Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 1 2011

Les artikkelen

Oppgaver

  1. Kor mange manglar reint vatn globalt og tilstrekkelege sanitærforhold?
  2. Kva meiner vi med irrigasjonsjordbruk?
  3. Kva meiner vi med eksterne og
  4. interne vassressursar?
  5. Kva meiner vi med oppstraums- og nedstraumsstatar?
  6. Kva er meint med økonomisk skort på vatn?
  7. Korfor blir jorda kalla den blå planeten?
  8. Kva meiner vi med det hydrologiske kretsløpet? Gjør kort greie for korleis det verkar?
  9. Kva vil det seie at retten til vatn er
  10. ein menneskerett?
  11. Kor i verda finn vi tørre og halvtørre område?
  12. Kva betyr økonomisk skort på vatn?
  13. Kva betyr fotavtrykk av vatn og virtuelt vatn?
  14. Kva er eit internasjonalt elvebasseng?
  15. Kva meiner vi med at «Vatn gir liv og tar liv».
  16. Kva forstår du med at vatn er ein strategisk ressurs?
  17. Gjør greie for korleis investering i betre infrastruktur for vatn kan kaste av seg det mangedobbelte i økonomisk utbytte i eit utviklingsland.
  18. Kva fordelar kan ligge i det å trekke inn virtuelt vatn når ein skal forvalte vassressursane i eit land.
  19. Gjør greie for korleis betre forsyning av vatn kan verke inn på måloppnåinga for alle FNs tusenårsmål.
  20. Lag ein oversikt av forbruket ditt av vatn på fem varer du har konsumert i dag. Bruk gjerne nettstaden waterfootprint.org til å finne kor mange liter vatn som går med til å produsere ei eining av den enkelte varen.
  21. Gjør greie for årsaker til at fleire menneske opplever skort på vatn.
  22. Korleis bidreg globale klimaendringar til problem med ferskvatn?
  23. Korleis har det funne stad djuptgåande endringar i menneskas forhold til vatnet i det siste hundreåret?
  24. Gjør greie for korleis skort på vatn kan setje ei sperre for vekst og utvikling i eit land.
  25. Diskuter påstanden «Vi ét meir vatn enn vi drikk.»
  26. Drøft påstanden «Skort på vatn kan like gjerne føre til samarbeid som til strid».
  27. Det er ein menneskerett å få dekt sitt grunnbehov for reint vatn, blir det sagt i artikkelen. Diskuter dette mot planar mange stader om i større grad å prise vatn – ta seg betalt for vatn.
  28. Kva kan du gjøre for å redusere ditt eige forbruk av vatn?
  29. I stadig fleire norske hushald blir det installert apparat for å måle forbruket av vatn. Diskuter kva de synest om denne trenden.
  30. Diskuter påstanden «Staten har plikt til å levere eit minstemål av vatn til innbyggarane.»
  31. Diskuter påstanden «Kampen om vatn vil bli den viktigaste ressurskonflikten i tiåra som kjem».
  32. Diskuter om det går ut over menneskeretten til vatn når ...
  33. ein norsk kommune aukar prisen på vatn med 50 prosent på eitt år.
  34. styresmaktene i ein storby i eit u-land ikkje vil levere vatn til slumbuarar.
  35. dei same styresmaktene innfører eit toprissystem på vatn der alle innbyggarane betaler ein overkommeleg pris på inntil 50 liter forbruk per familie-medlem og deretter ein mye høgare pris.
  36. ein rik jordeigar nektar småbønder å bore etter grunnvatn på jordstykka sine; han hevdar at han treng alt vatnet.
  37. ein stat trugar bileigarar med fengsel om dei brukar vatn til å vaske bilen.
  38. Kva for verknader har det at vatn er ein flyktig ressurs?
  39. Du er rådmann/-kvinne i ein kommune og skal legge fram for kommunestyret ein plan om nærings-utvikling i kommunen. Det er ei rekke forskjellige brukarinteresser i kommunen: Noen ønsker å bygge ut vasskraftressursar for at kommunen skal kunne selje kraft. Andre ønsker å legge opp til storstilt turisme med rafting og fiske. Skriv ein kortversjon av kva for utviklingsråd du har gitt kommunestyret.
  40. Gjør greie for tiltak ein kan gjennomføre både på tilbods- og etterspurnadssida for å unngå skort på vatn.