Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Konsortiumseminar:Terrorisme utan terroristar – den første terrorismebølgja i Sverige

Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet har gleda av å invitere til seminar med Professor Mats Fridlund frå Aalto Universitetet i Finland.
17 mars 2016
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk

Den første bølgja av terrorisme i Sverige såg to dødelege terrorangrep, i 1908 og 1909. Desse utgjer likevel berre ein liten, men dødeleg del av den første bølgja. Den første terrorismebølgja i Sverige varte mykje lenger enn i to år, og med fleire hendingar enn drapet på to menneske. Dette notatet viser korleis denne nasjonale bølgja av terrorisme også er internasjonal, det blir vist gjennom straumane av utanlandske nyheitsrapportar, av påverknader frå intellektuelle, gjennom kosmopolitiske enkeltpersonar og gjennom import av kommersiell teknologi som revolverar, pistolar, dynamittpinnar og anilint fargestoff. Denne terrorismehistoria er ikkje unik for Sverige og den første terrorismebølgja. Den er like aktuell for mange andre land, og for seinare bølgjar av terrorisme. Hovudbodskapen i artikkelen er derfor, at om forskarar på terrorisme betre skal forstå kor viktig terrorisme har vore historiske sett, i tillegg til dagens situasjon, så må dei auke kunnskapen sin om kva terrorisme er og korleis terrorisme verkar, dei må studere ulike typar av terrorisme som finst, effektar og rammer for påverknad sjølv utan terroristar.
Professor Mats Fridlund har det første finske professoratet i industrialiseringshistorie ved Aalto Universitetet i Helsingfors. Hans forsking fokuserer på rolla til vitskapsteknologien i utviklinga av moderne terrorisme og prosjektet hans "Spreading Terror: Technology and Materiality in the Transnational Emergence of Terrorism", er finansiert av Det svenske forskingsrådet, under forskingsprogrammet "Globaliseringen av samfunn". Han har hatt fakultets- og forskarstillingar ved leiande internasjonale universitet og forskingssenter, som Senter for Advanced Security Theory (CAST), Universitetet i København, Northwestern University, Imperial College London, Massachusetts Institute of Technology, University of Manchester og Universitetet i Gøteborg.

Hovedtalere

Mats Fridlund
Professor, History of industrialization, Aalto University, Finland
17 mars 2016
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk