Hopp til innhold
Collage: Mikkel Sommerfelt Hagen

Kva betyr EØS-avtalen for Noreg?

Pandemi og populisme, klimakrise, brexit og krigen i Ukraina: Dei siste åra har Europa stått overfor store omveltingar. Kva er Noregs plass i det europeiske samarbeidet? 

Dei siste ti åra har EU lansert ambisiøse klimamål, Europa har opplevd høgreradikalisme og populisme på frammarsj, og Storbritannia har gått ut av EU. Verda har blitt stadig meir digital, vi har fått fri roaming i heile EØS-området, i tillegg til rettar knytt til personvern (GDPR).

EU knyter stadig tettare økonomiske band med verda rundt og har inngått nye handelsavtalar med blant anna Canada, Japan, Vietnam og Kina. Etter covid-19-pandemien har EU gått inn for å styrkje samarbeidet på helsefronten, og no står vi overfor ein krig på EUs dørstokk. Her har EU sett i verk ei rekkje både nye og gamle tiltak som viser at EU har fått ein viktigare plass i Europas tryggleik.

 

Noregs plass

Kva er Noregs plass i det europeiske samarbeidet? Gjennom 28 år har Noreg vore knytt til EU gjennom EØS-avtalen.

Og om du lurer på kva EØS er, skal du få svaret her: Noreg er som kjent ikkje med i Den europeiske unionen (EU), men er ein del av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS): ein avtale som gjer Noreg til ein del av EUs indre marknad.

Avtalen har sikra norske bedrifter tilgang til den europeiske marknaden og gitt nordmenn rett til å reise, bu og arbeide i andre land i EU. Noregs nære tilknyting til EU gjennom EØS-avtalen har også skapt grunnlaget for andre avtalar med EU, blant anna innan tryggleik og forsvar.

Nedanfor tar vi ein kort gjennomgang av EØS-avtalen, og kva han betyr for Noreg.

 

 

Kva er forskjellen på EU, EØS og EFTA?

Ofte blandar vi saman EU, EØS og EFTA. I realiteten er det tre ulike ting, men med mange overlapp.

EU er ein økonomisk og politisk union som består av 27 medlemsland. Noreg har i to ulike folkeavstemmingar, i 1972 og i 1994, sagt nei til medlemskap i EU. Alle EU-land, i tillegg til Noreg, Island og Liechtenstein (som heller ikkje er EU-medlemmer), er også ein del av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS), ein avtale mellom EU-landa og dei tre såkalla «EØS-Efta-landa» som gjer at EUs indre marknad også strekkjer seg hit til Noreg.

Ein viktig del av EU er det indre marknaden. Gjennom EØS-avtalen har dei tre landa Noreg, Island og Liechtenstein knytt seg til denne delen av EU, derav har vi EØS-området.

EØS er den største felles marknaden i verda, og dei felles reglane som dei 30 landa må ta omsyn til står i EØS-avtalen. Desse reglane må følgjast for at Noreg skal kunne handle fritt med EU- og dei andre EØS-landa.

Mens dei 27 andre EØS-landa er ein del av EU, er Noreg, Island og Liechtenstein ein del av EFTA, og kan derfor kallast EØS-EFTA-landa. Det europeiske frihandelsforbundet (EFTA) er ein handelsorganisasjon, som altså består av EØS-EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein, i tillegg til Sveits. I EFTA er målet å forenkle handel ved å redusere handelsbarrierar mellom medlemslanda og med tredjeland (dvs. land som verken er medlemmer av EU eller EFTA).

Innen utgangen av 2023 skal eit uavhengig utval vurdere kva avtalen har betydd i praksis dei siste ti åra. EØS-utgreiinga skal blant anna vurdere erfaringane Sveits og Storbritannia har frå samarbeidet sitt og avtalar med EU, sidan desse landa står utanfor EU og EØS-avtalen.

Du kan lese meir om EØS-avtalens historie i NUPI-artikkelen 25 år med EØS-avtalen.

 

 

Statsminister Gro Harlem Brundtland kunne smile då Stortinget godkjende EØS-avtalen i 1992. To år seinare, i 1994, tredde avtalen i kraft, og Noreg blei ein del av EUs indre marknad.

Foto: Bernt Eide / Samfoto / NTB Scanpix

Dei fire fridommar

Då Noreg slutta seg til EØS-avtalen i 1994, var det med eit ønske om å kople seg på utviklinga mot ein felles indre marknad i Europa. I dei 30 landa som utgjer den indre marknaden, skal det vere lett å handle varer, levere tenester, reise og flytte, nærast like enkelt som det er internt i kvart enkelt land. Samtidig skulle avtalen sikre norske borgarar og norsk næringsliv dei same rettane som borgarar i andre EØS-land, innan dei felta avtalen dekkjer.

EØS-avtalen er bygd på eit grunnleggjande prinsipp om fri rørsle i EØS innan fire kategoriar, kjent som “dei fire fridommar.” Det er disse fire fridommane som dannar grunnlaget for det vi no kjenner som den indre marknaden. I praksis betyr det at EØS-avtalen legg til rette for fri rørsle mellom dei 30 EØS-landa for:

1) varer

2) personar og selskap

3) tenester

4) kapital

Fri rørsle betyr ikkje at dette går føre seg utan reglar. Tvert imot finst det eit svært omfattande regelverk som kontrollerer, men samtidig forenklar, desse fridommane.

Det vil seie at vi nordmenn fritt kan selje varer og tenester og hente arbeidskraft frå dei andre EØS-landa. Avtalen gir oss i tillegg rett til, til dømes, å søkje studium i Frankrike, arbeide i Tyskland, etablere ei bedrift i Danmark, eller selje og kjøpe varer og tenester mellom alle EØS-landa.

 

 

Kva rettar, moglegheiter og plikter gir EØS-avtalen oss?

For at alt dette skal fungere, blir det krav stilt til felles reglar og standardar. Produkt som blir handla innanfor EØS skal ha same (minimum)standard, og borgarar og bedrifter innan EØS-området skal ha same føresetnader, forpliktingar og rettar innanfor dei områda som blir dekte av avtalen.

Innanfor EØS-området skal borgarar kunne forvente same minimumsstandard for helse og tryggleik på arbeidsplassen, arbeidstakarvern, forbrukarvern, likestilling, miljøvern og dyrevelferd. EØS-reglane stiller til dømes krav til felles standardar for mattryggleik og felles tekniske standardar for ulike produkt. EØS-avtalen stiller i tillegg krav til gjensidig anerkjenning av yrkeskvalifikasjonar og utdanning. EØS-borgarar, inkludert nordmenn, skal også ha rett til trygde- og pensjonsrettar når dei flyttar mellom land innan EØS. Pasientar skal i tillegg fritt kunne velje helsetenester kvar som helst i EØS-området. Noreg har på fleire av desse områda fått beskjed av tilsynsorganet ESA om å rette opp i reglane sine og praksis, som har avgrensa desse rettane.

EØS-avtalen legg også til rette for samarbeid på område utover dei som blir dekte av “dei fire fridommar”, blant anna innan forsking og teknologisk utvikling, miljø, utdanning, forbrukarvern, energispørsmål, turisme og kultur. Det kan sikre at norske perspektiv og interesser blir fremja i EU, og i tillegg kan norske prosjekt få økonomisk støtte frå EU.

Utover EØS-avtalen har Noreg etter kvart inngått ei rekkje andre avtalar med EU: om grensekontroll, politi-samarbeid, innvandring, utanriks-, tryggleiks- og forsvarspolitikk, regionalpolitikk, landbruk, fisk og meir. Det har blitt hevda at Noreg kanskje ikkje ville fått denne typen avtalar om det ikkje var for at vi hadde EØS-avtalen i botn. Resultatet er i alle fall at vi har eit omfattande avtaleverk med EU.

 

Forskjellen mellom Noregs avtalar med EU og EU-medlemskap

Det er stor forskjell mellom EØS, dei andre avtalane Noreg har med EU, og medlemskap. At Noreg ikkje er medlem av EU, betyr at Noreg ikkje kan vere med på å lage reglane som gjeld for oss gjennom EØS-avtalen. Noreg må også bruke tid på å ta inn dei nye EU-reglane i eige lovverk, som har blitt stadig aukande i omfang. Vi må følgje godt med på utviklingar i EU for å sikre at Noreg får tilgang til nye samarbeidsområde som vi har nytte av.

At vi ikkje er medlemmer, gjer at Noreg kan lage eigne reglar som ikkje må stemme med EUs på visse område, altså dei som ikkje er ein del av EØS-avtalen. Det vil seie:

  • EUs felles jordbruks- og fiskeripolitikk (sjølv om det finst føresegner for handel av denne typen produkt)
  • Tollunion
  • Felles utanriks- og tryggingspolitikk (sjølv om Noreg har inngått samarbeid på desse områda)
  • Justis og interne saker (Noreg samarbeider likevel med EU innan justis)
  • Direkte og indirekte skattlegging
  • Økonomisk og monetær union (altså at landa bruker same valuta).

EØS-avtalen kan likevel påverke desse områda, til dømes inneheld den reglar for handel av jordbruks- og fiskeprodukt og krav om mattryggleik og dyrevelferd.

EU-lovar blir ikkje automatisk ein del av norsk lov, men må gjennomførast i norsk rett. Illustrasjonen nedanfor viser korleis EØS-reglar blir til.

 

 

Handlingsrommet: Kan Noreg påverke regelutforminga i EU?

Noreg, Island og Liechtenstein har ikkje rett til å til å vere med på å lage reglar i EU. Dei kan verken sitje eller stemme i Europaparlamentet eller Det europeiske rådet.

Dei har likevel høve til å nekte enkelte lovar, gjennom reservasjonsretten. Men dette kan føre til at den ramma delen av avtalen blir sett ut av kraft, og at landet då ikkje fullverdig kan delta i den europeiske marknaden på dette området. Ingen av dei tre landa har så langt nytta seg av reservasjonsretten. Det vil seie at alle lovane, som EU har foreslått, og som EØS-komiteen har bestemt at skal bli ein del av EØS-avtalen, har blitt godkjent av Noreg.

Les regjeringens artikkel om korleis EØS-regler blir til, eller sjå EFTA si informasjonsside om korleis EU-rett blir EØS-rett.

Ofte når vi i Noreg snakkar om “handlingsrommet” i EØS-avtalen, tenkjer vi på reservasjonsretten og moglegheita for å avgrense nye EU-lovar. Men det finst også andre måtar Noreg, Island og Liechtenstein kan påverke EU-regelverk som vil gjelde i desse tre landa. Mykje av dette kan skje tidleg i prosessen. Blant anna kan Noreg sende ekspertar som kan gi råd og framme norske synspunkt når regelverk skal formast ut. Noreg kan også sende kommentarar til kommande lovverk og har høve til å fremje synspunktet sitt i rettssaker som kan komme til å påverke reglar i EØS-området. Utan stemmerett er det likevel ingen garanti for at desse synspunkta vil bli høyrde.

 

 

Kva meiner dei ulike politiske partia om EØS?

Internt i regjeringa finst det delte meiningar om EØS-avtalen. Mens fleire i Senterpartiet ønskjer å trekkje Noreg ut av EØS-avtalen dersom eit alternativ finst, ønskjer Arbeidarpartiet å verne om EØS-avtalen. Enkelte ønskjer også at Noreg skal ta steget vidare og søkje om EU-medlemskap. Det siste er eit langsiktig mål for enkelte politiske parti, som Venstre og Høgre, mens Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) ønskjer ei folkeavstemming.

Når enkelte snakkar om at dei ønskjer å seie opp EØS-avtalen, dreier det seg ofte om at Noreg har forplikta seg til å følgje visse reglar og at vi ikkje har høve til å bestemme sjølv korleis dei skal sjå ut. Formålet med dei felles reglane er at dei skal forenkle handel og sikre like spelereglar i EUs indre marknad. Gjennom EØS-avtalen har Noreg forplikta seg til å følgje desse, men har lite høve til å vere med på å forme ut dei reglane vi må følgje.

Enkelte er også motstandarar av EØS-avtalen fordi dei ønskjer ei sterkare tilknyting til EU. Desse ønskjer gjerne at Noreg skal ha rett til å påverke korleis nye reglar i EU skal sjå ut, og dessutan å delta fullt ut i EUs samarbeid på klima, helse og tryggleik.

Likevel er det stort sett brei semje om at EØS-avtalen har tent Noreg godt, det viste førre EØS-utgreiing. Sentio har regelmessig utført undersøkingar som gjennom åra stort sett har vist at befolkninga støttar EØS-avtalen. Så mykje som sju av ti nordmenn meiner EØS-avtalen har tent Noreg godt.

Trass i ulikt syn blant regjeringspartia, blei regjeringa einig i Hurdalsplattforma (2021), som dannar grunnlaget for politikken til regjeringa, om at EØS-avtalen skal liggje til grunn for Noregs forhold til EU. Samtidig gjekk dei inn for ei utgreiing av EØS-avtalen. Kanskje skal han seie oss noko om vegen vidare.

 

 

Veit vi nok om EU og EØS?

Regjeringa har som nemnt utnemnt eit utval som skal skrive ein rapport om Noregs erfaringar med EØS-avtalen dei siste 10 åra. Målet er å “skaffe eit best mogleg kunnskapsgrunnlag om EØS-avtalen,” ifølgje utanriksminister Anniken Huitfeldt. Det er ti år sidan Noreg sist greidde ut erfaringane med EØS-avtalen, og sidan den tid har det vore store omveltingar i Europa og i EU.

Sjølv om interessa for EU og EØS er aukande, har vi ikkje hatt nokon dekkjande debatt i Noreg om EU sidan folkeavstemmingane i 1972 og 1994. Dette kan vere ein del av forklaringa for at det ikkje har vore noka stor bevisstgjering i befolkninga om alle utviklingane i EU sidan den tid. Blant anna har EU utvikla seg til å bli ein viktig aktør i handtering av kriser og Europas tryggleik, og set blant anna i verk tiltak som skal sikre mattryggleik, energitryggleik og cybertryggleik i EU.

Ein NUPI- og Sentio-undersøking frå 2019 viste at kunnskap generelt i befolkninga er relativt låg. Den såkalla “Nav-skandalen” viste også at norske styresmakter hadde feiltolka EØS-regelverket på dette feltet i årevis. Har noko blitt gjort for å styrkje kunnskapen i befolkninga generelt og i departementa? Kanskje får vi svar på det i neste utgreiing.

 

 

Dersom vi skal endre vår tilknytingsform til EU, til dømes ved å trekkje oss ut av EØS-avtalen og forhandle nye avtalar, eller å gå inn for full medlemskap i EU, tilseier dette at vi må auke forståinga av både EU og EØS i både den generelle befolkninga og i forvaltninga.

Om vi så veljar å bevare dagens tilknytingsform, er det også viktig å få fram betydninga av EØS-avtalen for Noreg. EU-landa er Noregs største og viktigaste handelsområde. Det er derfor viktig for norsk økonomi å ha gode avtalar som forenklar handel og samarbeid med EU.  Sikrar vi ikkje god kunnskap i befolkninga, er avtalen sårbar. Undersøkingar frå året før folkeavstemminga om brexit, viste at britane var dei EU-borgarane som kunne minst om EU. Brexit har også vore eit døme på kor vanskeleg det er å melde seg ut av EUs indre marknad og har ikkje omgåande vist seg å vere lønnsamt for Storbritannia.

Det vi derimot ikkje vil få svar på i utgreiinga, er kva det vil seie for Noreg å stå utanfor EU og kva ei endå nærare tilknytingsform kunne bety. Inntil vi har ei slik utgreiing, vil det vere eit tomrom i kunnskapen vår om kva det vil seie å stå innanfor EØS, men utanfor EU.

Arbeidsoppgaver

Spørsmål til artikkelen

 

  1. Kva står EØS for?
  2. Kor mange land blir omfatta av EØS-avtalen?
  3. Kva tre land, utanom EU-landa, er med på EUs indre marknad?
  4. Kva er dei fire fridommar?
  5. Kva er EFTA og kva land er med i denne?
  6. Kvifor kan ein seie at brexit har sett EØS på dagsordenen?
  7. Kva slags fordelar har du fått av EØS-avtalen?
  8. Sjå for deg at EØS-avtalen skulle forhandlast heilt på nytt i dag, mellom partane som er med i samarbeidet no. Trur du det hadde vore ein fordel eller ei ulempe for Noreg? Kvifor/kvifor ikkje?
  9. Diskuter i klassen: På kva måtar påverkar EØS-avtalen norske bedrifter?