Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 23 2012

Les artikkelen

Oppgaver

  1. Kva meiner ein med migrasjon og ta patent på?
  2. Kva område i verda er verst stilt når det gjeld barnedødelegheit?
  3. Kva er hovudinnhaldet i Doha-erklæringa?
  4. Kva er det med moderne liv som gjør at sjukdommar i eitt land er ei sak også for folk i andre land?
  5. Korfor er helse viktig ikkje berre for den enkelte men også for samfunnet?
  6. Kor sterkt står helsemål i FNs tusenårsmål? Tusenårsmåla finn du mellom anna på hvorhenderdet.nupi.no .
  7. Gjør greie for korleis helse i eitt land avheng av korleis helse blir handsama i andre land.
  8. Gjør greie for korleis global helse har blitt eit viktig spørsmål i seinare år. Diskuter kor riktig det er av Norge og andre rike land å rekruttere ferdig utdanna helsearbeidarar frå sør til det norske helsevesenet.
  9. Gjør greie for korleis migrasjon og helse heng saman.
  10. Kva vil det seie at det globale helsesystemet har blitt meir uoversiktleg i seinare år?
  11. Gjør greie for kva forfattaren meiner med at globale helseprosjekt ikkje alltid er til beste for folkehelsa i utviklingsland.
  12. Diskuter grunnar til at Indonesia kunne kjenne seg krenka av at eit australsk farmasøytiske berre tok av deira naturressursar.
  13. Diskuter korleis globale helseinitiativ kan påverke helsesituasjonen i eit fattig land negativt.
  14. Diskuter påstanden «Omsyn til medisinindustrien i nord må alltid vege tyngre enn omsyn til folkehelsa i fattige land».
  15. Diskuter korleis ein kan sjå den auka betydninga av global helse som eit uttrykk for globalisering.