Hopp til innhold

Ibrahim Traoré (til venstre) tok makta i Burkina Faso i 2022 og er no den yngste statsleiaren i verda. Året før kasta Assimi Goita overgangsregjeringa i Mali, som han sjølv hadde gitt makta.

Kuppa i Sahel – med folket i ryggen?

Kvifor godtek befolkninga at militæret fjernar dei valde leiarane i landet?
  • Kva er eit statskupp?
  • Kvifor har det vore så mange kupp i Sahel?
  • Kven er kuppmakarane?
  • Kva betyr kuppa for framtida til demokratiet i Sahel?

Endå ein afrikansk stat er ramma av statskupp. I slutten av juli vart den demokratisk valde presidenten i Niger, Mohamed Bazoum, fråteke makta av øvstkommanderande for presidentgarden, Abdourahamane Tchiani.

Kuppmakar Tchiani dukka opp på Nigers statlege TV-kanal, framfor dei viktigaste generalane frå tryggingsapparatet og militæret. Der erklærte han at Bazoum var avsett, og at han ville leie eit nasjonalt tryggingsråd.

Verken Bazoum sjølv, Niger sine allierte Frankrike og USA, eller nabostatane i den vestafrikanske samarbeidsorganisasjonen ECOWAS, anerkjenner Tchiani.

ECOWAS har no mobilisert beredskapsstyrken sin for å førebu ein mogleg militæraksjon mot kuppmakarane i Niger.

På motsett side står nabolanda Burkina Faso, Guinea og Mali, som alle nyleg har opplevd statskupp. Dei sitjande kuppregima i både Mali og Burkina Faso ytrar at ein militær intervensjon mot Niger vil bli sett på som ei krigserklæring også mot dei.

Det blir også frykta at kuppregimet i Niger vil søkje samarbeid med Jevgenij Prigozjin sitt private militærselskap Wagner, berykta frå krigen i Ukraina.

 

 

Situasjonen i Niger er dramatisk og svært uavklart. Hendingane fører uansett til auka merksemd om den skjøre stillinga til demokratiet i Sahel, landområdet som kryssar Afrika på tvers langs sørsida av Sahara (sjå kart).

Sidan august 2020 har ei bølgje av statskupp skylt over denne regionen. Militærkupp har funne stad i fem land – i kronologisk rekkjefølgje: Mali, Tsjad, Guinea, Sudan og Burkina Faso.

I tillegg er det berre nokre månader sidan det braut ut valdeleg konflikt mellom hæren i Sudan og den militære gruppa Rapid Support Forces (RSF). 

Utviklingane i desse landa har fått alarmklokkene til å ringje. Mange fryktar for framtida til demokratiet i Afrika. Den afrikanske union (AU) har mellombels stengt ute alle kuppstatane i Sahel, forutan Tsjad, og uttalt at unionen har nulltoleranse mot statskupp. Med utviklinga i Sudan, har ikkje situasjonen vorte enklare dei seinaste vekene.

No i 2023 blir Burkina Faso leidd av ein kaptein frå militæret og Mali av ein oberst. Også Guinea, Sudan og Tsjad er leidd av soldatar og offiserar som har teke makta gjennom kontroll over delar av militærstyrkane i landa.

Spørsmålet er om det er sjølve kuppa som truar framtida til demokratiet i Sahel. Dette blir særleg tydeleg i Burkina Faso og Mali, som er hovudfokuset til denne artikkelen.

 

Kva er eit statskupp?

Eit statskupp, som ofte berre blir omtalt som «kupp» eller coup d'état etter sitt franske opphav, er eit brått skifte eller revolusjon i toppsjiktet i staten som strir med grunnlova.

I motsetning til ein revolusjon, som er ei folkerørsle som kjem «frå botnen», blir statskupp utført av personar eller grupper som er høgt oppe i systemet og allereie har makt. Statskupp inneber ofte at ein statsleiar urettmessig sikrar seg meir makt eller nektar å gå av. Men kuppa kan vere svært ulike.

Derfor skil ein mellom ulike former for statskupp. Ein variant er militærkuppa. Desse inneber at delar av militærstyrkane i landet grip den politiske makta, ved hjelp av truslar om vald eller faktisk valdsbruk. Makta går dermed gjerne frå ein demokratisk vald leiar, til dømes presidenten, til personar i militæret. Kuppa i Sahel har alle vore militærkupp.

 

 

Mindre demokrati?

Sahel ligg i overgangen mellom ørkenen og savannen, og skil Nord-Afrika frå det som gjerne blir kalla «Afrika sør for Sahara». Statane her lid av fattigdom, svolt – og i tilfella Burkina Faso og Mali, stadig meir vald utført av (mange) opprørsgrupper.

Eit anna fellestrekk er at militærkuppa har funne stad i statar med tilsynelatande demokratisk valde leiarar, der det jamleg blir gjennomført val. Mange ekspertar har derfor omtalt desse kuppa som ledd i ei større global utvikling av såkalla «demokratisk tilbakegang».

Demokratisk tilbakegang inneber at demokratia er på vikande front og at verda vil få færre demokrati på sikt. Men denne tolkinga av kuppa i Sahel er ikkje så treffsikker som ho kan sjå ut ved første augnekast. Spesielt ikkje i Burkina Faso og Mali. I begge land har folkemengder teke til gatene til støtte for kuppmakarane – til omverda si store overrasking.

Det er særleg tre årsaker som kan gjere kuppa i Sahel meir forståelege, spesielt i Burkina Faso og Mali. Desse er:

  • tilstanden til demokratiet i Sahel
  • manglande samfunnsutvikling
  • tryggingssituasjonen for regionen

 

Skinndemokratia i Sahel

Velfungerande demokrati krev meir enn berre jamlege val. Ingen av kuppa i Sahel skjedde i frie og liberale demokrati. På papiret hadde fleire av dei kuppramma landa, som Tsjad og Mali på 1990-talet, reformert statsapparatet og innført fleirpartival. Men trass dei halvhjarta reformene, var ingen av desse statane velfungerande demokrati – dei var ikkje reelle folkestyre.

Freedom House, ei tankesmie som rangerer demokratia i verda og kategoriserer dei som «frie», «delvis frie» og «ikkje frie», har komme fram til at Burkina Faso er delvis fritt mens Mali, til liks med dei tre andre kuppramma statane, er ikkje fritt.

Burkina Faso gjer det best fordi store delar av befolkninga det siste tiåret har hatt høve til å stemme i nokolunde frie val. Likevel feilar Burkina Faso, til liks med dei meir autoritære lagnadsfellene sine, i å sikre rettstryggleik, unngå korrupsjon, og kanskje viktigast – sørgje for tryggleiken til befolkninga. Trass sine val, blir  ikkje Burkina Faso oppfatta som demokratisk. Opposisjonspolitikarar arresteras og «mannen i gata» har få eller ingen reelle kanalar for politisk innverknad.

Afrobarometer, som måler afrikanarars meiningar og politiske posisjonar, viser at majoriteten av befolkninga i Mali og Burkina Faso, til liks med dei andre kuppramma landa i Sahel, føretrekkjer demokratisk styre.

Kuppet i Mali kom etter månader med folkeleg furore over ein stadig mindre populær president som vart rekna som korrupt og udemokratisk. Også Burkina Faso opplevde kupp i ein periode etter større demonstrasjonar mot den sitjande regjeringa, på grunn av korrupsjon, aukande vald og ein låg levestandard.

Det er vanskeleg å påvise nokon demokratisk framgang i desse statane, men heller ingen demokratisk tilbakegang.

 

Låg utvikling og frustrasjon

Fram mot militærkuppa, har statane altså vorte oppfatta som stadig mindre demokratiske og meir korrupte. I tillegg til manglande politiske rettar og massearrestasjonar av opposisjonelle, har  statane også vore ute av stand til å sørgje for dei mest grunnleggjande behova til borgarane. Liva til den jamne burkinar og maliar vart ikkje noko enklare under dei demokratisk valde leiarane deira. Levestandarden er blant dei lågaste i verda med fattigdom og svolt, utan tilstrekkeleg tilgang på utdanning eller fungerande helsetilbod.

FNs Human Development Index (HDI), som måler utvikling basert på levealder, bruttonasjonalprodukt og utdanningsnivå, plasserer begge statane i sin svakaste kategori «låg menneskeleg utvikling», saman med  dei kuppramma nabolanda. Av dei 189 statane som FN rangerer, hamnar Burkina Faso  og Mali på høvesvis 182. og 184. plass. 

Vassmangel og usikker tilgang på mat er stadig meir omfattande i regionen, som er blant dei første som merkar effektane av klimaendringane. Tørrare og tørrare sesongar gjer at Sahara spreier seg over land som tidlegare vart brukt til jordbruk eller beite. Dette har forsterka dei eksisterande spenningane og konfliktane mellom spesielt gjetarar og bønder.

Statane har gjort lite for å møte desse massive utfordringane. Dermed har det spreidd seg eit inntrykk av politikarar meir oppteke av å sikre seg og sine via statskassa, og at dei først og fremst bryr seg om lojaliteten til mektige personar og grupper som let politikarane klamre seg til makt og posisjon.

Misnøya smittar også over på dei internasjonale samarbeidspartnarane til statane. Bistand og støtte sjåast ofte som viktige for å bevare elitane, snarare enn at midlane går til utvikling.

 

 

Tryggleik i Afrikas kruttønne

Den siste utfordringa for desse fem landa er, som nemnt, den stadig meir alvorlege tryggingssituasjonen som statane ikkje har makta å forbetre.

I kjølvatnet av den arabiske våren i 2011, har landa i Sahel-beltet opplevd ein bokstaveleg talt eksplosiv vekst av opprørsgrupper og vald. Våpen og opprørarar bevegar seg relativt uhindra over landegrensene i Sahel, og blir som sandkorn i dei massive og ugjestmilde landområda, i ein region som er over fem gonger større enn Frankrike.

Valdelege opprørsgrupper har gjort livet stadig vanskelegare, spesielt i dei mest oversette og avsidesliggjande områda. Opprørarane rekrutterer tilhengjarar ved å spele på korrupsjonen til Sahel-statane, politikarane sine manglande evner og deira band til stadig meir upopulære internasjonale samarbeidspartnarar.

Mali og Burkina Faso er hardast ramma av utviklingane. Trass svært omfattande militæroperasjonar i samarbeid med FN, Frankrike og USA, er resultatet ein samanhengande valdsspiral. Det har skapt rom for kuppmakarar som lovar å «snu skuta».

 

Sankara sitt spøkjelse

Dersom ein forstår militærkuppa som demokratisk tilbakegang, utelèt ein rolla som radikale yngre segment av militæra historisk har spelt i denne regionen av verda. Særleg viktig er revolusjonsleiaren Thomas Sankara, som på 1980-talet kuppa makta frå den fastgrodde eliten i Burkina Faso, og lova å gjere landet uavhengig frå den tidlegare koloniherren sin, Frankrike.

Sankara, som ofte blir omtala som «Afrika sin Che Guevara», nyt framleis heltestatus i Sahel. Han representerte ein radikal yngre garde som såg på seg sjølv som militære reformistar. Dei søkte å endre og forbetre ein stat som ikkje fungerte. Dei vart sett som vaktarar av samfunnet, eit vern mot upopulære og korrupte leiarar, villige til å utfordre toppleiinga i staten. Traoré og Goita, kuppmakarane i Burkina Faso og Mali (sjå faktaboks), forstår verdien av å knyte seg til denne kraftfulle historia og ideologiske tradisjonen.

Sjølv om det er vanskeleg å seie kor ideologiske Traoré og Goita eigentleg er, og om dei vil lykkast, så bør ein ikkje undervurdere ønsket om endring i denne delen av verda. Kuppbølgja er sterkt prega av Sankara sitt spøkjelse og nye patriotiske og anti-koloniale straumdrag, som har løfta både Traoré og Goita inn i kvart sitt presidentpalass.

 

Rolla til demokratiet

Det var på vakta til dei folkevalde, og med vestleg hjelp i ryggen, at tryggingssituasjonen vart stadig verre. Traoré og Goita har særleg kritisert Frankrike. Eit inntrykk av at Frankrike framleis dikterte korleis tryggingssituasjonen skulle løysast på bakken, enda i ei full diplomatisk krise kor franske styrkar vart bede om å forlate Mali, og deretter også Burkina Faso.

Kuppmakarane gjentek at verken dei folkevalde eller dei internasjonale partnarane har klart å tilby folket betre liv eller å stoppe opprørsgruppene. Denne floken lovar no kaptein Traoré og oberst Goita å løyse. Det har falle i god jord hos folket.  

Sjølv om militærkupp i Sahel sjeldan har vore ein følgjesven for demokratiet, bør ikkje forståinga mellom «mannen i gata» og dei nye leiarane bli undervurdert. Ein bør respektere og søkje å forstå freistinga som følgjer med lovnadene om ein ny kurs, i land som er overfylt av gode grunnar til å miste alt håp. 

I Burkina Faso og Mali, så er det nok ikkje kuppa i seg sjølv som er hovudtrugselen til demokratiet. Det utviklingane illustrerer, er at demokratiet speler ei rolle, men ikkje som eit forkasta styresett.

Misnøya som gjorde at folket støtta kuppa i Burkina Faso og Mali, kom av dei etablerte elitane sin mangla evne og vilje til å skape levedyktige demokrati. Det er ikkje trua på demokratiet som har svikta, men mangelen på reelle folkestyre som kan sikre velferda og tryggleiken til borgarane som har vore sentral.

Denne artikkelen vart først publisert 15. mai 2023. Den vart oppdatert med hendingane i Niger 11. august 2023.

Temaer

  • Africa
  • Conflict
  • Fragile states
  • Insurgencies
  • Governance
  • AU

Fakta

Kuppa i Mali og Burkina Faso

MALI 

18. august 2020 vart president Ibrahim Boubacar Keita sett i arrest av ei gruppe militæroffiserar, med oberst Assimi Goita i spissen. Etter misnøye over ei rekkje utskiftingar i toppleiinga, valde Goita i mai 2021 å kaste den nye overgangsregjeringa som han sjølv hadde gitt makta. Mali er sidan leidd av oberst Goita sjølv, dei næraste støttespelarane hans og ei rekkje utpeika sivile regjeringsmedlemmer.  

BURKINA FASO 

24. januar 2022 arresterte oberstløytnant Paul-Henri Sandaogo Damiba president Roch Marc Christian Kaboré, med skuldingar om at Kaboré ikkje gjorde nok for å stanse opprørsgruppene i landet. Damiba vart mellombels overgangspresident, men allereie 30. september 2022 vart også han avsett etter stadige framsteg frå opprørsgruppene i landet. Ibrahim Traoré, ein kaptein frå hæren, tok makta. 34-året gamle Traoré er no den yngste statsleiaren i verda.