Hopp til innhold
HHD13_8FrontKlima
Bilde: Creative commons

Kven tek ansvar for klimaendringane?

Klimaendringane viser tydelegare enn noko anna kor tett verda heng saman: Utslepp av mediumklimagassar i Norge eller USA bidrar til høgare temperaturar og ekstremvêr som kan skape problem for menneske på Filippinane eller i Uganda. Men klimaendringane har også vist oss kor vanskeleg det er å få statane i verda til å samarbeide. Mange år med forhandlingar og gigantiske toppmøte har ikkje lykkast i å produsere ein internasjonal avtale som verkeleg kan hindre farlege klimaendringar.

Personer

Bård Lahn
Seniorrådgiver i Regnskogsfondet og tidligere gjesteforsker ved NUPI.
  • Korfor er det så vanskeleg for FN-landa å bli samde om ein klimaavtale?
  • Kva er konsekvensane av raske klimaendringar?
  • Korleis kan ein fordele ansvaret for klima-problemet mest mogleg rettferdig mellom dei ulike landa?
  • Korleis kan utsleppa reduserast mest effektivt?

Spørsmåla over er mellom dei som blir diskutert i arbeidet med ein ny internasjonal klimaavtale, som skal vere ferdig innan 2015.

Kva skjer med klimaet?

Klimaet har alltid vore i endring. Men dei siste hundre åra har vi sett ei så rask oppvarming av jordkloden at den ikkje kan forklarast med naturlege årsaker aleine. Forskarane er samde om at denne oppvarminga skuldast menneskelege utslepp av klimagassar frå forbrenning av fossile energiressursar som olje, kol og gass, samt avskoging og anna menneskeleg aktivitet. Dette forsterkar den  Drivhuseffekt og gjer at meir av varmen frå sola blir verande igjen på jorda.

Sidan vi menneske tok til å brenne olje, kol og gass i stor skala, har gjennomsnittstemperaturen på jorda auka med 0,74 grader (frå midt på 1800-talet). Dersom utsleppa av klimagassar held fram, vil temperaturen fortsette å stige. Resultatet kan bli at klimaet endrar seg raskare og kraftigare enn natur og menneske kan tilpasse seg. Forskarane i FNs klimapanel reknar med at temperaturen kan stige med så mykje som seks grader dei neste hundre åra dersom klimagassutsleppa held fram som i dag.

HHD13_8Indeks

Verst konsekvensar for dei fattige

Nokre få grader varmare vêr kan kanskje høyrast behageleg ut – iallfall i Norge. Men sjølv ei lita endring i gjennomsnittstemperaturen på jorda kan få store konsekvensar:

  • Stigande havnivå kan legge leveområda til fleire millionar menneske under vatn
  • Høgare temperatur vil gi meir ekstremvêr og kraftigare stormar
  • Artar og naturtypar kan døy ut fordi dei ikkje klarer å tilpasse seg raske endringar i temperatur og nedbør
  • Dette kan også skape problem for dei planteartane vi bruker til å produsere mat og dermed gå ut over matproduksjonen i verda
  • Klimaendringane kan også øydelegge tilgangen til ferskvatn og gi auka spreiing av sjukdommar som malaria.

Klimaendringane vil ha svært ulike konsekvensar i ulike deler av verda. I Norge vil vi merke klimaendringane mellom anna i form av meir regn og flaum. Nordområda vil også vere spesielt utsett for endringar etter kvart som isen i Polhavet smeltar. Men Norge og andre rike land i Europa og Nord-Amerika vil truleg klare å tilpasse seg desse endringane. Konsekvensane vil bli langt verre i fattigare land, som ikkje har dei same ressursane til å tilpasse seg. Afrikanske og asiatiske land vil bli spesielt hardt råka, og dei fattigaste folkegruppene i desse landa vil truleg få dei aller største problema.

Korleis kan vi unngå farlege klimaendringar?

Den klimaforureininga som allereie finst i atmosfæren gjer at temperaturen på jorda vil halde fram med å stige i lang tid – sjølv om vi skulle klare å stanse alle utsleppa i dag. Men nøyaktig kor mykje temperaturen vil stige, er avhengig av kor mykje klimagassar vi slepp ut i tida framover. Mange forskarar meiner at det er først med ei temperaturstigning på over to grader at klimaendringane verkeleg vil få dramatiske konsekvensar. På klimatoppmøtet i Mexico i 2010 vedtok derfor medlemslanda i FN eit mål om å unngå at temperaturen stig meir enn to gradar. Dette er det såkalla «togradersmålet».

Ifølgje FNs klimapanel må verdas utslepp av klimagassar innan 2050 reduserast med mellom 50 og 85 prosent frå det nivået utsleppa var på i 2000, dersom det skal vere mogleg å nå målet om maksimalt to grader. Ein så kraftig reduksjon i utsleppa vil kreve svært omfattande tiltak. I dag kjem om lag 80 prosent av energien vi bruker frå dei fossile brennstoffa olje, kol og gass. Samtidig aukar energiforbruket kraftig, særleg i utviklingsland som bygger ut industri og opplever stor økonomisk vekst. Dei viktigaste tiltaka for å redusere klimagassutsleppa er derfor å redusere energiforbruket og erstatte fossile energikjelder med fornybar energi frå til dømes vatn, vind og sol.

HHD13_8Petroavhengighet

Mest frå ikkje-fornybare kjelder

Kjelder: iea.org og Klart forklart /Cicero.uio.no

Ei så kraftig omlegging av energisystemet som togradersmålet krev, vil få konsekvensar på nær sagt alle område i samfunnet: Transport, matproduksjon, oppvarming av bygningar og industriproduksjon må leggast om. Dette i seg sjølv gjer det svært vanskeleg å gjennomføre dei politiske og økonomiske endringane som trengst for å redusere klimagassutsleppa. Ekstra vanskeleg blir det av at det ikkje er nokon direkte samanheng mellom

  • kven som slepp ut klimagassar og
  • kven som blir råka av klimaendringane.

Ingen land kan løyse problemet aleine. Det gjer at internasjonalt samarbeid blir svært viktig.

Klimaforhandlingar frå Kyoto til Cancun

Det viktigaste forsøket på internasjonalt samarbeid om klima er FN-konvensjonen om klimaendringar  (United Nations Framework Convention on Climate Change, UNFCCC) som blei vedteken i 1992. Konvensjonen inneheld felles reglar og prinsipp for korleis medlemslanda skal samarbeide om å redusere klimagassutsleppa, og kvart år blir det halde eit klimatoppmøte der landa i konvensjonen møtest for å bli einige om nye tiltak. Så langt har det vist seg å vere vanskeleg.

På det årlege klimatoppmøtet i 1997, i Kyoto (Japan), blei den såkalla Kyoto-protokollen vedteken. I denne avtalen forpliktar dei rike landa seg til å redusere sine utslepp av klimagassar med om lag fem prosent i perioden 2008−2012 – ein nokså forsiktig start på dei nødvendige reduksjonane på 50−85 prosent som FNs klimapanel snakkar om. Effekten av Kyoto-protokollen blei dessutan redusert fordi USA trekte seg frå avtalen allereie før den tok til å gjelde. Derfor blei det sett på som svært viktig å forhandle fram ein ny avtale som kunne sikre større utsleppsreduksjonar i perioden etter 2012.

HHD13_8Polisen

Polisen smeltar

Kjelde: cicero.uio.no

Forhandlingane om ein ny og meir omfattande klimaavtale skulle etter planen fullførast på klimatoppmøtet i København i 2009. Men trass i at over hundre statsleiarar deltok på møtet, blei det ikkje semje om ein avtale. I staden har dei påfølgande toppmøta i Cancun (2010), Durban (2011) og Doha (2012) gjort ei rad vedtak som i praksis utgjer regelverket for internasjonalt klimaarbeid i perioden frå 2012 og fram til 2020.

I vedtaket som blei gjort i Cancun i 2010, blei togradersmålet for første gong eit offisielt mål for det internasjonale klimaarbeidet. Det blei også vedteke mål for kor mykje dei enkelte landa skal redusere sine utslepp fram til 2020. Alle dei rike landa og alle dei største utviklingslanda har slike mål. Om ein legg saman utsleppsreduksjonane dei har sagt at dei vil gjennomføre, er det likevel langt igjen til dei reduksjonane som trengst om verda skal klare å nå togradersmålet.

Kven har ansvaret?

Ein viktig grunn til at landa i FN ikkje har klart å forhandle fram ein avtale som reduserer klimagassutsleppa tilstrekkeleg til å nå togradersmålet, er at det er svært ulike syn på korleis ansvaret for utsleppsreduksjonane skal fordelast.

FN-konvensjonen om klimaendringar bygger på prinsippet om «felles, men differensiert ansvar»: Sjølv om alle land må samarbeide om å stoppe klimaendringane, har nokre land større ansvar enn andre for å gjere noko med problemet. Det er ingen tvil om at dei rike landa – Europa, Nord-Amerika, Japan og Australia – har hovudansvaret for dei  Klimagassar som har samla seg opp i atmosfæren gjennom dei siste to hundre åra. Dei har også langt større økonomiske og teknologiske ressursar til å gjere noko med problemet. Derfor meiner utviklingslanda at det berre er rike land som skal forplikte seg til å kutte sine utslepp, slik dei gjorde i Kyoto-protokollen.

HHD13_8UtsleppLandgrupper

Samla CO2_utslepp fordelt på land

Der Spiegel nr 48 og Europakommisjonen

Dei rike landa seier på si side at dei ikkje vil gjere meir utan at også store utviklingsland forpliktar seg. Folkerike og raskt veksande land som Kina, India og Brasil har så langt vore rekna som utviklingsland og derfor ikkje trengt å forplikte seg til utsleppskutt. Kina er i dag det landet i verda som slepp ut mest, og utsleppa deira vil venteleg halde fram med å vekse i mange år. Sjølv om dei rike landa har det historiske ansvaret for klimaproblemet, vil det ikkje vere mogleg å nå togradersmålet om det berre er desse landa som skal redusere utsleppa sine.

Til dette svarer mange utviklingsland at utsleppa frå Kina og India veks fordi landa har mange fattige innbyggarar som har krav på ein betre levestandard. Vidare held dei fram at dersom ein samanliknar landa sine utslepp per innbyggar, er det framleis rike land som USA og Australia som står for dei største utsleppa. Mykje av utsleppsveksten i til dømes Kina og Indonesia skuldast dessutan industri som produserer varer til forbrukarar i rike, vestlege land. Dei fleste utviklingslanda krev derfor at om utsleppa skal reduserast også hos dei, så må dei rike landa i det minste bidra med pengar og moderne teknologi. Men korleis rekninga for klimatiltaka skal fordelast på rettferdig vis har det så langt ikkje vore mogleg for FN-landa å bli samde om.

Korleis skal jobben gjerast?

Nøyaktig kva slags tiltak ein skal sette i verk for å redusere klimagassutsleppa, er det opp til styresmaktene i kvart enkelt land å avgjere. Dei internasjonale klimaforhandlingane legg likevel viktige føringar på kva verkemiddel som skal nyttast i klimaarbeidet og korleis innsatsen skal organiserast landa imellom.

Kyoto-protokollen frå 1997 innførte eit system der landa kan bruke såkalla «fleksible mekanismar» for å gjennomføre klimamåla sine. Ein av desse mekanismane er kvotehandel mellom land. Det vil seie at eit land som reduserer utsleppa sine meir enn det må, kan selje kvoter til land som ikkje har klart å redusere utsleppa sine nok.

Ein annan mekanisme er den «grøne utviklingsmekanismen» (Clean Development Mechanism, CDM). Ifølgje den kan eit utviklingsland som gjennomfører eit konkret prosjekt for å redusere sine klimagassutslepp, selje kvotar tilsvarande den utsleppsmengda som prosjektet sparte. Eit prosjekt kan til dømes vere å erstatte eit kolkraftverk med eit vasskraftverk (demning mm).

Systemet med fleksible mekanismar gjer at land som Norge og Australia, som i dag slepp ut meir enn dei har forplikta seg til i Kyoto-protokollen, likevel kan klare å nå utsleppsmåla sine ved å kjøpe kvotar frå andre land. Kvotehandelen mellom land som Kyoto-protokollen innførte, er dessutan brukt som modell for handel med klimakvotar mellom verksemder internt i land, til dømes i EU og i California (USA). Mange miljøorganisasjonar og nokre utviklingsland kritiserer dei fleksible mekanismane fordi dei gjer det mogleg for rike land å halde fram med sine høge utslepp. Men dei aller fleste FN-landa ønsker å vidareføre dei fleksible mekanismane i framtidige klimaavtaler.

HHD13_8UtslettInnbyggar

CO2-utslepp per innbyggar

I tillegg til kvotehandel er det innført andre tiltak for at rike land skal kunne bidra til utsleppsreduksjonar i fattigare land. Eit system der rike land kan betale utviklingsland for å ta vare på skogen sin er i ferd med å bli utvikla under namnet REDD+. Norge er førebels det landet som har investert mest pengar i dette arbeidet. Klimatoppmøtet i Durban oppretta dessutan eit internasjonalt fond (Green Climate Fund, GCF) som skal hjelpe utviklingsland med å redusere sine utslepp og å tilpasse seg klimaendringane.

Vedtaket frå klimatoppmøtet i Cancun lover at rike land innan 2020 skal bidra med til saman 100 milliardar dollar i året til slike tiltak. Kvar pengane skal komme frå er førebels uklart. Utviklingslanda meiner rike land skal bidra med pengar direkte frå sine statsbudsjett, medan industrilanda helst ser at privat næringsliv står for hovuddelen av pengesummen gjennom investeringar og kvotehandel.

Nytt forsøk på internasjonal avtale

I staden for ein heilskapleg avtale om reduserte klimagassutslepp, slik mange ønskte seg i forkant av klimatoppmøtet i København i 2009, har regelverket for internasjonalt klimasamarbeid blitt eit lappverk av vedtak. På toppmøtet i Doha i 2012 aksepterte EU-landa, Norge og nokre få andre rike land at deira utsleppsmål skal bli ein del av Kyoto-protokollen. Slik blei dei juridisk forplikta til å gjennomføre måla dei har sett seg. Med det blei Kyoto-protokollen forlenga fram til 2020 for desse landa. Andre land, som USA, Russland, Kina og Brasil, har også vedteke mål for utsleppsreduksjonar, men desse er ikkje like bindande som måla i Kyoto-protokollen.

Håpet er likevel ikkje ute for at FN-landa skal bli samde om ein meir omfattande, juridisk bindande avtale: I Durban i 2011 blei det vedteke å starte ein ny runde med forhandlingar, der målet er å komme fram til ein avtale som skal gjelde frå 2020 og framover. Denne avtalen skal etter planen gjerast ferdig på klimatoppmøtet i 2015.

HHD13_8Energiberarar

Energiberarar. Regjeringas perspektivmelding

Kjelde: regjeringen.no

Sjølv om arbeidet for ein internasjonal avtale om utsleppsreduksjonar held fram, har forhandlingane dei siste åra vist at det vil vere svært vanskeleg å få alle land til å bli samde om ei global fordeling av klimainnsatsen. Å vente på ein internasjonal avtale før ein tek til å redusere utsleppa i stor skala i kvart enkelt land, kan derfor vise seg å bli ein farleg strategi. Om vi skal oppnå kraftige utsleppsreduksjonar på kort tid, slik FNs klimapanel seier vi treng for å nå togradersmålet, må truleg fleire land auke innsatsen på eiga hand utan å vente på eit ferdig internasjonalt regelverk.

Arbeidsoppgaver

Oppgaver

  1. Kva meiner ein med fossile brensle?
  2. Kva meiner ein med fornybar energi?
  3. Kva meiner ein med togradersmålet?
  4. Kva vil det seie at kampen mot klimaendringane byggjer på prinsippet om «felles, men differensiert ansvar»?
  5. Kor stor del av det samla energforbruket i verda kjem frå fossile brennstoff?
  6. Gjør greie for moglege konsekvensar av klimaendringane - både i naturen og for gupper av land og ulike sosialgrupper.
  7. Kor mykje har den globale gjennomsnittstemperaturen stige med sidan ca 1850?
  8. Kor mykje seier FNs klimapanel at verdas utslepp av klimagassar må reduserast med frå 2000 til 2050?
  9. Kva er dei viktigast tiltaka for å redusere   
  10. utsleppa av klimagassar?
  11. Kor mykje vaks dei globale CO2 -utsleppa med frå 1990 til 2011? Kor kom det aller meste av veksten i denne perioden?
  12. Gjer greie for ulike tiltak for å redusere utsleppa av klimagassar?
  13. Kor mange gonger høgare er CO2 -utsleppa per innbyggar i USA i Tanzania?
  14. Diskuter påstanden «Rike land må overføre teknologi og pengar til u-landa så dei kan kjøpe seg moderne og mindre forureinande teknologi».
  15. Diskuter «For å nå togradersmålet må fleire land auke klimainnsatsen på eiga hand utan å vente på eit ferdig internasjonalt avtaleverk».
  16. Diskuter påstanden «Det er bra at rike land betaler u-land for å ta vare på skogen sin».
  17. Diskuter kva de synest om tempoet i overgangen frå bruk av fossilt brennstoff til fornybart, jf. figuren over.
  18. Rollespel. Arbeid først i smågrupper på to-tre. Halvdelen av gruppene skriv opp u-lands-argumenta i dei globale klimaforhandlingane. Den andre skriv ned i-landsargumenta. Gå så saman i ei u-landsgruppe og ei i-landsgruppe. Der skal de diskutere  moment som
  • historisk ansvar for klimaproblema
  • alle er i same båt
  • felles, men differensiert ansvar
  • kven blir mest påverka
  • klimatiltak
  • kvotehandel
  • kven skal betale
  • land som produserer olje og gass vs andre land
  • andre moment de ser som viktige?

Lenkeforslag til denne artikkelen

Relaterte kompetansemål

Temaer

  • Økonomisk vekst
  • Klima
  • Energi

Personer

Bård Lahn
Seniorrådgiver i Regnskogsfondet og tidligere gjesteforsker ved NUPI.