I EU går det for tida føre seg arbeid med ein ny global strategi for utanriks- og tryggingspolitikk. Ein viktig dimensjon i denne stragegien omhandlar energi- og energitryggleik.

Med omsyn til energi og energitryggleik i Baltikum-regionen, førte EU-utvidinga i 2004 til politiske og institusjonelle/regulatriske endringar. I tillegg har den væpna konflikten i Ukraina sett energi- og tryggingsspørsmål øvst på den europeisk-politiske dagsorden.

Korleis kan energipolitikken og ei regional fordeling av energiressursane bidra til å endre nivået på energitryggleik regionalt og i enkeltland? Korleis løyser aktørane energitryggingsspørsmålet? Ved politiske samarbeidstiltak innan EU, Norden og Baltikum med sikte på å handtere avhengnaden i landa av energi og aukande energitryggleik? Kva påverknader vil dei nye euroepiske energiunionen ha på tryggingstiltak?