Hopp til innhold

Palestinere i matkø i Rafah på Gazastripen. Nå peker pilene mot hungersnød. 

Foto: Hatem Ali/AP Photo/NTB

Kan Israel bli dømt for å svelte eit heilt folk?

Det skal Den internasjonale domstolen i Haag ta stilling til. 
  • Kva skjer på Gazastripa?
  • Kan det bli hungersnaud?
  • Kva er folkemord?
  • Og kva kan gjerast?

I oktober 2023 gjennomførte den politiske bevegelsen og terrororganisasjonen Hamas eit grufullt angrep på israelsk jord, der dei drap rundt 1200 menneske og tok over 250 gislar.

Israel svarte med bombing, bakkeangrep og beleiring, noko som har skapt ein katastrofal matvaresituasjon. 

Fire månader seinare svelt så og sei alle menneske på Gazastripa.

I kjølvatnet av krigføringa på Gazastripa har Sør-Afrika skulda Israel for brot på folkemordskonvensjonen. 

Den internasjonale domstolen i Haag slo i sine mellombelse forføyningar fast at det skal opnast ei sak og påla samstundes Israel å treffe alle naudsynte tiltak for å forhindre folkemord. Israel har motsatt seg skuldingane i kraftige ordelag.

Høyr podkast-episoden som tilhøyrer artikkelen her: 

Pilene pekar mot hungersnaud

Vanlege folk sine livsvilkår står sentralt i rettsoppgjeret. Det svekkar saka til Israel at FN og bistandsorganisasjonar allereie før jul fargela karta over Gaza raudt. Sjeføkonomen i Verdas matvareprogram, Arif Husain, uttala rett før jul at han gjennom to tiår med naudhjelpsarbeid «aldri har sett noko så ille skje så fort».

Forfattaren av denne artikla forsvarte nyleg doktorgradsavhandlinga si om statistikk på svolt, og kan heller ikkje hugse ei så ille hending.

Prognosene syner at nesten alle familiar må hoppe over måltid kvar dag. Mange vaksne går svaltne slik at borna får i seg mat. Fire av fem hushaldningar i Nord-Gaza går heile dagar og netter utan å ete, og mange har kverna dyrefôr for å få noko som liknar mjøl.

Dei knappe matvarene som kjem inn, strekker slett ikkje til, og kjem stort sett berre fram til den delen av Gaza som ligg nær grensa til Egypt. 

På den lille kyststripa hindrar kampar og beleiring dei fleste i å få tilgang til mat, vatn og helsetenester. Restriksjonar gjer det dessutan umogleg å importere mat. Produksjonen av mat ligg samstundes nede for telling på grunn av øydelegging av jordbruksland og bakeri. Når matlagra er tomme peikar difor pilene mot hungersnaud.

Ikkje vatn og ikkje mat

Den humanitære situasjonen er ikkje betre på andre område. Nesten ni av ti palestinarar er drivne på flukt, i det som allereie frå før var eitt av verdas mest tettbudde område, og der menneska no bur enda trangare. Helsesystemet har kollapsa fullstendig og infeksjonssjukdommar sprer seg fort. Over to av tre born på gazastripa har diaré. Det er 23 gongar fleire enn før krigen vart utløyst.

Samstundes har infrastrukturen for vatn og sanitet blitt bomba i sund. Det eksisterer om lag éin dusj per 4500 menneske og eitt toalett per 220 menneske.

Få har tilgang til reint vatn. Det er vanskeleg å få tak i vatn på flasker som allereie i starten av konflikten blei for dyrt for vanlege familiar. Ifølgje FN hadde folk på Gaza i snitt tre liter vatn tilgjengeleg per dagi november. For å setje dette i perspektiv, tilrår Verdas helseorganisasjon i krisesituasjonar mellom 7,5 og 20 liter vatn kvar dag for å dekke grunnleggjande helsebehov.

Høglydte varsko har ikkje ført fram. Utfallet er føreseieleg: Direktøren for Verdas helseorganisasjon utropte for kort tid sidan at menneska i Gaza utgjer “eit folk som no svelt i hel”.

Så langt er det stadfesta at i underkant av 30 000 palestinarar har mista livet i krigen, i hovudsak som følgje av krigspåført fysisk skade. Dødsfall som følgje av svolt, sjukdom og dårleg sanitet kan ta livet av endå fleire. For å understreke kor alvorleg situasjonen er, har FN-generalsekretær António Guterres oppsummert tala i ein global målestokk: 700 000 menneske i verda vert rekna som katastrofalt svoltne. 577 000 av desse bur på Gaza, eit landområde på størrelse med Oslo kommune. FN legg vekt på at estimata er lågt rekna. Gravide, born og eldre er særleg sårbare.

Å gjere slutt på hungersnaud er dessverre litt som å stogge eit tog i høg fart. Sjølv om det blir umiddelbar våpenkvile vil difor liv gå tapt. Det mest systematiske forsøket på å spå den humanitære utviklinga estimerer at rundt 10 000 fleire menneske uansett vil miste livet på grunn av ein kombinasjon av svolt, elendige sanitære forhold, skadar og sjukdom. Mange fleire står i fare. Forskar Alex de Waal har framskrive at Gaza truleg vil oppleve ein større hungersnød, med 100 000 eller fleire dødsfall, om kampane held fram som før. Han meiner at vi må tilbake til andre verdskrig for å finne ein like brutal beleiringskrig. 

Er det folkemord?

Folkemordskonvensjonen definerer folkemord som handlingar som er begått med hensikt om å øydelegge ei gruppe ved å medvite la ho utsetjast for umoglege levevilkår.

Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch har skulda Israel for å medvitent svelte ut ikkje berre terrororganisasjonen Hamas, men heile den sivile folkesetnaden. Det same gjer FN sin spesialrapportør for retten til mat.

Fleire israelske ministrar har teke til orde for slike krigsbrotsverk. 

I oktober uttalte til dømes Israel sin tryggingsminister at det einaste som skal sleppast inn i Gaza er "hundrevis av tonn med eksplosiv frå flyvåpenet, og ikkje eit gram med humanitær hjelp før Hamas slepp fri gislane". Få dagar etter terroråtaket til Hamas sa forsvarsministar Yoav Gallant at han hadde “beordra fullstendig beleiring av Gazastripa, det blir ingen elektrisitet, mat, eller drivstoff” óg at han hadde “fjerna alle avgrensingar” for militær maktbruk. 

Ministrane for høvesvis forsvar, jordbruk, finans og energi har kome med liknande utsegner. Israel argumenterer i rettssaka for at Sør-Afrika tek nokre av desse sitata ut av sin rettmessige kontekst.

Vidare argumenterer Israel for at landet har rett til å forsvare seg sjølv mot åtak. Israel har også skulda Hamas for å nytte sivile som menneskelege skjold, hevda at det israelske militæret freistar å minimere skader ved krigføringa, samt at Israel sjølv har eit robust rettssystem som sjølv kan handsame eventuelle brot mot krigen sine lover. 

Landet hevdar i tillegg at Sør-Afrika ikkje endå har freista å løyse saka ved å setje i gong dialog mellom dei to landa, slik at saka ikkje eigentleg kan reknast som ein disputt som fell under råderetten til Den internasjonale domstolen. I sitt forsvar har Israel også lagt vekt på at arven etter masseutrryddingane under Holocaust gjer det israelske samfunnet særleg var på å stogge folkemord.

Sør-Afrika freistar derimot å bevise at Israel har ein intensjon om å øydelegge ei gruppe menneske. Det er blant anna utsegnene fra høgståande politikarar som har sett Israel i ein posisjon der dei kan skuldast for folkemord. Eit aspekt er også ei skulding om at Israel ikkje forfølger oppmoding til folkemord frå politikarar og embedsmenn strafferettsleg, noko som også er i strid med konvensjonen.

Andre krigsbrotsverk

Om krigen held fram som før etter eintydige åtvaringar om at vi står på terskelen til hungersnaud, vil dei juridiske argumenta for å vurdere dette som eit folkemord vege stadig tyngre. Nokre kunnige kommentatorar meiner likevel at det er usannsynleg at domstolen vil slå fast folkemord, fordi terskelen er så høg.

Det er verd å understreke at andre typar brotsverk kan vere ekstremt alvorlege, sjølv om dei juridisk ikkje kvalifiserer til folkemord. Den internasjonale domstolen i Haag sine Roma-vedtekter definerer til dømes metodar for krigføring som frårøvar sivile ting dei behøver for å leve, som eit krigsbrotsverk. Slike ting er ikkje berre mat, men også vatn, medisin og husly. 

Det er heller ikkje eit krav om at folk skal døy for at utsvelting skal vere eit krigsbrotsverk. Det held at dei har blitt medvitent frårøva slike grunnleggjande behov. 

Juristen David Marcus deler stifting av hungersnaud inn i brotsverk første og andre grad: 

  • I eit førstegrad brotsverk svelt ein aktør medvitent ut ei gruppe med menneske. 
  • I andregrad ignorerer ein aktør at politikken som hen fører svelter ut eit betydeleg tal med menneske. 

Utsegnene frå israelske politikarar let til å indikere eit brotsverk av første grad. At Israel sin militære kampanje har haldt fram utan endring i metodar etter eintydige åtvaringar om hungersnød, er eit andre grads svoltsbrotsverk. Marcus argumenterer for at båe typar også bør telje som brotsverk mot menneskeslekta, og dimed internasjonal lov. 

Kva bør gjerast?

Rettsoppgjer tek tid. På kort sikt bør ei humanitær våpenkvile vere førsteprioritet. Dersom framlegg om våpenkvile held fram med å bli sabla ned, må vi likevel sørge for at tilstrekkeleg naudhjelp kjem fram gjennom humanitære korridorar og at det blir slutt på øydelegging av livsviktig infrastruktur. Dette er mogleg: Den israelske hæren har under tidlegare konfliktar lagt til rette for humanitær hjelp i samarbeid med FN, til dømes i under bakkeinvasjonen av det sørlege Libanon i 2006. 

Situasjonen føyer seg inn eit dramatisk oppsving i bruk av hungersnaud som våpen det siste tiåret – særleg i konfliktar i Jemen, Etiopia og Syria. Å reise rettssakar mot land og personar som svelt ut heile folkemengder, er avgjerande for å få slutt på denne utviklinga. 

Det er eitt av få verktøy vi har for å gjere slutt på bruk av svolt som våpen mot heile folkemengder i krig.

 

Arbeidsoppgaver

Spørsmål til artikkelen

1. Forklar omgrepa hungesnød, folkemord og krigsforbytelser.

2. Beskriv korleis og kvifor situasjonen på Gazastripa har utvikla seg til ei mogleg hungersnød.

3. Vurder argumenta til dei ulike partane i konflikten. Korleis forsvarer Israel handlingane sine, og kva er skuldingane frå motparten?

4. Kva skjedde 7. oktober 2023?

5. Kva seier internasjonal lov om å bruke svolt som våpen i krig?

6. Diskuter rolla til internasjonale organisasjonar som FN og Den internasjonale domstolen i Haag. Korleis kan dei handtere slike situasjonar?

7. Gjer research og presenter tilfelle frå historia der svolt har vorte brukt som eit våpen.

8. Korleis vil du forklare konflikten mellom Israel og palestinarane?

9. Lag ei tidslinje som viser dei viktigaste hendingane som har leidd opp til krigen på Gazastripa.

10. Skriv eit forslag om korleis verdssamfunnet kan handtere den veksande svoltkatastrofen på Gazastripa.

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Humanitære spørsmål
  • Konflikt
  • Menneskerettigheter
  • Internasjonale organisasjoner
  • FN

Fakta

Fakta om Den internasjonale domstolen i Haag

Den internasjonale domstolen (ICJ) vart oppretta i 1945 for å løyse rettslege tvistar mellom statar. Domstolen er i Haag i Nederland og ICJ dømmer berre i saker mellom statar. Det betyr at enkeltpersonar, foreiningar eller bedrifter ikkje kan stillast for retten i ICJ. Det same gjeld ikkje-statlege aktørar som til dømes terrorgrupper eller opprørsrørsler.

Regelverket til ICJ er ein del av FN-pakta.

Kelde: FN-sambandet

 

Relaterte kompetansemål

Politikk og menneskerettigheter (programfag)

Samfunnskunnskap (fellesfag)

Samfunnsgeografi (programfag)