Arbeidsoppgaver og lenkeforslag til HHD nr. 1 2013

Les artikkelen

Hvor hender det? nr. 1 2013

Norge – ein global energiprodusent

05 januar 2013

Folk flest i Norge synest knapt å ha merka at norske selskap byggjer seg opp som store globale aktørar. Vi ser det når det gjeld investeringar og energiproduksjon, først og fremst innanfor olje og gass, men også innanfor vasskraft og vindkraft.  Fleire av selskapa er blitt verdsleiande i produksjon, eksport og installasjon av særs høgt utvikla offshore teknologi for olje- og gassutvinning.

Oppgaver

  1. I kor mange land har Statoil verksemd?
  2. Kor mange i Norge er direkte eller indirekte del av oljeverksemda?
  3. Gjør greie for utfordringar knytt til norsk oljeverksemd i utlandet.
  4. Gjør greie for kva Norges energiparadoks går ut på?
  5. Gjør greie for korleis politiske vedtak og føringar – norske og internasjonale – var viktige for framveksten av norsk oljeverksemd.
  6. Bruk internett til å finne fem eksempel på konkrete høgteknologiske produkt som leverandør-industrien i oljesektoren leverer.
  7. Gjør greie for korleis norske oljeinvesteringar og oljeverksemd i Angola kan ha både positive og negative sider ved seg.
  8. Ranger desse tre norske «pengemaskinane» etter kor mye dei gir landet i årleg eksport-inntekt: sal av olje og gass, oljeteknologiindustrien og fiskeria. Bruk ssb.no til hjelp.
  9. Drøft påstanden «varige og konkurransedyktige arbeidsplassar etter at det er slutt på utvinning av olje og gass i Norge er gått ned.
  10. Diskuter kva det er ved den norske oljemodellen som gjør den så attraktiv for utviklingsland.
  11. Diskuter kva oljeindustrien kan bety for Norge også etter at det er slutt på petroleumsressursane på norsk sokkel.
  12. Diskuter påstanden «Det er umoralsk av norske styresmakter å tillate norske oljeverksemder å bidra til at søkkrike korrupte og undertrykkande elitar får endå fleire pengar til å halde på makta».

Lenkeforslag til denne artikkelen

Relaterte kompetansemål