Hopp til innhold
NUPI skole

Noreg: Liten stat i den store energipolitikken

EU og Noreg sine interesser kan lett kome på kollisjonskurs på energiområdet.
Bildet viser grafittikunst

STORKUNDE: EU avheng av import av norsk naturgass omtrent like mykje som dei er avhengige av gassimport frå Russland. Noreg sin politikk blir også prega av EU sine avgjerder. Det er viktig for Noreg å forstå og vere i framkant av EU og dei politiske måla til unionen.

Foto: EC Audiovisual Service

STORKUNDE: EU avheng av import av norsk naturgass omtrent like mykje som dei er avhengige av gassimport frå Russland. Noreg sin politikk blir også prega av EU sine avgjerder. Det er viktig for Noreg å forstå og vere i framkant av EU og dei politiske måla til unionen.

Foto: EC Audiovisual Service

Tre fjerdedelar av norsk utanrikshandel er med EU. Tyngda blir utgjord av olje, gass og etter kvart fisk. Noreg er samtidig store i energimarknadene. EU avheng av import av norsk naturgass omtrent like mykje som dei er avhengige av gassimport frå Russland.

Arbeidsnotatet«Norway: Small State in Big Energy Play Room for National Political Maneuvering in European Energy Markets» (Harvard University) drøfter det politiske handlingsrommet i energisektoren for Noreg som småstatsdeltakar i EU sin indre marknad gjennom EØS-avtalen. Notatet, som er forfatta av NUPI-forskar Ole Gunnar Austvik, er publisert som ein del av EUNOR-prosjektet.

Energipolitikk - for kven?

Noreg har utvikla både vasskraft, olje og gass under sterk offentleg kontroll og deltaking gjennom 100 år, med mål om at det skal kome «heile nasjonen til gode». EU har på si side ei liberal og regulativ tilnærming til økonomisk aktivitet, med konkurranse og ikkje-diskriminering som berande prinsipp - til fordel for heile EØS-området, og ikkje primært det enkelte land.

Les også: Flinkest i klassen?

Noreg har som småstat med andre ord blitt konfrontert med energipolitikken i eit EU som no representer 500 millionar innbyggjarar, både med omsyn til korleis den skal fungere og kven den skal tene.

Statleg eigarskap kompenserer

Med fleirfagleg analyse basert på mikroøkonomi og teori for internasjonal handel, konvergens- og integrasjonsteori, samt småstatslitteratur, konkluderer Austvik med at nasjonale norske energipolitiske mål, i stor grad har blitt behalde etter tilpassing til EU sine lover og regler. Forma til politikken har likevel blitt justert for å tilfredsstille EU sine ikkje-diskriminerande prinsipp.

EU sitt regelverk, som Noreg ikkje er med på å fastsetje, er komplisert, men gir i vekslande grad rom for norsk tolking - og dermed form for gjennomføring. I tillegg kan ny politikk varetake nasjonale prioritetar der EØS-avtalen krev avvikling av gjeldande ordningar. Innan energisektoren viser det seg eksempelvis at auka offentleg aktivitet gjennom statlege selskap og eigarforhold langt på veg har kunna kompensere for eit EU-regelverk som elles kunne ført til ei europeisering av norsk energisektor.

Må vere i framkant

Studien viser at det nasjonale politiske handlingsrommet på energiområdet ikkje berre blir definert av EU, men i nokon grad blir skapt av Noreg sjølv.

Det avheng for det eine av ein klart definert samla nasjonal visjon om kva ein vil oppnå. Ein, må forstå og vere i framkant av EU og dei politiske ambisjonane og vedtaka til EU-landa - og ikkje berre kopiere lover og reglar på ein passiv måte.

Temaer

  • Handel
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Energi
  • EU