Europa og USA har vore bestevennar i lang tid, men er det såkalla transatlantiske forholdet i ferd med å rakne? På bildet ser vi en oppblåsbar Trump-baby under presidentens besøk til London sommeren 2018.

Er forholdet mellom USA og Europa svekka?

Publisert: 02. Apr 2019

Ingen andre regionar i verda er og har vore så tett samanvovne som Europa og USA – både i økonomi, politikk, forsvar, verdiar og institusjonar. Men EU er i krise og USA sin president, Donald Trump, er ingen stor tilhengjar av internasjonalt samarbeid. Raknar det såkalla transatlantiske forholdet?

  • Kva er transatlantiske relasjonar?
  • Kva for historie ligg bak venskapet mellom USA og Europa?
  • Kva truar samarbeidet?
  • Kan det bli ei skilsmisse på tvers av Atlantaren?

Forholdet mellom landa på begge sider av Atlanterhavet, USA og Canada på den eine sida og landa i Europa på den andre, blir ofte kalla «transatlantiske relasjonar». Dette omgrepet blir vanlegvis brukt om det politiske forholdet mellom USA og Europa, spesielt mellom USA og EU. Fleire hendingar, situasjonar og kriser dei siste åra har lagt press på dette forholdet. Vi skal i denne teksten svare på om transatlantiske relasjonar er blitt svekka, men fyrst skal vi forklare kva som ligg i dette omgrepet, og då begynner vi med å gå tilbake til korleis forholdet på tvers av det store havet, begynte.

Foto: Jesco Denzel/NYT

Dette bildet fra G7-møtet i Canada ble raskt eit symbol på det kjølige forholdet mellom USA og Europa. Kvinnen som står overfor Trump, er forbundskanslar i Tyskland, Angela Merkel.

2: Eit langt vennskap

Forholdet mellom Europa og USA går tilbake til kolonitida på 1500-talet, kor europeiske land erobra ulike delar av det amerikanske kontinentet, og mange europearar utvandra til Amerika. Berre frå Noreg veit vi for eksempel at cirka 900.000 personar drog til USA i søken etter eit betre liv, hovudsakleg på 1800 og tidleg 1900-talet. Før andre verdskrig var likevel ikkje USA så interessert i å vere involvert i europeiske krigar og maktkampar. I staden førte USA det som ofte blir kalla ein isolasjonistisk politikk ein utanrikspolitikk baserte på ein idé om ikkje å inngå i alliansar med andre land. Men USA blei trekt inn både i fyrste og andre verdskrig, i sistnemnde med den japanske bombinga av Pearl Harbor og Hitlers krigskunngjering i 1941.

Etter andre verdskrig snudde USA i politikken sin overfor verda, og Europa spesielt. USA stod fram som ei global supermakt, berre utfordra av Sovjetunionen. Forholdet mellom dei to supermaktene blei fort vanskelegare og utvikla seg til det vi kjenner som den kalde krigen ein krig utan direkte bruk av makt mellom dei to partane. Både Sovjetunionen og USA søkte då allierte i Europa og resten av verda. Spesielt stod kampen om Europa, som etter kvart blei delt mellom Øst-Europa og Vest-Europa, med eit delt Tyskland i midten. I Øst-Europa blei folka underlagt kommunistiske, autoritære regime, mens landa i Vest-Europa etablerte eit sterkt økonomisk og ikkje minst tryggingspolitisk samarbeid seg i mellom og med USA. Den amerikanske presidenten Harry S. Truman slo fast i den såkalla Trumandoktrinen at USA ville støtte alle land som motstod undertrykking frå andre statar, spesielt retta mot Sovjetunionen. USA skulle vere eit «verdspoliti» som skulle verne land mot kommunismen.



I 1949 blei forsvarsalliansen NATO etablert, og dei kommunistiske statane svarte med å etablere Warszawa-pakta. NATO knytte USA militært saman med det ikkje-kommunistiske Europa. Både USA og Sovjetunionen utplasserte ei mengd våpen i Europa, men etablerte etter kvart også ein rekkje avtalar som skulle innskrenke faren for atomkrig.

I skuggen av fyrst den andre verdskrig og så den kalde krigen blei også Den europeiske union (EU) etablert, med sterk stønad frå USA. USA ville unngå ein ny, langvarig krig i Europa og ønskte å byggje opp eit økonomisk sterkt (Vest-)Europa som USA kunne handle med. USA bidrog også økonomisk til gjenoppbygginga av Vest-Europa gjennom det som blei kalla Marshallplanen. Under den kalde krigen blei dagens EU gradvis utvida til å omfatte dei fleste land i Vest-Europa, og den felles marknaden blei etablert.

3: Den liberale verdsordenen

Sidan andre verdskrig har forholdet mellom Europa, i hovudsak EU, og USA også voren ein berebjelke i det som ofte blir referert til som «den vestlege liberale verdsordenen» eller somme gonger berre «den liberale verdsordenen». Med USA i førarseta blei denne gradvis utvikla etter andre verdskrig, spesielt med etableringa av FN, og etter kvart dei økonomiske internasjonale FN-tilknytte organisasjonane vi i dag kjenner som Verdsbanken og Verdens handelsorganisasjon (WTO).

Det omfattande systemet av ulike internasjonale organisasjonar, reglar og avtalar som har blitt utvikla sida andre verdskrig, blir ofte kalla liberalt fordi det er basert på ein idé om at internasjonalt samarbeid er eit gode for alle land som deltek, fordi det reduserer konflikt, er økonomisk gunstig og moralsk riktig. Tanken byggjer blant anna på idéar om frihandel og påstanden til filosofen Immanuel Kant om at demokratiske statar som deltek i samarbeid og samhandling med andre land, ikkje vil gå til krig mot kvarandre. Etter den kalde krigen meinte mange at dette vestlege, liberale politiske og økonomiske systemet hadde sigra. Og ei stund kunne det sjå slik ut. 1990 og tidleg 2000-talet var storheitstida til den liberale verdsordenen. EF blei til EU, og tidlegare austeuropeiske land blei medlemer av EU og NATO, eller starta forhandlingar om medlemskap. Det internasjonale samarbeidet innan ulike felt fortsette å vekse til å inkludere dei aller fleste statar rundt om i verda, land som Kina og Russland blei medlemer av WTO, og FN intervenerte i menneskerettane sitt namn. Med unntak av Irak-invasjonen til president George W. Bush i 2003, stod Europa og USA stort sett samla i synet på internasjonalt engasjement og samarbeid.



4: Ei svekking av forholdet?

Som nemnt fyrst har tiår med samarbeid resultert i at ingen deler av verda i dag er så tett samankopla som USA og Europa: tryggingspolitisk gjennom NATO, økonomisk, politisk, kulturelt og verdimessig gjennom ulike avtalar i og utanfor FN, og på europeisk side både i og utanfor EU. Forholdet til USA er ein innebygt del i både utanrikspolitikken til dei norske og europeiske landa, på same måte som USA sitt forhold til dei europeiske partnerane sine har vore ein sentral del av mykje av politikken til USA og handlingar på den internasjonalen arenaen.

Som eit lite land er Noreg ein sterk tilhengjar av internasjonalt samarbeid som avgrensar kva dei store statane kan gjere etter eige innfall, ikkje minst i FN. Sjølv om Noreg ikkje er medlem i EU, er vi i praksis med på det meste av det EU gjer gjennom EØS-avtalen og andre avtalar. Og framleis er NATO-forpliktinga om gjensidig stønad i tilfelle angrep sjølve kjernen i norsk tryggingspolitikk, noko som i ytste konsekvens betyr hjelp frå USA dersom Russland viser aggresjon.  

Fram til Donald Trump har alle amerikanske administrasjonar delt tanken om at det transatlantiske samarbeidt og det breiare, liberale verdssystemet også er ein fordel for USA – at det å binde andre land til felles regler og interesser ikkje hemmar, men heller fremmar amerikansk økonomi og sikkerheit. Men USA trekkjer seg no frå mange avtalar som EU har vore ein forkjempar for, for eksempel på klimaområdet, innan handel og i forhold til atomprogrammet til Iran. Trump har til og med uttalt seg skeptisk til NATO, og USA si plikt til å automatisk kome sine europeiske allierte til hjelp i tilfelle angrep utanfrå.

Dei siste åra, i lys av dei mange krisane til EU og ikkje minst mange sitat og tweets frå Trump, har ei rekkje forskarar og observatørar begynt å stille spørsmål ved styrken i dette mangeårige transatlantiske forholdet. Kjende teoretikarar har til og med teke opp moglegheita for ei "transatlantisk skilsmisse", noko som har skapt tvil både i Europa og her i Noreg.

Kvarvide påstandar om skilsmisse er overdrivne eller ikkje, veit vi ikkje med visse enno. Men sjølv om forholdet mellom EU og USA har overlevt friksjonar og usemje tidlegare, er det fleire grunnar til at vi kan seie at det ikkje sidan andre verdskrig har vore større potensial for endringar i det transatlantiske forholdet enn det er i dag:

  • For det fyrste virke det som om USA har endra syn på nytten av det transatlantiske samarbeidet, og fleire forskarar har sett ein tendens til at dei utanrikspolitiske verdiane og måla til USA og EU er blitt meir forskjellige. Sjølv om denne endringa blir forsterka av Trump, begynte den før han kom til makta, ikkje minst med Clinton og Obamas såkalla «Pivot to Asia». Mykje av fokuset for dei strategiske og økonomiske interessene til USA er blitt flytt frå Europa og Russland til USA sin eigentlege hovudutfordrar og trussel, nemleg Kina.
  • For det andre er verda i endring, ikkje minst på grunn av utviklinga til Kina og Russland. Dette er stormakter som har eit anna syn på verdien av internasjonale organisasjonar og normer enn dei som ligg til grunn for amerikansk og europeisk politikk og samarbeid.
  • For det tredje har EU vore prega av ei rekkje ulike kriser, blant anna Brexit og migrasjonskrisa, som potensielt truar samhaldet i den europeiske søyla i det transatlantiske forholdet.
  • Til slutt ser vi aukande populisme, proteksjonisme og eit meir negativt syn på globalisering og internasjonalt samarbeid på begge sider av Atlanteren.

5: Kva veit vi så langt?

På bakgrunn av dette har forskarar, blant anna frå Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), studert om og i så fall korleis transatlantiske relasjonar no blir endra. I eit spesialnummer av den amerikanske tidsskrifta Foreign Affairs frå 2018 med den skildrande tittelen «Letting Go: Trump, America and the World» diskuterer amerikanske forskarar utanrikspolitikken under Trump med fokus på kva konsekvensar denne har for USA sitt forhold til Europa og den liberale verdsordenen, som vi nemnde fyrst. Ein av konklusjonane er at det transatlantiske forholdet faktisk synest å bli svekt, og at USA, ikkje berre i Trumps administrasjon, er mindre oppteke av å oppretthalde ansvaret dei tradisjonelt har hatt til europeiske partnarar.

Men kva er konsekvensen av dette? I eit anna spesialnummer, i Journal of European Integration, viser fleire forskarar at EU-landa i dagens krisesituasjonar finn saman i nytt eller forsterka samarbeid. Spesielt innanfor utanriks- og tryggingspolitikken ser det ut som om EU-samarbeidet blir sterkare, sjølv om så og si alle EU-landa samtidig prøver å få på plass eigne sterke samarbeid med USA. Fleire peikar på at dei utanrikspolitiske verdiane blir meir og meir ulike, og at tilliten mellom dei allierte partane i det transatlantiske forholdet ser ut til å bli svekt. Eit av studia hevdar vi står overfor ei global krise i internasjonalt samarbeid som både blir forsterka av og fører til ei svekking av dei transatlantiske relasjonane. Mens andre som sagt peikar på at også aukande populisme og proteksjonisme og det negativet synet på globalisering vil vere utslagsgivande for styrken i forholdet framover.

6: Under historisk press?

Det er med andre ord fleire funn som taler for at det transatlantiske forholdet mellom EU og USA blir svekt. Dette skal likevel ikkje overdrivast: Det er framleis mykje samarbeid mellom Europa og USA, for eksempel i NATO, som vi så med den felles militærøvinga Trident Juncture i Noreg, og som vi også ser innanfor moderne område som cybertryggleik.

Men EU og USA har i aukande grad ulike syn på verdien av internasjonalt samarbeid, og Europa får ei sterkare sjølvstendig stemme, uavhengig av USA, for eksempel i miljøforhandlingar, men også i forholdet til Russland og Kina.

Sjølv om det er for tidleg å seie korleis dette blir på lang sikt, kan vi i sum i det minste seie at det transatlantiske forholdet i dag er under meir press enn då det blei etablert etter andre verdskrig, at krise synest å forsterke EU-samarbeidet i alle fall på somme felt, og at det er fleire teikn på at det transatlantiske samarbeidet er i endring. Vidare studiar vil lære oss meir, også om tydinga av denne utviklinga for Noreg.