Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Europa etter Brexit

Korleis vil maktbalansen i Europa sjå ut etter at Storbritannia har forlate EU?
18 april 2018
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • EU
  • Engelsk

Når Storbritannia forlèt EU som planlagt i mars 2019, vil det politiske spelet i Brussel forandre seg drastisk. Landa i nord vil miste makt, mens landa i sørlegare strøk vil komme styrkt frå det. Alle dei 27 EU-landa prøver no å finne ut kva dette betyr. Ein trend er allereie på veg: eit behov for fleire koalisjonar over heile kontinentet. Kva vil konsekvensane for Noreg vere som ein ikkje-medlem i EU? Dette er nokre av dei spørsmåla Caroline de Gruyter vil diskutere.

Caroline de Gruyter er forfattar og Europakorrespondent for den nederlandske avisa NRC Handelsblad. Kompetansen hennar på Europa er velkjend i Nederland. Mellom 2008 og 2013 dekte ho eurokrisa og europeisk politikk frå Brussel. Ho har også blitt tildelt fleire prestisjefylte prisar, til dømes Anne Vondeling-prisen for den politiske rapporteringa si, og dessutan Heldring-prisen i 2015 for beste nederlandske spaltist.

Caroline har tidlegare budd i Gaza, Jerusalem, Brussel, Genève og Wien. Ho er fast bidragsytar til Carnegie Europe, spaltist for den belgiske avisa De Standaard, og medlem av European Council on Foreign Relations. Ho har skrive fire bøker – alle handlar på eit eller anna vis om globalisering, demokrati og den politiske kvikksanden til suvereniteten.

Odstyrer for arrangementet er NUPI-forskar Pernille Rieker.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Caroline de Gruyter
forfatter og journalist
18 april 2018
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • EU
  • Engelsk