Hopp til innhold
HHD13_23FrontUrban

Store kontrastar i megabyane.

Foto: Wikipedia / Creative commons

Ei verd av byar

For første gang i verdshistoria bur folk flest i byar.  Mot slutten av dette århundret kjem ni av ti menneske på jorda til å bu i byar. Og dei aller fleste vil bu i byar i utviklingsland. Det betyr mediumstore utfordringar, men også store muligheiter.

Personer

Tor Aksel Bolle
er journalist i fagbladet Bistandsaktuelt.
  • Kor bur størstedelen av menneska i verda?
  • Kor rask er urbaniseringa av verda?
  • Kva for negative og positive sider fører den eksplosive urbaniseringa med seg?
  • Kva må gjerast for å gjere urbaniseringa meir berekraftig?

Den globale  Urbanisering skjer i dag i eit omfang og med ein fart som aldri tidlegare.  Verdsbanken anslår at bybefolkninga i verda veks med minst 180 000 personar kvar einaste dag. I 1950 budde det om lag 750 millionar menneske i byar, i dag er talet rundt 3,6 milliardar. Med andre ord litt over halvdelen av menneskeheita.

I 2008 var det globalt for første gang fleire bybuarar enn folk på landsbygda. Og den utviklinga vil bare fortsette. I 2050 vil det ifølge FN-prognosar vere over 6,2 milliardar bybuarar. Og stadig fleire bur i byar i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Meir eller mindre all global befolkningsvekst dei neste tiår vil skje i byar i utviklingsland.  

Fleire gigantbyar

I 1970 hadde to byar over ti millionar innbyggarar: Tokyo og New York. I dag er det 23. Og dei fleste av desse enorme «maurtuene» – ofte omtalt som megabyar – ligg i utviklingsland.  Asia har 13, Latin-Amerika har fire og Afrika, USA og Europa har to kvar. I motsetnad til kva mange trudde tidlegare, ser det også ut til at ein veksande del av den globale bybefolkninga kjem til å bu i slike gigantbyar i framtida.  Desse byane veks nemleg raskare enn mindre byar. 

HHD13_23FleireUrbane

Fleire og fleire bur urbant.

I 1970 budde om lag 39 millionar menneske i verdas to gigantbyar, i 2011 var talet 360 millionar. Og det vil truleg bli nesten fordobla fram mot 2050. Allereie i 2025 vil verda ha fått 14 nye gigantbyar, ni av dei i Asia, to i Latin-Amerika og ein i Afrika. Men det er ikkje bare dei aller største byane som veks. Også dei mellomstore veks, og det blir fleire av dei. Det er i dag 40 byar med mellom 5 og ti millionar innbyggarar. I 2050 meiner FN det vil vere 59. Stor vekst er også venta i talet på byar med mellom ein og fem millionar innbyggarar, i 2020 vil det truleg vere rundt 580.

Forskjellig tempo

Dagens formidable byvekst skjer altså nesten utelukkande i Asia, Afrika og Latin-Amerika – i utviklingsland. Samtidig er det forskjellar mellom verdsdelane i graden og tempoet i urbaniseringa og sjølvsagt mellom dei ulike landa.

I verda bur i dag rundt 52 prosent i byar. I Nord- og Sør-Amerika bur om lag 8 av 10 i byar eller urbane område. I Europa bur sju av ti i byar og i Asia nær fem av ti. Afrika er den minst urbaniserte verdsdelen; fire av ti afrikanarar bur i byar. Samtidig er byveksten raskast i Afrika, tett fulgt av Asia.

Mange grunnar til byveksten

Årsakene til at verdas byar blir fleire og større, er mange og samansette. Dei varierer også frå land til land og frå verdsdel til verdsdel. Men nokre hovudgrunnar peiker seg ut:

  • Naturleg vekst. Bybefolkninga veks fordi folk der får barn som veks opp og fordi folk lever lenger. Det er den aller viktigaste årsaka til at byane i utviklingsland veks.
  • Tilflytting. Kvar einaste dag pakkar bønder i Kina, India, Nigeria og Guatemala eigedelane sine og set seg på ein buss, ferge eller tog inn til ein by.  Dei bryt opp frå det livet dei har levd i generasjonar og tar sjansen på noko nytt: eit liv i byen.
  • Utviding av byområde. Etter kvart som byar breier seg utover, ofte utan at det er planlagd, blir mange byområde administrativt utvida. Slik blir landsbybuarar omdefinerte til bybuarar utan at dei flyttar på seg.

Korfor vel mange menneske i utviklingsland å flytte inn til byar? Det medfører jo ofte å bryte opp frå det livet dei kjenner, gjerne frå ein landsby eller eit område der familien har budd i generasjonar. Dei kastar seg ut i noko som er utrygt og ukjent.  Igjen er nok grunnane samansette. Forskarar snakkar gjerne om

  • «push-faktorar». Push-faktorane er det som pressar folk til å flytte på seg; det kan vere lite med tilgjengeleg jord på landsbygda, få jobbmuligheiter, fattigdom, isolasjon og naturkatastrofar.
  • «pull-faktorar». Pull-faktorar er det som trekker folk inn til byane. Den viktigaste pull-faktoren er nok troa på at ein kan få ein (betre) betalt jobb i byen. Men også betre utdannings- og helsetilbod samt breiare underhaldningstilbod og større sosial fridom.

I Bangladesh har for eksempel om lag fire millionar menneske funne jobb i tekstilindustrien i og rundt hovudstaden Dhaka. Det samme har skjedd i Kina, der millionar av bønder har flytta til urbane område og byar som Guangzhou og Shenzhen og jobb i fabrikkane der.

HHD13_23Urbankart

Kor ligg storbyane i verda?

Sjølv om mange flyttar til byane for å jobbe, forblir ofte banda til og kontakten med heimstaden på landsbygda sterk. Mange flyttar fram og tilbake. I nokre periodar bur dei i byen,  i andre på landsbygda. Dei sender også ofte pengar heim. Moderne kommunikasjonsmidel – mobiltelefon o.a. – gjer det dessutan enklare å oppretthalde sambandet heimover. Men forsking tyder på at barna til innflyttarane blir meir «ekte» bybuarar og samhandlar mindre med bygda.

Enorme utfordringar

Veksten i verdas bybefolkning skjer og vil fortsette å skje i utviklingsland. Veksten krev likevel at nokre heilt grunnleggande problem må taklast om framtidas byar skal bli berekraftige, produktive og gode stader å bu:

  • Urban fattigdom. Globalt bur rundt kvart sjette  menneske i ein slum – om lag 1 milliard menneske. Verdsbanken meiner talet vil bli dobla innan 2030.  I enkelte byar, som Dhaka, bur heile 60–70 prosent av befolkninga i slumområde. Slumbuarar har ofte dårleg tilgang på grunnleggande tenester som reint vatn, utdanning, elektrisitet og helse.
  • Forureining: Raskt veksande byar legg eit betydeleg press på miljøet. Transportlinjene blir lange. Byane forureinar og forbruker mykje vatn, skaper ei enorm mengd med søppel og stor luftforureining. Mykje av energiforbruket er ikkje berekraftig.   
  • Infrastruktur og grunnleggande tenester: Transportårene er eit stort problem i mange byar; dei klarer ikkje å ta unna for den sterke trafikkauken. Elektrisitetsverk er nedslitte og maktar ikkje å fylle behova til befolkninga. I mange storbyar i utviklingsland skjer straumstans dagleg. Mangelen på grunnleggande infrastruktur truar den økonomiske utviklinga i mange byområde. Også vassforsyninga er eit stort problem.
  • Store økonomiske forskjellar: I mange byar i utviklingsland lever store delar av befolkninga i fattigdom samtidig som ein liten elite er svært rik. Dei fattige har lite eller ingenting dei skal ha sagt politisk.  Dei fleste forskarar er einige om at ein så urettferdig fordeling vil vere ein kjelde til konflikt og politisk uro i framtida. Å inkludere dei fattige både politisk og økonomisk er viktig.
  • Landkonfliktar: Dei som flyttar inn til byane, slår seg ned på privat eller offentleg grunn. Ofte betaler dei dyrt for det skuret dei leiger, og dei kan risikere å bli kasta ut kva tid som helst. Å finne løysingar som gir fattige trygg tilgang til rimelege bustader, er svært viktig.
  • Arbeidsløyse: Store kull med ungdom er meir eller mindre arbeidsløyse i mange av verdas byar. Det må derfor skapast økonomisk vekst som gir arbeid til millionar av unge.

Også gode sider ved urbaniseringa

Problema forbunde med urbanisering er store og verkar av og til uløyselege. Samtidig er det også eit spørsmål om glaset er halvfullt eller halvtomt. Mange som forskar på urbanisering, kallar ofte den enorme byveksten for eit «tveegga sverd»: Urbaniseringa medfører store utfordringar globalt og nasjonalt, blir det sagt. Samtidig kan byveksten bidra til å løyse mange av problema utviklingslanda slit med.

Det er ein klar samanheng mellom utvikling og urbanisering. Store byar er økonomiske motorar og Verdsbanken anslår at 80 prosent av den samla verdiskapinga i verda skjer i byar. Det blir skapt millionar av jobbar i byar kvart år. Og sjølv om mange av bybuarane i fattige land bur i slumområde, har fattigfolk i byar tross alt betre tilgang til mat, betre sanitærforhold, utdanning og helsetilbod enn tilfellet ofte er på landsbygda.

HHD13_23BybuararUtv

Urbanisering - regional utvikling 1950-2010-2050

Familiar i byar får gjennomgåande færre barn enn familiar på landsbygda. Barn er mindre viktig som arbeidskraft i byar enn på landsbygda. Familieplanlegging er dessutan lettare i byar; prevensjon er ofte meir tilgjengeleg der. Byveksten vil derfor på sikt føre til at befolkningsveksten i mange land flatar ut. Det kan vere positivt for mange utviklingsland.

Mange byar er i dag eit miljøproblem i seg sjølv. Dei bruker mellom anna store mengder vatn, og på grunn av dårleg infrastruktur og mangelfull teknologi forureinar mange byar enormt. Det kan endrast ved å ta i bruk meir miljøvennleg teknologi. Blant anna kan ny teknologi bidra til meir miljøvennlege transportårer og industri.

Eit anna viktig positivt trekk ved byar er at dei ofte blir møteplassar for kreative miljø og nye idear. Det bidrar ofte til å skape dynamikk og nyskaping både økonomisk og kulturelt.

Politisk vilje avgjerande

Det store spørsmålet er kva byveksten betyr for utvikling i utviklingslanda. Vil framtidas verd vere full av kaotiske og forureinande gigantbyar der det er enorme forskjellar mellom fattig og rik? Vil slumområda strekke seg så langt ein kan sjå og kriminaliteten herje? Vil vi i framtida sjå «failed cities» i tillegg til «failed states» slik enkelte forskarar meiner?

Spørsmåla er mange, og det er lett å bli pessimist når ein ser kor kaotisk urbaniseringsprosessen er i mange utviklingsland. Både i Asia og Afrika er urbaniseringa i veldig liten grad planlagd eller styrt.  Dei få tiltaka som er blitt sette i gang, har ofte vore forsøk på å begrense innflyttinga til byar, stort sett utan effekt. I nokre land, som Kina og Vietnam, har styresmaktene meir kontroll. 

HHD13_23Megabyar

Kva vil fotomontøren med dette bildet?

Foto: shutterstock.com

Men generelt har regjeringar og styresmakter i mange utviklingsland liten kunnskap om korleis dei skal takle den raske urbaniseringa og dei har få ressursar å sette inn. Den raske urbaniseringa medfører problem dei har lite erfaring med. Ofte manglar også politisk vilje til å ta fatt i dei enorme utfordringane som raskt veksande byar betyr. Byplanlegging krev mellom anna langsiktig planlegging og samarbeid på tvers av sektorar og sterke institusjonar. Det manglar i mange av dei landa der byane veks raskast.

Bistanden og dei ulike utviklingsinstitusjonane blir av dei fleste som jobbar og forskar på urbanisering, skulda for å ha nedprioritert byane og urbane løysingar. Ifølge FN treng ein nær 700 milliardar kroner årleg bare til heilt grunnleggande investeringar i infrastruktur
i byar i utviklingsland.  Mange meiner bistand kan spele ei viktig rolle både for finansiering av byutvikling og med kompetanse om byutvikling. 

Bistand - utviklingshjelp kan også bidra til å gjere slumstrok meir levelege. Mange hjelpeorganisasjonar har med relativt små middel lykkast i å gjere slumområde til betre stader å bu for innbyggarane.

Men sjølv om auka bistand til verdas byområde kan bidra noko til å løyse alle utfordringane urbaniseringa skapar, er både forskarar og utviklingsinstitusjonar som FN, Verdsbanken einige om at politisk vilje er aller viktigast -  hos politikarar, styresmakter og beslutningstakarar i utviklingslanda. Politisk vilje og evne vil seie å ta fatt i utfordringane, gjere vanskelige val, prioritere, inkludere befolkning og tenke langsiktig. Det vil avgjere om verdas byar blir berekraftige og gode buområde.

Arbeidsoppgaver

Oppgaver

  1. Kva vil urbanisering seie?
  2. Kordan bur folk flest i verda – landleg eller urbant?
  3. Kor mange personar veks bybefolkninga i verda med kvar dag?
  4. Kva for byar veks raskast og kor i verda finn vi desse byane?
  5. Kor mange innbyggarar må ein by minst ha for å kunne kallast ein megaby?
  6. Prognosen seier 9340 millionar innbyggarar i verda i 2050.Kor mange av dei vil venteleg bu i byar?
  7. Kordan har antalet megabyar utvikla seg frå 1970 til i dag, og kva er prognosen for 2025?
  8. Gjer greie for kordan push- og pullfaktorar kan forklare korfor folk flyttar til byane?
  9. Kva er årsakene til at verdas byar blir fleire og større?
  10. Gjer greie for positive og negative sider ved urbaniseringa og byane.
  11. Du er rådgivar i Verdsbanken og sende til eit utviklingsland for å hjelpe dei med den særs raske urbaniseringa i landet. Sett opp eit kort notat med punkt for deg sjølv om kva for tiltak du sannsynlegvis vil måtte legge vekt på.
  12. Kva gjer du når du kjem ut av klesbutikken og ein representant for ein bistandsorganisasjon ber deg om å støtte organisasjonen med 10 prosent av det du betalte i butikken? Pengane skal gå til å arbeid for å betre lønns- og arbeidsforholda i ein tekstilfabrikk i Dhaka, Bangladesh.
  13. Diskuter påstanden «Den eksplosive urbaniseringa i sør er heilt nødvendig for at folka der på sikt skal få eit betre liv.»

Lenkeforslag til denne artikkelen

Relaterte kompetansemål

Temaer

  • Utviklingspolitikk
  • Asia

Personer

Tor Aksel Bolle
er journalist i fagbladet Bistandsaktuelt.

Fakta

Mange flyttar til Dhaka

«Rask vekst
Dhaka er selve symbolet på urbaniseringen i Bangladesh. I 1981 bodde det 3,5 millioner mennesker i byen ved elva Burigangas bredder. I dag bor det trolig minst 15 millioner i byen. Innen 2030 vil hovedstaden i Bangladesh trolig ha rundt 25 millioner innbyggere. ...(...)...

– Bangladesh er midt i en enorm endringsprosess som vi bare har begynt å se konsekvensene av. Farten og omfanget av urbaniseringen er noe helt nytt og er i ferd med å forandre dette samfunnet på en grunnleggende måte, sier urbaniseringsekspert.

Elskar bylivet
For 20 år gamle Shopna Beegum har friheten i storbyen betydd et nytt liv. I 2008 var det flom i landsbyen som familien hennes bor i, cirka 300 kilometer nord for Dhaka. 15-åringen dro til Dhaka for å få seg jobb, helst på en tekstilfabrikk. Planen var egentlig å bli i Dhaka et år eller to, for så å flytte tilbake. Slik ble det ikke.

– Jeg flytter ikke tilbake, ikke snakk om. Jeg er nå en økonomisk selvstendig kvinne som tjener mine egne penger – og jeg elsker det. Jeg kan kjøpe meg et par øreringer hvis jeg vil det, kanskje en kjole en gang imellom. Det er tungt å jobbe på fabrikken og jeg er redd for ulykker, men jeg er fornøyd likevel, forteller hun.

Shopna bor på et lite rom sammen med mannen sin i den gamle delen av Dhaka. De giftet seg for et par år siden og han jobber også i tekstilindustrien. Rommet deres er rent og ryddig, men enkelt. De har en enkel seng og en vifte i taket. Ikke tv, maten lages på et felles kjøkken og de deler do med flere andre. Hun jobber fra sju om morgenen hver eneste dag. Ofte til ti om kvelden.»
Kilde: http://www.bistandsaktuelt.no/nyheter-og-reportasjer/arkiv-nyheter-og-reportasjer/dhaka-megaby.motor.magnet

Frå fiskarlandsby til megaby på 30 år

«I 1979 var Shenzhen ein liten fiskarlandsby med om lag 30 000 innbyggarar. I dag er det ein megaby med over 12 millionar. Fagbladet Asia Society har kalla Shenzen ein by utan historie.»
www.forbes.com/