I 2015 publiserte Dr Nauro Campos og to medforfattarar rapporten “Norwegian Rhapsody? The Political Economy Benefits of European Integration”, som konkluderte med at Noreg ville ha vore i ein langt betre situasjon med fullt EU-medlemskap. På seminaret vil Dr Campos presentere resulatene frå rapporten og han vil også gi oss eit breiare perspektiv på post-Brexit Storbritannia.

Dr Campos har vore professor i økonomi og finans ved Brunel University sidan 2005. Han er også ein forskingsprofessor ved ETH (Zürich) og stipendiat ved IZA (Bonn). Frå 2009 til 2014 blei han utlånt til Office of Chief Economist av Storbritannias Department for International Development som Senior Economics Advisor.