Hopp til innhold

Kan det hende at ho med mobilen får betre marknadsinformasjon og dermed tener betre?

Foto: Shutterstock.com

Cybertryggleik og utvikling

Digitalisering påverkar samfunn på nye og fundamentale måtar. Den endrar måten individ og selskap kommuniserer og samhandlar med kvarandre på. Den legg også føringar for forholdet mellom offentleg og privat verksemd. Dessutan påverkar digitaliseringa forholda mellom statar.
  • Kor langt har digitaliseringa komme i utviklingsland?
  • Korleis kan digitalisering bidra til betre levekår i utviklingsland?
  • Kva problem kan digitalisering i utviklingsland innebere?
  • Kva for nye utfordringar inneber digitaliseringa for utviklingsbistand?

Etablerte samfunnsmessige rammeverk på alle desse nivåa – offentleg, privat og internasjonalt – knirkar i samanføyingane som følge av den digitale revolusjonen og den raske digitaliseringa. Internasjonale organisasjonar og statar slit med å følge opp den raske teknologiske utviklinga med nye normer, tiltak, ordningar og reguleringar. Samfunnssektorar som økonomi, tryggleik og rettsvesen blir allereie grundig handsama når det gjeld digitalisering i statar som Norge og i internasjonale organisasjonar som EU, NATO og FN. Eit av dei nyare tilskotta til denne stammen av sektorar er bistand.

Nye former for sårbarheit

Digitaliseringa legg føringar på korleis donorland (givarland) kan bidra effektivt med berekraftig bistand. Donorland og internasjonale organisasjonar som Verdsbanken, FN og EU er allereie godt i gang med å stimulere økonomisk vekst og utvikling gjennom å satse på digitalisering og internettilkopling for utviklingsland (Sjå Verdsbankrapporten Digital Dividends 2016).

Det er brei semje om at behovet for å kople utviklingsland til digitale nettverk er avgjerande for å forhindre at den digitale kløfta mellom rike og fattige land blir enda større enn den alt er. Men i skyggen av digitalisering og økonomisk vekst oppstår også nye former for samfunnsmessig sårbarheit.

Digitalisering utan fokus på tryggleik bidrar til å skape nye muligheiter for aktørar med onde hensikter.  Utviklingsland har ofte svake statar, institusjonar og regelverk og er derfor særleg utsette for å bli brukt av ondsinna aktørar. Samtidig er verknadene av ondsinna bruk ikkje avgrensa av landegrenser. Cyberspace kjenner ingen grenser. Med andre ord er utviklingsland særs attraktive som vertsland for ulovlege serverar (på engelsk kalla bullet-proof hosting).

Slike serverar blir opererte av aktørar som er utanfor rekkevidde av statlege ordensmakter og muliggjer på den måten online kriminalitet til resten av verda.

Ei anna type sårbarheit som veks fram parallelt med digitaliseringa av utviklingsland, oppstår ved at det raskt aukande talet på datamaskinar som blir kopla til internett, i liten grad blir følgde opp med antivirusprogram og andre tryggingsstiltak. Mange av desse datamaskinane er infiserte av virus og malware (ondsinna programvare) og er enkle mål for botnets. Det vil seie skadevare som infiserer eit nettverk av tusenvis av datamaskinar. Avsendaren av eit botnet kan deretter ta over kontrollen over datamaskinane, eller eit utval av dei, og gi dei ulike ordrar utan at eigarane merkar det. Motiva for å lage slike botnet kan vere kommersielle, militære, innsamling av informasjon mm.

Ei tredje type sårbarheit i utviklingsland oppstår fordi desse landa manglar ressursar til å etablere institusjonar og lovverk som kan førebygge og forhindre cyberkriminalitet. Også dette bidreg til å gjere dei attraktive som vertsland for slik kriminalitet.

Digitalisering av utviklingsland kan føre til større openheit og meir demokrati. Men den kan også bli ein nyttig reiskap for autoritære regime som med digitaliseringa får auka muligheiter for overvaking og undertrykking. Desse sårbarheitene blir ofte oversett når det gjeld digitalisering i utviklingsland. Derfor bør donorland sjå nærare på dette feltet ved mellom anna å støtte kunnskapsutvikling, institusjonsbygging og holdnings-kampanjar i utviklingsland.

Digitalisering og utviklingsnytte

Den digitale teknologien bringar folk nærare kvarandre og gir kommunikasjon, informasjon, samhandling og handel nye bein å stå på. På den måten understøttar den dei fleste sosiale, økonomiske og politiske utviklingsmåla.

Digitalisering vil gjere offentlege og private tilbod og tenester meir tilgjengelege for folk i landlege og fattige område i utviklingsland. Digitaliseringa gir flere menneske nye økonomiske og sosiale muligheiter. For gründarar i Mosambik eller Tanzania blir det enklare å drive butikk når dei kan motta og overføre pengar digitalt. Muligheit til å innhente og samanlikne prisar på ulike marknader kan også hjelpe bønder, fiskarar, handverkarar og små verksemder til å få betre betalt for varene deira.

Når desse muligheitene blir utnytta, kan det bidra til auka vekst og produktivitet. Fiskarar i Kerala (India) auka fortenesta med 8 prosent etter at dei kunne innhente marknadsinformasjon (fiskepris) over mobiltelefon. Bønder i Argentina opplevde noko liknande når dei digitalt kunne spore buskap.   At det er samanhengar mellom digital teknologi og vekst, er statistisk vist. Auka grad av digitalisering heng nært saman med vekst i  Bruttonasjonalprodukt (BNP) .

Donorland og internasjonale utviklingsorganisasjonar nyttar i aukande grad dei muligheitene digitaliseringa gir, for å bekjempe fattigdom. Men forskarar har også peika på gapet mellom utviklingsmål og digital sårbarheit i utviklingsland. For at bistanden skal vere berekraftig, er det derfor viktig at digitaliseringa i utviklingsland inkluderer omsynet til cybertryggleik. Utan at dette omsynet blir ivaretatt, kan digitaliseringa av utviklingslanda gi grobotn for kriminalitet og ustabilitet.   Kostnadene knytte til cyberkriminalitet er estimert til å utgjere 375–575 mrd. dollar årleg, ca. 0,6 prosent av  Bruttonasjonalprodukt (BNP)  .

Digitaliseringas vidunderlege nye verd

Digital teknologi har blitt brukt på ulike måtar i mange afrikanske land. Nokre land har komme lenger enn andre, Botswana, Kenya, Mosambik, Rwanda, og Tanzania er eksempel på utviklingsland som no ser ei rask digitalisering. I 2007 lanserte teleselskapet Safaricom mobilbetalingssystemet M-PESA i Kenya. I løpet av dei første to åra fekk selskapet to millionar kundar og milliardar av kroner blei årleg overført via dette systemet. M-PESA ga folk utan bankkonto muligheit til å hoppe frå ein meir tradisjonell økonomi og rett over i ein digital økonomi – utan å gå vegen om å bygge ut eit dyrt fastnett. På denne måten slapp folk å bruke tid på å gå i banken, som ofte kunne ligge langt borte – på dårlege vegar, og dei kunne lettare motta og overføre pengar.

M-PESA bidro til ei rekke digitale nyvinningar i landet. I 2011 lanserte Røde Kors i Kenya, saman med Safaricom, kampanjen, Kenyanarar hjelper kenyanarar for å samle inn pengar under ein hungersnaud i landet. Sosiale media har blitt brukt til liknande oppgåver. Under terrorangrepet på kjøpesenteret Westgate blei sosiale media brukt for å informere og koordinere hjelp. Slik mobilisering ville ikkje ha vore mulig for få år sidan.

I Botswana har digitalisering av kvegdrift bidratt til å effektivisere feholdet. Ved å installere digitale mikrochips i dyra kan bøndene følge med på dyra gjennom digitalt utstyr som smarttelefon, lesebrett eller datamaskin. Dette systemet gjer det også enklare for bøndene å kommunisere med veterinærar, samt potensielle kjøparar og seljarar.

I Rwanda har styresmaktene sett i gang Smart Kigali, eit initiativ som skal bidra til å modernisere og digitalisere hovudstaden i landet. Inkludert i initiativet er mellom anna eit digitalt billettsystem for kollektiv transport og satsing på IKT i skolane.

Behov for meir kunnskap og auka bevisstheit

Fordelane med internettilkobling og digitalisering er openberre. Men mye står igjen for at folk flest i utviklingsland skal kunne ta i bruk denne teknologien.  Den digitale kløfta er kopla tett til den økonomiske. Det er lettare for dei som allereie har ein viss grad av ressursar, å ta i bruk dei nye muligheitene og tene på digitaliseringa. Dei ressurssvake risikerer snarare å falle enda lenger etter. Bistand kan bidra til å motverke ei slik utvikling.

Når fleire menneske får tilgang til digitale nettverk, kan donorland spele ei viktig rolle i å heve kunnskapen og bevisstheita om kva muligheiter og sårbarheiter den digitale utviklinga opnar for. Både FN og Verdsbanken har peika på behovet for denne typen bistand.

Eit digitalt knutepunkt i Liberia.           

Foto: Niels N. Schia

Mobiltelefon- og internettilkopling er ein viktig del av ein digital  Infrastruktur . Men denne avheng også av elektrisitet, kunnskap, utdanning og tryggleik.  Ein velfungerande digital økonomi kjem ikkje i stand over natta; den er avhengig av at mange faktorar er på plass, mellom anna av brukarvenlegheit. Kostnader, tilgang og relevans er avgjerande for at teknologien skal bli tatt i bruk. Dersom prisen for å kople seg på og bruke internett er for høg eller nettet er utilgjengeleg, vil store delar av befolkninga korkje ønske eller prioritere dette.

Dersom folk flest ikkje er å treffe på internett, vil også relevansen vere liten. Folk må oppleve at nettet betyr noko for dei i kvardagen. Nett det gjorde innbyggarane i Nairobi (Kenya) da dei fekk digitale muligheiter (prosjektet MajiVoice) til å melde frå om problem i vassforsyninga. Talet på klagar gjekk vesentleg opp, men responstida for å fikse problema gjekk kraftig ned. Langt betre vassforsyning blei resultatet.

For at den digitale teknologien skal bli tatt i bruk, er det viktig å etablere ei god brukarvenlegheit. Også på dette området kan donorland bidra med bistandsprosjekt som fokuserer på for eksempel utdanning, hjelp til å etablere små og mellomstore verksemder og sysselsetting.

Nettverk og infrastruktur

Når Verdsbanken måler grad av tilgjengelegheit til digitale nettverk, deler dei infrastrukturen i eit land i tre ledd:

  • eit lands tilkopling til internett
  • distribusjonen av internett internt i landet
  • i kva grad internett er tilgjengeleg for brukarar i landet.

Mye er allereie gjort i afrikanske land når det gjeld nasjonal tilkopling til internettet – det første leddet. Men tilgjengelegheit og brukarvenlegheit er veldig avhengig av at også den nasjonale infrastrukturen– det andre leddet – er godt utbygd og utvikla. Dette leddet blir i stor grad påverka av marknaden og av offentleg-privat samarbeid. 

Mange hevdar at ei liberalisering av marknaden vil ha ein positiv effekt for distribusjon av digitale nettverk i utviklingsland. Andre meiner at dette vil bidra til å lage digitale motorvegar – at berre dei mest attraktive områda får god dekning og tilkopling, mens resten av landet blir utelate.

Tilgangen til digitale nettverk for sluttbrukarane i utviklingsland, det tredje leddet, skjer først og fremst gjennom trådlause alternativ og sjeldan via kablar. Der land som Norge hadde full telefondekning (fastnett) via kablar før den trådlause teknologien blei introdusert rundt 2001, har dei fleste utviklingsland aldri hatt eit slikt kabelnettverk. Mange meiner at dette utgjer ein viktig forskjell. Trådlaus teknologi kan ikkje fullt ut erstatte kabelnett, korkje når det gjeld brukarvenlegheit, hastigheit, kostnader eller begrensningar når det gjeld overføring av data. Dette betyr at utviklingsland i stor grad må nøye seg med eit dårlegare internett som i mindre grad møter forventningane til store brukarar som entreprenørar, selskap eller statlege verksemder. Det blir viktig at bistandsaktørar har dette i mente når dei skal følge opp FNs mål for berekraftig utvikling.

Nye typar samfunnssårbarheit

Digitaliseringa i utviklingsland foregår på ein annan måte enn i industriland som Norge. Her har digitaliseringa allereie pågått over lang tid. I Norge begynte det med statlege investeringar i kabelnettverk for analoge telefonar (fastnett). Dette nettverket blei gradvis utvikla i samarbeid med private aktørar og seinare vidareført med innføringa av mobiltelefon, smarttelefon og internett. Utviklingsland hoppar over hele denne prosessen og tar spranget rett inn i trådlaus teknologi med mobiltelefonar og smarttelefonar. Dette inneber at den digitale teknologien i mange samanhengar blir tatt i bruk før reglar for bruken har blitt utvikla. Dette opnar for misbruk og inneber nye typar sårbarheit for utviklingsland.

Utviklingsland blir raskt digitalisert, men utviklinga er ikkje like rask når det gjeld kunnskap og bevisstheit om bruken av dei nye verktøya. Statlege institusjonar og reguleringsmekanismar heng etter også i handsaminga av cybertryggleik.

Det er minst tre hovudgrunnar til at cybertryggleik kjem til å bety meir innanfor bistand:

  • Tilgang til digitale nettverk er avgjerande for sosial, økonomisk og politisk stabilitet og framgang, og vil bli tilgjengeleg for fleire også i utviklingsland. Dette inneber at også behovet for cybertryggleik vil auke.
  • Nettverk i utviklingsland blir i aukande grad brukt som vertar for kriminalitet og anna ondsinna aktivitet (PCar kan bli «kidnappa»).
  • Spørsmål som omhandlar digitalisering og internett er stadig politisert, og mange utviklingsland vil kunne fungere som vippestatar. Dei kan i enkelte beslutningsprosessar spele ei viktigare rolle enn landets internasjonale status skulle tilseie. Slik kan dei få påverke når internasjonal politikk skal lagast på dette feltet, trass i manglande erfaring og regelverk rundt cybertryggleik.

Bistand, cyberspace og eigarskap

Bistandsprosjekt og bistandspolitikk er ofte opptatt av eigarskap – av at mottakarland skal ha eigarskap til eiga utvikling (og dermed ansvar). Dette er også relevant for bistandsprosjekt som involverer digitalisering og cybertryggleik. Store private selskap speler ei særs viktig rolle i den digitale revolusjonen og forholdet mellom private og offentlege aktørar har komme i eit nytt lys når det gjeld eigarskap. 

Forsida til Verdsbankens rapport Digital Dividends

Mye fundamental digital teknologi blir eigd og utvikla av private aktørar, Microsoft, Facebook, Apple, Google, Huawei, Alibaba, Samsung etc. Det er i all hovudsak store private aktørar som er premissleverandørar og som driv digitaliseringa framover. Dette betyr at statar er avhengige av å spele på lag med desse selskapa for å ivareta ein del tryggingsomsyn.

Desse selskapa er så store og sterke at dei ikkje lèt seg pille på nasen av statar. Saka der FBI nyleg tapte mot Apple i kampen om ei digital bakdør – tilgang til å opne private telefonar for å hente ut trafikkinformasjon –  illustrerer dette styrkeforholdet. Dilemmaet i akkurat den saka sto mellom omsynet til styresmaktenes behov for informasjon i arbeid med effektivt å bekjempe terrorisme og anna kriminalitet og omsynet til individers personvern.

Cybertryggleik skil seg derfor frå andre tryggingsssektorar på ein avgjerande måte. Der private aktørar tidlegare har oppsøkt statlege tryggingssektorar, er det omvendt når det gjeld cybertryggleik. Statar forsøker no å ta meir kontroll over cyberspace, men er i mange samanhengar ikkje i stand til å gjere det.  For bistandsaktørar inneber dette ei utfordring fordi mange av dei etablerte oppfatningane og strukturelle føringane om eigarskap, autoritet og forvaltning no må vurderast på nytt.