Hopp til innhold

USAs president Donald Trump har ved fleire høve, mellom anna i sosiale medium, framstilt seg sjølv som ein monark.

Collage: Bret Lama/Unsplash/Gage Skidmore/Court of the Lord Lyon/Wikimedia Commons/Therese Leine/NUPI

Kva skjer med det amerikanske demokratiet?

Teikna er mange og krystallklare på at det amerikanske demokratiet er svekt og no står i fare for å kollapse.

Forfatter

Carl Henrik Knutsen
Professor, Institutt for Statsvitenskap, Universitetet i Oslo
  • Kvifor er så mange bekymra for det amerikanske demokratiet?
  • Kva endringar har skjedd sidan januar 2025 som har trekt det amerikanske systemet i mindre demokratisk retning?
  • Kjem det amerikanske demokratiet til å overleve Donald Trump?

“They say: ’We don’t need him. Freedom, freedom, he’s a dictator, he’s a dictator.’ A lot of people are saying, ’Maybe we’d like a dictator.’ I don’t like a dictator. I’m not a dictator.”

Donald J. Trump, 25. August 2025

Kva er demokrati?

Berre det faktumet at mange no stiller spørsmålet om det amerikanske demokratiet kan overleve, tyder på at mykje har endra seg etter at Donald J. Trump byrja sin andre presidentperiode i januar 2025.

Forsking basert på historiske data frå mange land viser at demokrati er ganske hardføre – dei bryt sjeldnare saman enn andre politiske system. Spesielt når demokrati har slått rot over lang tid og i eit rikt land, slik som i USA. Likevel er det mange teikn på at det amerikanske demokratiet no er kraftig svekt.

Før eg går gjennom desse teikna, la meg definere demokrati: Kort sagt er demokrati eit politisk system der befolkninga er med på å kontrollere politikken som blir ført – altså folkestyre. Men det er veldig mange ting som må vere på plass for at folkestyre skal vere mogleg:

  • Det må haldast frie og rettferdige val mellom fleire politiske parti, og heile den vaksne befolkninga må kunne stemme i desse vala.
  • Ytringsfridom må vernast (mellom anna slik at alle kan kritisere dei som har makta).
  • Det må finnast frie medium og organisasjonar som kan kritisere regjeringa utan å frykte negative konsekvensar.
  • Lover må følgjast og politikarar ved makta må ikkje kunne misbruke statsapparatet for å skaffe seg fordelar ved neste val.
  • Grunnleggjande politiske og sivile rettar må vernast for heile befolkninga.

Politiske system som manglar kjenneteikna til demokrati, blir ofte kalla autoritære regime – eller diktatur. I mange slike system held dei som har teke kontroll over makta, framleis val, og det finst opposisjonsparti. Men vala som blir haldne, kan vere ufrie og urettferdig: Den autoritære leiaren og allierte har ofte manipulert systemet og vala slik at det nesten er umogleg for opposisjonspartia å vinne.

Demokratisk tilbakegang i USA vs. andre land

Sjølv om demokrati generelt er robuste, har fleire demokrati rundt om i verda vorte kraftig svekte, eller til og med har brote saman, dei siste 15 åra. Døme er Tyrkia, Ungarn og India. Eit fellestrekk har vore at den leiande krafta bak endringane har vore den sitjande leiaren – ein statsminister eller president vald i demokratiske val – og nære allierte. Desse har bygd ned demokratiet «innanfrå», altså brukt maktposisjonane sine til å endre systemet vekk frå demokrati og over mot diktatur.

2048px-President_Donald_Trump_hosts_a_bilateral_lunch_meeting_with_Hungarian_Prime_Minister_Viktor_Orban.1.jpg

Statsminister i Ungarn, Victor Orbán, og Donald Trump i Det kvite huset. Orbán er kjend for å ha teke autoritære grep i landet sitt, og Trump er uttalt stor fan av han. 

Foto: The White House

Prosessane har ofte skjedd gradvis over lang tid, og gjerne ved at leiaren og allierte først svekkjer ytringsfridommen, avgrensar kritiske medium og sivilsamfunnsorganisasjonar, undergrev prinsipp om likskap for lova, og gjer byråkratiet og domstolane meir avhengige av regjeringa. 

Når desse endringane har skjedd, ligg alt til rette for å leggje om reglane for val og leiarane kan for alvor undertrykkje opposisjonelle.

USA liknar på denne typiske prosessen som vi har sett i andre land på nokre måtar. President Trump og hans allierte i Det republikanske partiet har angripe ytringsfridommen, kritiske medium, sivilsamfunnsorganisasjonar, domstolar og reglar som sikrar demokratiske val i framtida. 

Men USA skil seg også frå den typiske prosessen på visse måtar: Angrepa og endringane har komme mykje raskare enn vi har sett mange andre stader – og dei har komme samtidig.

Ytringsfridom og sjølvsensur

La oss starte med ytringsfridom og kritiske medium: Direkte sensur og fengsling av journalistar eller meiningsmotstandarar er ikkje nødvendig for å avgrense ytringsfridommen i praksis. Truslar og økonomiske sanksjonar kan skape nok frykt til at journalistar og andre sensurerer seg sjølve, eller at arbeidsgivarane deira gjer det. 

Trump har saksøkt store aviser, tv-kanalar og medieselskap for fleire milliardar dollar fordi han hevdar han har vorte behandla urettferdig. Døme er New York Times, Wall Street Journal, ABC News, YouTube og Paramount/CBS. 

Frykt for kostbare søksmål kan få nyheitsredaksjonar til å tenkje seg nøye om før dei dekkjer Trump og regjeringa hans på ein kritisk måte. Resultatet blir eit mindre kritisk medielandskap.

Trump-regjeringa har også blokkert nyheitsbyrået AP frå arrangement og kommunikasjon med Det kvite hus, fordi dei nekta å følgje Trump i å kalle Mexicogolfen for «Amerikagolfen» i dekninga si. 

Mange fekk også med seg at talkshowverten Jimmy Kimmel vart teken av lufta etter utsegner om drapet på Charlie Kirk. Bak kulissane trua den Trump-lojale leiaren for organet som regulerer fjernsynslisensar (FCC) TV kanalen ABC med konsekvensar om dei ikkje sparka Kimmel. Talkshowet gjorde comeback kort tid etter, men Trump har også sagt offentleg at FCC, meir generelt, burde «sjå på» tv-lisensane til kanalar som «berre gir han dårleg dekning».

Også på andre samfunnsområde har direkte handlingar frå Trump-administrasjonen bidrege til å skape frykt og sjølvsensur. Fleire amerikanske universitet har vorte sette under hardt press for å skrive under avtalar som avgrensar akademisk fridom og ytringsrom på fleire område. 

Lista over ord som National Science Foundation har flagget i amerikansk forsking. Dersom forskingsprosjekt bruker eitt av desse orda, leier det til ein ekstra gjennomgang for å undersøkje at forskinga ikkje bryt med nokon av Trumps presidentordrar. 

Foto: Skjermdump

 

I tillegg har utanlandske studentar fått visumet sitt kansellert for å ha delteke i demonstrasjonar mot Israels krigføring i Gaza.

Trump-regjeringa har sparka svært mange byråkratar og statstilsette, ofte utan klart lovleg grunnlag og mange etter seiande med bakgrunn i kritikk eller skepsis til politikken til Trump-regjeringa eller fordi dei blir rekna for å ha galne politiske haldningar. Trump sparka mellom anna leiaren for byrået for arbeidsmarknadsstatistikk, etter at dei rapporterte tal som presidenten ikkje likte. 

Dette sender sterke signal om tung politisk kontroll over statsapparatet og av informasjon som kjem frå det offentlege. Frykt for å miste jobben kan føre til at byråkratar med viktige roller i staten får sterke insentiv til alltid å handle «lojalt» med presidenten.

All makt til presidenten?

Eit anna stort demokratisk problem i USA er at presidenten aukar seg makt frå andre delar av det politiske systemet, også på måtar som verkar tydelege i strid med den amerikanske grunnlova.

Dette bryt ned maktfordelingsprinsippet, som er sentralt i det amerikanske demokratiet: Regjeringa er under presidentens leiing, Kongressen og domstolane har klart avgrensa makt på ulike område, og ingen av dei skal dominere. Stansen til regjeringa av pengeoverføringar til delar av statsapparatet eller innføring av store straffetollar utan at Kongressen godkjenner dei, er eit døme.

Gitt at rettssaker tek lang tid, får slike avgjerder ofte leve i mange månader. Sjølv om dommar ofte blir etterlevde, har Trumps regjering også nekta å følgje direktiv frå føderale dommarar. Til dømes slik som i mars 2025, då pålegg om å snu fly på veg til El Salvador med deporterte immigrantar, vart ignorert.

"LONG LIVE THE KING", skriv Trump om seg sjølv på sosiale medier.  

Foto: Skjermdump

Dommarar og domstolar har også vorte sette under politisk press frå Trump på ulike måtar. Trump har tilsett fleire lojalistar i rettsapparatet, og det tidlegare skiljet mellom justisdepartementet og presidenten er viska ut. 

I fleire tilfelle har beskjedar frå Trump på sosiale medium om enkeltpersonar han reknar som motstandarar, eller til og med fiendar, vorte følgde av formell etterforsking av personen.

Pam Bondi, justisminister i USA, skal i utgangspunktet vere politisk uavhengig i etterforsking av enkeltsaker og -personar, men ho opererer tydeleg etter Trumps ønske og ser ut til å setje i gang politisk motiverte etterforskingar mot Trump-kritikarar. Venner av Trump, eller dei som er potensielle allierte, får ei anna behandling. 

Dette reflekterer selektiv handheving av lova og misbruk av makt. Lovstyre, som mellom anna inneber at lova skal brukast uavhengig av ein persons politiske haldningar, er klart svekt i USA.

Korrupsjon, militærmakt og val

Døma ovanfor er langt frå dei einaste faresignala for det amerikanske demokratiet. Store gåver og gunstige økonomiske avtalar for Trump, familien hans og allierte, med innanlandske og utanlandske bedrifter eller utanlandske regjeringar, antydar omfattande korrupsjon. 

I ein avtale frå mai 2025 plasserte ein sjeik frå Dei sameinte arabiske emirata store summar i eit krypto-selskap deleid av Trump-familien. I ein annan avtale – inngått samtidig – fekk Dei sameinte arabiske emirata «tilfeldigvis» kjøpe svært ettertrakta og avanserte KI-databrikker frå det amerikanske selskapet Nvidia. Kjøpet måtte godkjennast av amerikanske styresmakter.

Den massive oppbygningen av ICE (Immigration and Customs Enforcement) og dei brutale framgangsmåtane deira, har fått mange til å frykte at Trump byggjer opp ein slags paramilitær styrke med sterk lojalitet til presidenten. 

Trump har også sett inn soldatar frå nasjonalgarden, ein reservestyrke som består av frivillige, i ulike byar og delstatar styrt av demokratar, dei politiske motstandarane av republikanarane. Også dette er eit faresignal om at militærmakt kan brukast for det politiske formålet til presidenten.

Til slutt må det også nemnast at det har vore fleire forsøk på å endre på reglane for val, som kan svekkje moglegheita demokratane har til å vinne fleirtal i Kongressen, nasjonalforsamlinga til amerikanarane. 

Dersom republikanarane skulle behalde fleirtalet i dei to kammera, Representanthuset og Senatet, etter mellomvalet i 2026, betyr det at Trump kan styre med færre hindringar også i den siste delen av presidentperioden sin. Det er då svært sannsynleg at han vil halde fram med å bryte ned det amerikanske demokratiet.

Sidan demokrati og diktatur ofte fører ulik utanrikspolitikk, kan dette ha noko å seie også for Noreg. USA har vore den viktigaste forbundsfellen vår i fleire tiår og er ein viktig handelspartnar. Eit autoritært USA vil vere mindre føreseieleg og vanskelegare å samarbeide med.

Og om Trump får det som han ser ut til å ønskje, og omgår den amerikanske grunnlova som seier at ein president berre kan veljast til to periodar, kan han også styrkje moglegheitene sine til å sitje lengre enn 2028. I så fall – og kanskje lenge før den tid – bør vi neppe kalle USA eit demokrati lengre.

Arbeidsoppgaver

Spørsmål til artikkelen

  1. Kva er kjenneteikna på eit demokrati, ifølgje teksten?
  2. Kva for nokre konkrete tiltak har Trump-administrasjonen gjort som svekkjer ytringsfridommen i USA?
  3. Kva er maktfordelingsprinsippet og korleis har Trump utfordra dette i det amerikanske politiske systemet?
  4. Kva døme i teksten peikar på auka politisk kontroll over rettssystemet og statsapparatet?
  5. Er det mogleg å ha eit fungerande demokrati utan frie medium? Diskuter med døme frå teksten.
  6. Korleis kan utviklinga i amerikansk demokrati påverke Noregs utanrikspolitikk og tryggleik?
  7. Skriv ein kort kronikk med tittelen: «Kva skjer med demokratiet i USA – og kvifor bør vi bry oss?»
  8. Lag ein fiktiv nyheitsartikkel frå 2030: Korleis kan USA ha utvikla seg vidare om dagens tendensar held fram?
  9. Skriv eit essay der du diskuterer korleis eit demokrati kan brytast ned innanifrå og kva vi som medborgre kan gjere for å stoppe ei slik utvikling.

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Utenrikspolitikk
  • Nord-Amerika
  • Konflikt
  • Menneskerettigheter

Forfatter

Carl Henrik Knutsen
Professor, Institutt for Statsvitenskap, Universitetet i Oslo

Relaterte kompetansemål

Politikk og menneskerettigheter (programfag)

Samfunnskunnskap (fellesfag)