Teikning av Liu i fengsel Teikning: politicalcartoons.com

Korfor sit Liu i fengsel?

Nobels fredspris 2010 til Liu Xiaobo

Publisert: 28. Nov 2010

Norge og nordmenn får som regel lite merksemd i internasjonale media, men i oktober og desember kvart år er journalistar frå alle kantar av verda på plass i Oslo. Da kunngjør og overrekker Den Norske Nobelkomité Nobels fredspris, verdas mest prestisjetunge utmerking for fredsarbeid.

Da komitéleiar Thorbjørn Jagland kunngjorde vinnaren av fredsprisen for 2010, blei avgjerda i hovudsak positivt mottatt – men ikkje i heimlandet til prisvinnaren, Folkerepublikken Kina. Der blei avgjerda stempla som «blasfemisk» – i strid med Alfred Nobels testamente.

  • Korleis kan vi forklare den høge prestisjen fredsprisen har?
  • Kva er innhaldet i Nobelkomiteens fredsomgrep?
  • Kva for fredsvisjonar har Liu Xioabo?
  • Korleis blei årets fredspris mottatt i Kina?

2: Nobels fredspris – ei unik ærevising

Éi forklaring på fredsprisens sterke posisjon er synergieffekten (forsterkande effekt) frå dei svenske nobelprisane, som alle har sterkt internasjonalt omdømme. Det har dessutan vore ei styrke at Nobelkomiteen i hovudsak har gjort kloke val med god hjelp frå dyktige rådgivarar.

Komiteens kan hende største feil er vrakinga av den indiske forkjemparen for ikkjevald, Mahatma Gandhi, på sluten av 1940-talet. Elles har noen kritikarar hevda at EU eller personar knytte til arbeidet for europeisk integrasjon burde ha fått utmerkinga; men frykta for splitting av komiteen har gjort dette vanskeleg.

Nobelkomiteen har ikkje vore redd for å utfordre udemokratiske makthavarar. Valet av den tyske nazimotstandaren Carl von Ossietzky i 1936 var det første eksemplet på det. Avgjerda gjorde nemleg Adolf Hitler rasande. Ingen tyskar skulle frå da av kunne motta ein nobelpris, torna han. Under den kalde krigen gikk fredsprisen til ei rad profilerte kritikarar av kommunistiske regime. Ein av dei var den polske fagforeiningsleiaren Lech Walesa (1983). Årets fredspris går inn i denne tradisjonen.
   
Gjennom dei siste tretti åra har Nobels fredspris fått ein meir global karakter, fordi talet på prisvinnarar frå land utanfor Europa og Nord-Amerika har stige. Det har også medverka til prisens gode omdømme at fleire kvinner har fått den. Mellom dei er eit av dei største fredssymbola i vår tid, den burmesiske demokratiforkjemparen Aung San Suu Kyi (1991), som framleis kjempar mot eit brutalt militærregime.

Omdømmet til fredsprisen har også auka som eit resultat av at Nobelkomiteen har lykkast i å marknadsføre utmerkinga gjennom media. TV-selskap som CNN og BBC har vigt stor plass til både kunngjøring og utdelingsseremoni, og Nobels fredspriskonsert har nådd fram til eit breidt publikum over heile verda.

Korfor sit Liu i fengsel?

3: Nobelkomiteens fredsomgrep

Ifølge Alfred Nobels testamente skal fredsprisen gå til den som har gjort mest for å skape brorskap mellom folka, redusere eller avskaffe ståande armear eller har klart å få i stand fredskongressar. Sidan 1901 har Nobelkomiteen tolka desse krava slik at utmerkingane kan delast inn i åtte hovudkategoriar: humanitær verksemd, organisering av fredsrørsler, internasjonal organisasjonsbygging, nedrusting, fredsdiplomati, politisk innsats, miljøprisar og menneskerettsarbeid. Til no er det kåra 121 vinnarar – 86 menn og 12 kvinner. 23 prisar er gått til organisasjonar.

Gjennom heile si historie har Nobelkomiteen forsvart liberale, vestlege fridomsverdiar med røter frå opplysingstida og revolusjonane i Nord-Amerika og Frankrike på sluten av 1700-talet. Komiteen har støtta framveksten av overstatlege, universelle og multilaterale løysingar som skaper ny folkerett – som munnar ut i breie internasjonale avtalar. Målet har vore å bygge ut ein internasjonal rettsorden som skal gi enkeltmennesket eit liv i fred og trygge det mot overgrep frå statar og andre fredsbrytarar. Dette synet kviler på ei oppfatning om at demokrati og menneskerettar skaper statar som ikkje så lett går til krig mot kvarandre.

Fram til den første verdskrigen hadde Nobelkomiteen stor tru på at eit nettverk av internasjonale avtalar kunne førebygge krig og konfliktar. I mellomkrigsåra satsa dei på at Folkeforbundet (forløparen til FN) ville skape varig fred, og i tida etter den andre verdskrigen har mange fredsprisar gått til personar og organisasjonar knytte til FN.

Det har betydd mye for omdømmet til fredsprisen at Nobelkomiteen har utvida fredsomgrepet sitt i takt med den internasjonale utviklinga. I 1950- og 1960-åra hadde økonomiske og sosiale rettar høg prioritet. Fredsprisen til mannen bak det økonomiske gjenreisingsprogrammet i Europa etter den andre verdskrigen, George C. Marshall (1953), understreka samanhengen mellom økonomisk tryggleik og demokrati, mens prisen til FNs barnehjelpsorganisasjon UNICEF (1965) la vekt på at barn i fattige land hadde krav på god ernæring, helse og utdanning. Prisen til Den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO (1969) var eit forsvar for sosiale rettar og retten til å organisere seg.

Frå 1960-åra engasjerte Nobelkomiteen seg i kampen mot det rasistiske apartheidregimet i Sør-Afrika – eit uttrykk for at sivile og politiske borgerrettar blei stadig viktigare for  komiteens arbeid. Prisane til sørafrikanarane Albert Lutuli (1960), Desmond Tutu (1984) og Nelson Mandela (1993) bidro alle til å mobilisere verdsopinionen slik at apartheidsystemet blei avskaffa.

Etter årtusenskiftet har Nobelkomiteen klart å fange opp hovudtrendar i internasjonal politikk og tatt stilling i viktige konfliktar. Den har vore særskilt opptatt av å påvise at det er ein samanheng mellom fred og vern av menneskas livsmiljø. Ved å gi fredsprisen til den kenyanske miljøaktivisten Wangari Maathai (2004) fekk skogplanting mot ørkenspreiing større internasjonal merksemd. Valet av USAs tidlegare visepresident Al Gore og FNs klimapanel tre år seinare skulle fremme arbeidet med å få i stand ein internasjonal klimaavtale.

Etter terrorangrepet mot USA 11. september 2001 har Nobelkomiteen ønskt å vere ein brubyggar mellom Vesten og den muslimske verda. Etter det har tre muslimske fredsprisvinnarar, med dialog og samarbeid som hjartesaker, blitt hylla som førebilde for fredsarbeid i vår tid. Den iranske fredsaktivisten Shirin Ebadi (2003) har forsvart kvinner og barns rettar i kamp mot det fundamentalistiske prestestyret i Iran. Egyptaren Mohamed ElBaradei (2005) har minna verda om at atomvåpentrusselen ikkje er borte. I 2006 ga «mikrokredittens far» Muhammad Yunus ny innsikt i den sentrale rolla kvinnene speler i kampen mot fattigdom.

I dei seinare åra er det tydeleg at Nobelkomiteen vil vere aktør og pådrivar for å sette dagsorden i internasjonal politikk og påverke nasjonale vegval. Eit godt eksempel er kåringa av politikarane Jimmy Carter, Al Gore og Barack Obama frå det demokratiske partiet i USA til fredsprisvinnarar. Valet av Liu Xiaobo er utan tvil eit handslag til reformvennlege krefter innanfor Kinas kommunistiske parti fram mot partikongressen i 2012. Men verknaden kan bli motsett, fordi mange partimedlemmer ser på årets fredspris som utidig utanlandsk innblanding.

4: Liu Xiaobo – ein kinesisk dissident

  • Prisvinnaren blei fødd i 1955 i byen Changchun i provinsen Jilin.Han voks opp i ein intellektuell familie. Under Mao Zedongs kulturrevolusjon skulle dei intellektuelle «lære av bøndene», og saman med faren blei Liu Xiaobo i 1969 sendt ut på landsbygda i Indre Mongolia.
  • Frå midten av 1970-åra studerte Liu Xiaobo litteratur. I 1988 tok han ein doktorgrad ved det pedagogiske universitetet i Beijing og fekk ei undervisningsstilling der.
  • Etter Maos død i 1976 begynte ei djuptgåande modernisering av Kina under leiing av Deng Xiaoping. Denne reformprosessen opna for at dei beste akademikarane i landet kunne bli sende utanlands for å få nye impulsar. Liu Xiaobo var ein av dei. Han fekk høve til å studere vidare ved Universitetet i Oslo og ved universitet i USA.
  • Opphalda i Vesten gjorde at Liu Xiaobo fekk auga opp for demokrati og menneskerettar.
  • Da studentar og arbeidarar gjorde opprør mot kommunistpartiets maktmonopol i 1989, prøvde han å forhandle med styresmaktene for å stanse valden som endte med massakren på Den himmelske fredens plass.
  • I 1990-åra blei han ein aktiv demokratiforkjempar, noe som førte til at han miste universitetsstillinga si. Han blei også dømt fleire gonger til internering, arbeidsleir og fengsel for undergravande verksemd.
  • Frå 1999 levde han som skribent saman med kona si, kunstnaren og fotografen Liu Xia. Liu Xiaobo har bestemt at fredsprispengane skal gå til ofra for 1989-massakren.

5: Liu Xiaobos fredsvisjonar

Kva er skilnaden på Nobelkomitéen og Norge?

Liu Xiaobo var ein av hovudpersonane i utforminga av Charta 08, som blei offentleggjort den 10. desember 2008 – på 60-årsdagen for vedtakinga av FNs menneskerettserklæring. Oppropet  er inspirert av Charta 77, eit fridomsbrev frå 1977 retta mot kommunistregimet i Tsjekkoslovakia.

Charta 08 blei underteikna av over 300 kinesarar, med eit sterkt innslag av forfattarar, kunstnarar, lokale tenestemenn og bønder. Det tar til orde for å reformere det kinesiske politiske systemet slik at ettpartistaten blir avskaffa og erstatta av eit pluralistisk demokrati basert på ei ny grunnlov.
 Denne konstitusjonen (grunnlova) skal sikre innbyggarane fridom, likskap, menneskerettar, maktfordeling, eit uavhengig/sjølvstendig rettsvesen, ukorrupte embetsmenn og direkte val.

Charta 08 legg særleg vekt på innføring av forsamlings-, religions- og ytringsfridom og krev at den kommunistiske indoktrineringa i utdanningsvesenet må ta slut. Det krev vidare eit meir rettferdig skattesystem, betre velferdsordningar og miljølovgiving. Målet er å skape ein føderal republikk med større spelerom for etniske og religiøse minoritetar, som også Taiwan kan slutte seg til.

Til slut i dokumentet blir det kravd at alle politiske fangar blir sleppte fri og at det blir oppretta ein sannings- og undersøkingskommisjon. Den skal ha til oppdrag å etterforske brot på menneskerettane og legge forholda til rette for ein nasjonal forsoningsprosess i Kina.

Allereie to dagar før Charta 08 blei gjort kjent, blei Liu Xiaobo tatt i forvaring av kinesiske styresmakter, og i ei rettssak i desember 2009 blei han dømt til 11 års fengsel og tap av statsborgarlege rettar i to år. Etter dette frykta den kinesiske regjeringa at Nobelkomiteen vurderte å gi fredsprisen til den fengsla dissidenten og sendte fleire åtvaringartil Oslo om at eit slikt val ville kunne skade forholdet mellom Kina og Norge. Men komiteen lot seg ikkje rokke. Den gikk samla inn for Liu Xiaobo.

6: Kinas syn på årets fredspris

Dei skarpe offisielle reaksjonane på prisen frå Beijing fortel mye om sjølvbildet til kinesiske styresmakter. Med sin tusenårige stormaktstradisjon og redsle for å tape ansikt misliker dei å bli kritiserte og tatt i skole av utlendingar. Dei vestlege imperialistanes herjingar (Storbritannia især) i Kina på 1800-talet er enno ikkje gløymde (opiumskrig …), og regjeringa er på vakt mot alle som forsøker å splitte landet og bryte maktmonopolet til kommunistpartiet.

Makteliten i Kina er svært stolt over den økonomiske og sosiale framgangen som har løfta fleire hundre millionar menneske ut av fattigdom. Den meiner dessutan at storleiken på og mangfaldet i det kinesiske samfunnet krev ei sterk leiing. Fleirpartisystem og fri meiningsdanning kan med andre ord sette den økonomiske veksten i fare. Derfor vil regjeringa sjølv bestemme innhald og tempo i eventuelle reformer.

Straks etter kunngjøringa av 2010-prisen blei kona til Liu Xiaobo sett i husarrest. Kinesarane avlyste fleire møte med den norske fiskeriministeren og stoppa fleire norske kulturbesøk i Kina. Dei prøver også å få andre statar til å halde ambassadørane sine borte frå utdelingsseremonien i Oslo Rådhus og har signalisert at norske økonomiske interesser kan bli ramma av sanksjonar. Det er derfor ikkje overraskande at den skarpaste kritikken mot prisen i Norge kom frå enkelte leiarar i norsk næringsliv.

Kraftig vekst i Kina gjennom lang tid

7: Uavhengig komité

Det kinesiske leiarskapet forstår ikkje at Nobelkomiteen kan fatte sjølvstendige vedtak uavhengig av den norske regjeringa og Stortinget. Det er nok eit resultat av at komiteen er dominert av tidlegare statsrådar og stortingsrepresentantar leia av Thorbjørn Jagland, som både har vore partileiar, utanriksminister, statsminister og stortingspresident. I Kina er det utenkeleg at personar med ein slik bakgrunn kan falle si eiga regjering i ryggen.

Kinesarane har visseleg også registrert at regjeringa Stoltenberg har omfamna fleire fredsprisvinnarar og utnytta dei til å fremme eigne standpunkt. Prisen til Muhammad Yunus (2006) blei for eksempel brukt til å reklamere for norsk bistandspolitikk, mens Al Gore (2007) blei ein viktig støttespelar for klimaforhandlingane i FN.

Det er også klart at Nobelkomiteen i det siste har knytt sterkare band til det norske kongehuset enn tidlegare. Kongen og dronninga er ikkje lenger bare til stades ved den høgtidelege utdelingsseremonien, men har sidan 2006 blitt bedne til Nobelbanketten på Grand Hotel. Representantar frå kongefamilien har dessutan blitt faste gjester på Nobelkonserten i Oslo Spektrum.

Både Nobelkomiteens samansetning og regjeringas utnytting av fredsprisen har utløyst ein ny debatt i Norge. Er det på tide at Stortinget styrker prisens integritet ved å  velje fleire ikkje-politikarar og utlendingar som komitemedlemmer?