Hopp til innhold

Klimagassar

name

Klimagassar

description

Gassar i atmosfæren som slepp igjennom innkommande stråling frå sola og som forhindrar mykje av den utgåande varmestrålinga frå jorda. Ein naturleg konsentrasjon av klimagassar (også kalla drivhusgass) i atmosfæren gjør at kloden istadenfor å vere svært kald har ein gjennomsnittstemperatur på ca 15 °C. Dette fenomenet blir ofte omtalt som den naturlege drivhuseffekten. Dei viktigaste klimagassane er vassdamp (H20), karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O).

Klimaet på jorda har gjennomgått ein særs rask temperaturauke – 0,74 °C i løpet av industriell tid (fra ca. 1800). FNs klimapanel meiner det er svært sannsynleg at denne temperaturauken i hovudsak er menneskeskapt – ein følge av auka utslepp av klimagassar frå menneskeleg aktivitet som industri, transport og oppvarming. Især står auka  CO2-utslepp – som følge av bruk av ikkje-fornybare brensle – for ein stor del av den menneskeskapte drivhuseffekten.