Hopp til innhold

Konføderasjon

name

Konføderasjon

description

Ein konføderasjon er eit forbund mellom enkeltstatar. I ein konføderasjon av statar har staten myndigheit over alle felt der dei ikkje har delegert styringsretten til konføderasjonen. Særleg vil dette gjelde det utanriks- og tryggingspolitiske feltet.

Ein konføderasjon vil vere meir forpliktande enn ei mellomstatleg avtale, men mindre forpliktande enn ein føderasjon. Det er lettare å melde seg ut av ein konføderasjon enn ein føderasjon. Konføderasjonen er altså ein lausare samanslutning enn føderasjonen. I ein konføderasjon vil felles statsorgan gjerne ha overtatt enkeltstatens rolle på ei rekke felt.