Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Frukostseminar: Ei verd av mistillit – Midtausten

Ny seminarserie tar for seg den globale tillitskrisa ein har sett tydelegare teikn på den siste tida, og første tema ut er korleis denne utviklinga påverkar Midtausten.
17 januar 2018
08:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Engelsk

Vi står overfor ei verd preget av uvisse og uorden der kriser og konfliktar synest å vere umoglege å løyse på grunn av manglande samarbeid mellom viktige statar. Dette er ikkje ei verd heilt utan orden, men dagens internasjonale system er i langt mindre grad i stand til å gjennomføre krisehandtering og skape nye tiltak for å takle viktige globale utfordringar som klimaendringar, konfliktar og sårbare statar. Dette blir forverra av ein urovekkjande global trend med redusert tillit til nøkkelinstitusjonar. Folk stoler ikkje på styresmaktene på same måte som dei pleidde å gjere. Dette gjeld for regjeringar, ekspertar og pressa.

Ifølgje Pews' globale tillitsanalyse meiner ein global median på 14 prosent av befolkninga i dei 36 landa i undersøkinga at dei respektive regjeringane deira i stor grad handlar i deira lands beste interesse. Edelmans tillitsbarometer kjem til same konklusjon, med tilvising til «implosion of trust» – eit «samanbrot av tillit». Denne trenden er urovekkjande, då det kan føre til meir politisk uro og nasjonalistisk politisk mobilisering som ytterlegare kan underminere innsatsen i global krisestyring.

På bakgrunn av dette vil NUPI halde ei rekkje frukostmøte med sentrale ekspertar og kommentatorar frå ulike verdsregionar. Nøkkelemne for diskusjonane vil vere:

Kva er dei viktigaste kjeldene til mistillit i ulike regionar?

Vil vi sjå meir populistisk mobilisering i ulike land?

Kva er konsekvensane av innanlands- og utanrikspolitikken av auka mistillit?

Kor robuste er etablerte internasjonale institusjonar til å motverke denne mistillitstrenden?

I løpet av våren skal vi også nærare på korleis auka mistillit påverkar Europa, USA, Kina og utviklingslanda.

Les kronikk: Den store tillitskrisa

Det første seminaret i denne seren handlar om Midtausten. 18. januar drøftar seniorforskar Morten Bøås frå NUPI og presidenten for Midtøstenforskningsinstituttet i Erbil i Irak, Dlawer Ala'Aldeen korleis utviklinga over påverkar Midtausten.

I samtalen vil ekspertane blant anna handle om IS, Syria og Irak og regional uorden. Dei vil også diskutere ein mogleg slutt på Sykes-Picot-avtalen som har prega det geopolitiske kartet over Midtausten sidan slutten av første verdskrigen, og situasjonen i det irakiske Kurdistan. Her viser befolkninga ein liknande mangel på tillit etter at folkeavstemminga om sjølvstende enda med nederlag og audmjuking – ikkje berre for dei politiske leiarane deira, men også for dei mest fortrudde irakisk-kurdiske institusjonane, Peshmerga.

Arrangementet blir leidd av NUPIs forskingsdirektør Ole-Jacob Sending som også vil gi ein kort introduksjon før samtalen mellom Bøås og Ala'Aldeen. Frukost blir frå servert 08.30.

Talere

Morten Bøås
Forsker I
Dlawer Ala’Aldeen
President, Middle East Research Institute, Irak
17 januar 2018
08:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Engelsk