Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Russlandskonferansen 2015: Today's Russia, and where to next?

Årets jubileumsutgåve av Russlandskonferansen søkjer å løfte fram utviklinga både i Russland og i norsk russlandsforsking gjennom desse to tiåra og å gjere opp status: Kvar står russisk politikk i dag? Kva trendar ser vi avteikne seg? Kvar går utviklinga vidare?
19 november 2015
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Wergelandssalen, Litteraturhuset
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Russland og Eurasia
  • Arktis
  • Engelsk

I år er det 20 år sidan NUPIs Russlandsavdeling blei etablert, og like lenge sidan vi organiserte vår første, årlege Russlandkonferanse. Årets jubileumsutgåve, som vi arrangerer i samarbeid med NORRUSS-programmet, Noregs forskingsråds program for samfunnsforsking på Russland og nordområda/Arktis, søkjer å løfte fram utviklinga både i Russland og i norsk russlandsforsking gjennom desse to tiåra og å gjere opp status: Kvar står russisk politikk i dag? Kva trendar ser vi avteikne seg? Kvar går utviklinga vidare?

Konferansen vil ta for seg tre breie temabolkar: Russland og internasjonal politikk, russisk innanrikspolitikk og forholdet mellom Noreg og Russland i nordområda.

Statssekretær Tore Hattrem og Clifford Gaddy frå Brookings Institution vil halde keynote-taler. Dei tre andre panela er sett saman av framståande ekspertar på russisk politikk frå Russland, Noreg, Storbritannia og USA.

Arrangementet er ope for alle (men med krav om påmelding) og går føre seg på engelsk. Program vil bli oppdatert med titlar nærare konferansen.

Viktig melding: Vi opplever frå tid til anna feilmeldingar ved påmelding til arrangement, og har tekniske problem med utsending av stadfestingse-postar. Av erfaring går alle påmeldingar gjennom, men om du er i tvil, send ein e-post med kontaktinfo og informasjon om feilmelding til seminar@nupi.no, slik at vi kan dobbelsjekke påmeldinga di.

Sjå årets konferanse her:

Program 9 - 16:

NB: Konferansen startar presis klokka 09.00. Vi ber derfor alle om å finne plassane sine innan 08.50. Registreringa opnar 08.15.

Vekommen

Ulf Sverdrup, NUPI

Hovudtalarar

Tore Hattren, statssekretær, Utanriksdepartementet

Clifford Gaddy, Brookings Institution

Panel 1: Russland og verda (10.00 - 11.30)
Ordstyrar: Julie Wilhelmsen, NUPI

Lilia Shevtsova, Chatham House og Brookings Institution, Russia's doctrine of the hybrid world ordar: to be with the West and to be against the West

Roy Allison, Oxfords universitet, Russia's new interventions: Ukraine, Syria and global ordar

Iver B. Neumann, LSE og NUPI, Russia and the idea of Europe

Natasha Kuhrt, King's College London, The threat that dare nót speak its name: Russia's  China policy

Panel 2: Russisk innanrikspolitikk (12.15 - 13.45)
Ordstyrar: Pål Kolstø, Universitetet i Oslo

Natalia Zubarevich, Statsuniversitetet i Moskva, Russia's regions: crisis, trends and prospects

Helge Blakkisrud, NUPI, Blurring the boundary: the Kremlin's new approach to national identity

Regina Smyth, Indiana University, The unexpected strength of weak oppositions

Geir Flikke, Universitetet i Oslo, Resurgent authoritarianism: power and societal resistance in Putin's third period

Panel 3: Russland og Noreg (14.00 - 15.30)
Møteleiar: Alyson Bailes, Universitetet på Island

Arild Moe, Fridtjof Nansens institutt, Russia's economic aspirations in the Arctic – implications for Norway

Aileen Espiritu, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Between a rock and a hard place: Russian-Norwegian relations in the High North

Tormod Heier, Forsvarets høgskole, Security challenges in the High North

Kristian Åtland, Forsvarets forskingsinstitutt, Norwegian-Russian security relations after the conflict in Ukraine: continuity or change?

Avslutning

 Rainer-Elk Anders, Staffordshire University/NORRUSS programstyre

Oversikt over bidragsytarar ved årets konferanse:

Hovedtalere

Clifford G. Gaddy
Seniorforsker, Utenrikspolitikk, Center on the United States and Europe ved Brookings Institution
Tore Hattrem
Statssekretær i Utenriksdepartementet
19 november 2015
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Wergelandssalen, Litteraturhuset
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Russland og Eurasia
  • Arktis
  • Engelsk