NUPIs historie
NUPIs første direktør var historikaren John Christian Munthe Sanness. Han kom frå stillinga som utanriksredaktør i Arbeiderbladet og hadde grada dr.philos i historie. Sanness utvikla sine journalistiske evner allereie under krigen i London, der han blei oppdratt av den legendariske Anthony J. Martin i BBC Norwegian Service. Etter Sanness har NUPI hatt ei rekkje profilerte direktørar, blant dei Johan Jørgen Holst, Sverre Lodgaard, Jan Egeland og Ulf Sverdrup. Sidan 2023 har NUPI blitt leidd av Kari Osland.
Startløyvinga frå Stortinget var på 100 000 kroner og innebar at NUPI starta med to tilsette, utan lokale. Over tid auka talet på medarbeidarar og det blei danna forskingsgrupper. Levering av kronikkar om internasjonale spørsmål til avisene i landet var i mange år ei viktig oppgåve og gav dessutan inntekter til instituttet. Sjølve forskinga hadde tronge kår lenge, men på sikt blei tryggingspolitikk og utviklingsforsking viktige pilarar i NUPIs forskingsaktivitet. Aust-europaforsking med vekt på økonomi blei også tidleg viktig og var ein forgjengar for Instituttets Senter for Russlandsstudier som på få år blei det største forskingsmiljøet i Noreg på feltet. Også internasjonal økonomi blei etter kvart eit viktig felt i forskinga på NUPI.
Gjennom NUPIs over 60 år lange historie har forskingsaktiviteten dekt eit breitt felt, samtidig som han har vore tilpassa kva det norske og internasjonale samfunnet har etterspurt. NUPI har også vore eit senter i Noreg for informasjon om utanrikspolitiske spørsmål gjennom seminar, konferansar og publikasjonar. Fleire av NUPIs tilsette har blitt nytta i ei rekkje offentlege oppgåver. Nokon har også tenestegjort i ulike regjeringar. Instituttet har også utdanna mange norske og utanlandske studentar gjennom master- og phd-programmer.