om han aldri (bortsett frå ein gong) sa unnskuld for sine mange kontroversielle og diskriminerande kommentarar. Sjølv om han hadde opp- og nedturar, så tyda oppslutninga i meiningsmålingane på at dei fleste republikanske veljarane såg han som ein vanleg republikansk kandidat heller enn ein uakseptabelt fordomsfull kandidat.

Likevel hadde Clinton for det meste ei relativt komfortabel leiing i dei nasjonale meiningsmålingane over tid (sjølv om dette også gjekk opp og ned). Det verka derfor sannsynleg at ho til slutt ville vinne valet. Sjølv om valet jo blir bestemt i dei ulike delstatane, var overtaket hennar i dei nasjonale meiningsmålingane såpass stort og stabilt at ein antok dette også var tilfellet på delstatsnivå. Her tok mange kommentatorar grundig feil. Men – det er viktig å vite akkurat kva som var feil: dei nasjonale meiningsmålingane var faktisk riktige! Nasjonalt vann Clinton flest  røyster og då med historisk stor margin for ein som likevel taper avstemninga i valmannskollegiet 19. desember: Ca. 48 prosent av røystene gjekk til Clinton, mot ca. 46 prosent til Trump.

Det som synte seg å vere grunnleggande feil, var målingane i delstatane Wisconsin, Michigan og Pennsylvania – alle i Rustbeltet. Desse var antatt å vere sikre statar for Demokratane. Likevel vann Trump der – om enn med liten margin, men nok til å tippe valmannskollegiet i sin favør. Den knappe marginen har fått Dei Grønne til å be om omtelling i desse tre statane.

Korleis vil du tolke innholdet i denne teikninga?

Teikning: politicalcartoons.

Så – kva gjorde at veljarane i desse statane i Midtvesten røysta på Trump? Her er det viktig ikkje å legge for mykje vekt på éin faktor – Trumps seiersmargin var såpass liten i desse delstatane at eit anna sett av hendingar fram mot valdagen kunne ha endra resultatet. Clinton-leiren meiner for eksempel at FBI-direktør James Comeys historiske inntreden i valkampen mindre enn to veker før valdagen snudde veljarmeininga i Trumps favør. Raskt oppsummert sende Comey eit brev til Kongressen om at FBI-etterforskarar hadde funne fleire epostar som ein måtte undersøke for gradert materiale i samband med ei tidlegare etterforsking av Clintons bruk av ein privat epostservar då ho var utanriksminister.

Dette skapte ein mediestorm utan like, sidan FBI har ein regel om ikkje å offentleggjøre informasjon som kan påverke eit val når dette valet er nært føreståande. Media ga då mykje merksemd til denne tidlegare epostskandalen som hadde ridd Clinton-kampanjen som ein mare i månader. Sjølv om Comey igjen sende eit brev til Kongressen ti dagar før valet der han sa at FBI likevel ikkje hadde funne noko interessant, meiner Clinton-valkampen at skaden allereie var gjort.

Trump vann Michigan, Wisconsin og Pennsylvania fordi han der klarte å få fleire kvite veljarar – særleg folk utan høgare utdanning og som bur i landlege strok – til å møte opp ved valurnene enn Clinton klarte å mobilisere den meir urbane Obama-koalisjonen. Clinton besøkte verken Wisconsin eller Michigan i presidentvalkampen; kampanjeleiinga hennar meinte desse delstatane var trygge. Pennsylvania besøkte ho derimot fleire gonger, men ho tapte også der.

Kva no?

Valet i 2016 vil bli studert i mange år framover. Ekspertar,  journalistar og politikarar sit framleis og klør seg i hovudet over kva som skjedde. Det kanskje mest overraskande er at ein så typisk høgrepopulist som Trump, som ein til vanleg berre ser i Europa, nådde fram i ein amerikansk politisk samanheng. Denne trenden har dukka fram i tidlegare nominasjonsval også i USA (for eksempel Michele Bachmann eller Rick Santorum i 2012). Men då har Det republikanske partiet kunna styre nominasjonen mot den kandidaten partiet har foretrukke, som Romney i 2012.

I 2016 ønskte partiet sjølv ikkje Trump, men fekk han likevel. Altså er det ikkje bare i Det demokratiske partiet det vil bli mykje debatt framover. Vi må anta at Trump vil møte ein del motstand også i eige parti, noko som kan bety ein eventuell utfordrar internt i partiet for presidentkandidaturet i 2020.