I dag blir EU og Europa utfordra av ulike former for endringar eller kriser – eit globalt maktskifte, økonomiske kriser, tryggingspolitiske kriser i naboregionane og no også ei flyktningkrise.

Som ein del av EUNOR-prosjektet utforskar vi korleis små statar balanserer mellom sjølvstende og integrasjon i den nye europeiske og globale situasjonen. Hovudtyngda er på Noreg – og korleis landet, som ein liten stat, svarer på og tilpassar og tileignar seg dei pågåande endringane. Noregs forhold til EU er på fleire område ikkje ulikt forholdet medlemsstatane har til unionen, men frå ein formell ståstad har Noreg mindre innverknad og fleire «exit-moglegheiter». Dette gjer at det er viktig å utforske handlingsrommet på visse policy-områder som er av strategisk og økonomiskbetydning.

I dette prosjektet undersøkjer vi i kva grad små statars endra rolle også påverkar handlingsrommet deira i forhold til ulike utviklingstrekk i EU. Vår generelle oppfatning er at balansen mellom sjølvstende og integrasjon vil variere over tid, policy-felt, problem-område og institusjonelle forholdr, og at det derfor føreset ein komparativ og sektorbasert tilnærming. På denne konferansen vil vi presentere nokre av dei første forskingsresultata frå dei ulike arbeidspakkane som omhandlar EØS, energi, tryggleik og handel.

EU/EØS-minister Vidar Helgesen presenterer synspunkta sine på Europas utvikling og utfordringar. Vi presenterer også ferske resultat frå forskingsprosjektet vårt om EU og Noreg.

Konferansen er organisert som del av forskingsprosjektet EUNOR og er del av NUPIs europaseminarserie "Norge møter Europa".