
Hvor hender det?
nr. 6 2020
Korona og falske nyheiter: Ein infodemi
26 april 2020Koronautbrotet er ikkje berre ein pandemi som har spreidd seg til nesten alle land i verda. Det er også ein infodemi – ein tsunami av meir eller mindre påliteleg informasjon, desinformasjon, falske nyheiter, rykte og konspirasjonsteoriar. Dette er, i likskap med viruset, helseskadeleg og kan i verste fall forårsake dødsfall.