Foto: NTB / AP Photo / Michael Duff

Verdas matvareprogram (WFP) vann Nobels fredspris 2020. Her bærer folk sekker med mat fra WFP på Sherbroøya utenfor Sierra Leone.

Nobels fredspris 2020: Verdas matvareprogram

Publisert: 27. Oct 2020

Konflikt fører til svolt, og nokon meiner svolt kan føre til konflikt. Ein vond spiral som nobelprisvinnar Verdas matvareprogram (WFP) ønsker å bryte. Men kan utdeling av mat bidra til fred?

  • Kvifor vann Verdas matvareprogram?
  • Kva er matusikkerheit?
  • Kva er forholdet mellom mat og konflikt?
  • Kan utdeling av mat bidra til fred?

I grunngjevinga for prisen trakk Nobelkomiteen fram WFP sin «innsats i kampen mot sult, for dets bidrag til å skape forutsetninger for fred i konfliktutsatte områder, og for å være en pådriver i arbeidet mot bruken av sult som et våpen i krig og konflikt».

Matvareprogrammet er verdas største humanitære organisasjon, og er ein av FN-organisasjonane som ikkje har fått fredsprisen før, sjølv om han har vore nominert fleire gongar tidlegare.

Tildelinga blei fort anerkjend som trygg og solid, og retta fokus mot internasjonalt samarbeid og finansiering av internasjonale organisasjonar.

Prisen er også sett som tidsrett. Etter ein nedgåande trend i talet på menneske som er underernærte i verda, begynte talet å stige igjen etter 2014. Menneske ramma av alvorleg matusikkerheit, på grensa til svolt, var i 2019 heile 750 millionar menneske, eller nesten ein av ti i verda.



2: Kva er matusikkerheit?

Matusikkerheit er eit breitt omgrep, og det eksisterer fleire ulike oppfatningar av kva det inneheld. Nokre forstår matsikkerheit som for eksempel endringar i prisen på mat, medan andre fokuserer på fråveret av tilstrekkeleg tilgang på mat.

Sjølv om det kan variere korleis matsikkerheit er forstått, har alle definisjonane eit fokus på individet. Det er ernæringsstatusen til individet og trusselen mot den einskilde som er i fokus.

Og sjølv om det er fleire ulike måtar å forstå matusikkerheit på, har FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) ein definisjon som er mykje brukt og anerkjend. I følge FAO oppstår matusikkerheit når menneske «manglar sikker tilgang til tilstrekkelege mengder av trygg og næringsrik mat for normal vekst og utvikling, og eit aktivt, sunt liv».

Mykje av grunnen til auka matusikkerheit i seinare år er det aukande talet på væpna konfliktar, i tillegg til klimarelaterte sjokk i matvareproduksjonen i mange land. Matsikkerheit er også sårbar for økonomiske nedgangstider der negativ økonomisk vekst gjer det vanskelegare for dei fattige å få tilgang på mat.

Situasjonen rundt matusikkerheit og underernæring er venta å bli ytterlegare forverra på grunn av dei helsemessige og sosioøkonomiske konsekvensane av covid-19. 



3: Forholdet mellom matusikkerheit og konflikt

Leiar for Nobelkomiteen, Berit Reiss-Andersen, trakk fram at svolt og væpna konflikt er ein «vond sirkel», og at det ikkje er mogleg å oppnå FN sitt berekraftsmål om null svolt innan 2030 med mindre vi får ein slutt på væpna konfliktar. Men kva er eigentleg forholdet mellom svolt og konflikt?

Den fyrste delen av dette forholdet er udiskutabelt, vi veit at konfliktar fører til matusikkerheit og svolt. Væpna konfliktar er den største pådrivaren for matusikkerheit i verda. Konfliktar kan auke fara for svolt på direkte måtar, som for eksempel gjennom å øydelegge jordbruksområde, at folk må flykte frå dyrka mark, øydelagde matlager og dyrka mat, eller indirekte gjennom å øydelegge matsystem og marknader der folk kan få tilgang til mat, eller redusert tilgang til varer som er naudsynte for å lage mat, som for eksempel vatn og gass.

Nesten alle store matkriser i dag er i land som har utprega vald og konfliktar, og Verdas matvareprogram brukar over 80 prosent på sitt operasjonelle budsjett på humanitære operasjonar i konfliktramma område. Dei tre største matkrisene er alle i land ramma av langvarig konflikt: Den Demokratiske Republikken Kongo, Yemen og Afghanistan.



5: Kan utdeling av mat bidra til fred?

Om matusikkerheit kan bidra til å auke fara for konflikt, kan betra matsikkerheit redusere spenningar og bidra til stabilitet. Men utdeling av mat kan faktisk også bli ein årsak til konflikt, og kan  påverke lokale marknadar og matproduksjon negativt. Det er derfor viktig at utdelinga blir gjort på ein måte som er rett etter lokale forhold.

Matbistand frå Verdas matvareprogram og andre internasjonale humanitære organisasjonar kan vere livsviktig.  Men bistand i form av mat er ikkje alltid effektivt, og maten når ikkje alltid dei tiltenkte. Forsking viser at dei som er fanga i ekstreme konfliktsituasjonar ofte får mindre hjelp enn dei som er mindre eksponerte for vald. Det er dermed ikkje alltid at dei som har mest behov for hjelp, får det.

Foto: AP Photo/Ben Curtis/NTB

Kvinner og barn står her i kø ved et distribusjonssenter i Somalia for å få et måltid i regi av Verdens matvareprogram. 

Organisasjonar som Verdas matvareprogram har også fått kritikk for at matbistand kan slå beina under lokale matmarknadar og matvareproduksjon. Når mat kjem inn frå utsida kan lokale bønder miste viktig inntekt på grunn av gratis eller billig mat i form av bistand som er produsert andre plassar.

Dette er grunnen til at Verdas matvareprogram i større grad har begynt med det ein kallar matassistanse, som går ut på å gi pengar direkte til mottakar, i staden for mat. Då kan mottakaren sjølv bestemme kva ein vil bruke pengane på, og kva mat ein skal kjøpe. Det er også sannsynleg at dette vil stabilisere lokal produksjonskapasitet utan å forstyrre lokale marknadar.

Men den største fara  for at matbistand får negative konsekvensar , er gjennom tjuveri. Nokre rapportar peikar på at opptil 80 prosent av matbistand kan ha blitt  tatt på veg til det tiltenkte området. Dette er område som ofte er kontrollerte av væpna grupper, og berre delvis er kontrollerte av staten.

Opprørsgrupper kan for eksempel sette opp vegsperringar og krevje betaling av bistandsorganisasjonar for at dei skal få passere. Dette skjedde for eksempel i Somalia på 1990-talet. Det kan i tillegg vere vanskeleg å skilje kven som er medlem av ei militsgruppe, og kven som er sivile, ettersom slike grupper sjeldan har på seg uniform. Ofte er også medlem av opprørsgrupper underernærte i særleg alvorlege konfliktar.

Forsking viser også at staten i mottakarlandet kan gi maten til bestemte grupper i befolkninga, gjerne dei gruppene som støttar regjeringa. Dette kan bidra til å auke misnøye og dermed også fara for konflikt. Alle desse faktorane kan derfor bidra til å forlenge eller forverre pågåande konfliktar.

6: Viktig med eit fokus på matusikkerheit

Å distribuere bistand i form av mat er eit viktig kortsiktig verktøy for å hindre at folk i konfliktområde blir ramma av svolt. Dette er viktig for å unngå ein direkte negativ effekt, men kortsiktig bistand vil ikkje erstatte dei underliggande årsakene til at matusikkerheit oppstår. Hungersnaud er ikkje noko som oppstår i eit vakuum, men er som nemnt ein konsekvens av vanstyre og politisk ustabilitet. For at væpna konfliktar, økonomisk og politisk marginalisering og matusikkerheit skal ta slutt, er vi heilt avhengige av å styrke det politiske systemet og statlege institusjonar.

Verdens matvareprogram gjer ein fantastisk jobb, og det er viktig med eit fokus på ei av de største utfordringane i verda, nemleg at stadig fleire blir ramma av matusikkerheit. Samtidig er det viktig at internasjonale bistandsorganisasjonar er merksame på den lokale konteksten som dei opererer i, og at dei når dei gruppene som er hardast ramma, utan å påverke konflikten negativt. Målretta tiltak over tid vil forbetre matsikkerheit og fattigdom og bidra til stabilitet og økonomisk vekst, noko som også reduserer fara for konflikt.