Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 1 2010
title
Arbeidsoppgaver og lenkeforslag nr. 1 2010short_description
related_quiz
questions
tasks
- Eit barn blir ikkje forstått som det same i i- og u-land. Kva vil det seie? Kva er grunnar til denne skilnaden?
- Er barnesoldatar berre folk med våpen i hand?
- Blir alle barnesoldatar tvangsrekrutterte?
- Kva for oppgåver kan barnesoldatar ha?
- Kva er det ved den våpenteknologiske utviklinga som bidrar til å rekruttere fleire barnesoldatar?
- Kvifor blir barn rekrutterte til å bli barnesoldatar?
- Kven er dei som gjør bruk av barnesoldatar?
- Kor i verda finn vi barnesoldatar?
- Diskuter påstanden «Ein barnesoldat er berre eit offer for vaksne som utnyttar han.»
- På kva stader og korleis blir barn rekrutterte til væpna grupper?
- Diskuter korleis barnesoldatar kan ha langvarige konsekvensar for fred, tryggleik og utvikling i heile regionar og samfunn.
- Gjør greie for ulike måtar å bringe tidlegare barnesoldatar tilbake til det sivile livet på.
- Diskuter om det er riktig å operere med 18-årsgrense for soldatar overalt i verda.
- Diskuter om barnesoldatar som har stått for overgrep mot folks menneskerettar, kan bli stilte for retten.
- Diskuter korfor det er viktig å trekke tidlegare barnesoldatar med i konfliktløysing.
- Skriv ein rapport: Du er ein barnesoldat i ferd med å bli reintegrert tilbake til sivilt liv og bur no i ein heim for tidlegare barnesoldatar. Leiaren der har bede deg om «å skrive deg ut av problema» ved å fortelle kort om bakgrunnen din, korleis du blei rekruttert til opprørsstyrkane, kva du opp-levde der og korleis du opplever det å vende tilbake til samfunnet.